MENY

Tekststruktur

Det er viktig for resultatet at det er god og ryddig struktur i ein tekst. På denne sida finst modellar, skjema og filmar som kan vere til hjelp for å få orden i teksten.

Forteljing

I ei forteljing gir mange gonger strukturen seg sjølv, ein fortel etter kvart som ting skjer. Likevel kan det vere fint å ha ei liste over kva som kan vere med, eit skjelett som kan fyllast ut.

1. Forteljingsskjelett, er ei oversikt over kva som kan vere med i ei forteljing  PDF

Artikkel

Artikkelen har ikkje på same måte som forteljinga ein gitt struktur, han må i større grad lagast. Det kan vere krevjande. Under finst ulike hjelpemiddel, først tre typar skjema, deretter viser vi korleis ein kan strukturere ved hjelp av tankekart. Vel det som passar best til oppgåva.

2. Artikkelskjelett, er ei strukturert liste over kva som bør vere med i ein artikkel  PDF     Word

3. Artikkelskjema - eit skjema for planlegging av artikkel. PDF     Word

Artikkelskjema i bruk:

4. For-mot-skjema.

I ei drøfting skal det vere med argument både for og imot. Då kan dette skjemaet passe:  PDF      Word

Skjemaet i bruk:

5. Femavsnittstrukturved Karl Henrik Flyum - lenke til heimesida

Rydde i tankekart.

Eit ustrukturert tankekart må strukturerast før det kan brukast som grunnleg for ein ryddig tekst. Det kan gjerast for hand, men det finst også mange tankekartprogram som kan brukast. Her ryddar Karen i det ustrukturerte tankekartet sitt om framtida til bussen. Tankekart kan brukast i mange sjangrar.

Karen bruker Freemind  som er gratis og på norsk. Xmind er og gratis, men på engelsk. Nokre andre tankekartprogram med prøveversjonar er:

Mindmanager      MindOmo        Buzan          PersonalBrain   

Artikkel med fiskestruktur

En artikkel kan strukturerast som en fisk, hovudet er innleiinga, kroppen hovuddelen og halen avslutninga.

Her er eit tankekart plassert inn i kroppen til fisken, hoveddelen. I denne oppgåva passa delen ”Kva kan gjerast” i avslutninga, så derfor blei han flytta til halen på fisken. Andre gonger må vi lage ei anna avslutning. 

Skrivefisk%20nn.jpg%20%28354x216%29

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Kåseri

Kåserimal - i eit større opplegg med skriving av kåseri ut frå kåseriet Ekspeditrisefobi av Are Kalvø. Ved Lise Nordvik, Vikhammer ungdomsskole.

 

Dersom ein må rydde opp i ein allereie skriven tekst...

...så kan ein markere det som høyrer saman med same farge, og flytte argument saman. Laila Setvik Loe fra Enga skole, Meløy foreslår å skrive arbeidsoverskrifter mellombels over kvart avsnitt, og rydde ut frå det. Var ikkje det eit lurt grep?