MENY

Tekstbinding

Ein tekst som heng godt saman er lett å lese, og er det din jobb som skrivar å skape samanheng.

I-staden-ord (det og dette)
Variasjon

I-staden-ord: Det og dette
Vi har nokre ord som står i staden for eitt eller fleire andre. Han kan stå i staden for den høge og flotte guten, for eksempel. To slike i-staden-for-ord vi må passe spesielt på er det og dette, for dei kan stå i staden for ein eller fleire setningar, og då må vi passe på at den som les forstår kva det eller dette står i staden for. Her er eit eksempel på korleis det kan bli når det ikkje er klart kva det og dette viser til.

Mange ergrar seg sikkert over at bussane kan gå ganske sjeldan av og til. Alle kan vi være einige om at når dei går er det bra. Det er sikkert noko som mange blir plaga av, men eg vil peike på ungdommen. Det er dei dette går mest utover. Ikkje bare går bussane sjeldan, men dei rutene ein tar kan bli nedlagde. Dette er noko ein bør gjere noko med! Busstilbodet i dag er ikkje på topp!

Veit vi sikkert kva jenta som har skrive teksten meiner når ho skriv det og dette her? Har du slike problem: Søk på det og dette når teksten er ferdig, og ver streng med deg sjølv! Ver sikker på at lesaren kan forstå kva du har meint.


Variasjon
Ser du at teksten under ikkje er heilt bra sjølv om han heng saman?

er det dyrt å reise med buss når ein ikkje har ungdomskort. Og bussrutene går som regel ikkje akkurat dit du skal, du må byte buss fleire gonger. Og då må du gjerne vente lenge på neste buss. Og er det seint på kvelden, er det mange gonger ikkje sett opp buss på den ruta.

Det går an å bruke andre ord enn og og for å binde saman. Sjå her:

…I tillegg er det dyrt å reise med buss når ein ikkje har ungdomskort. Dessutan går bussrutene ikkje akkurat dit du skal, slik at du må byte buss fleire gonger. må du gjerne vente lenge på neste buss. Dersom det er seint på kvelden, er det mange gonger ikkje sett opp buss på den ruta.

Det finst mange måtar å ordne tekst på, og det finst mange ord som kan brukast til det. Kikk på lista under. Er det eitt av orda under du bruker svært mykje, kan du prøve å variere med eitt av dei andre orda i same rute. (Tips: Bruk søkfunksjonen i Word for å sjekke om du overforbruker eitt av bindeorda.)
 

Tekstbindarar
Tillegg Og, vidare, forresten, dessutan, for eksempel
Kontrast Men, sjølv om, endå, derimot, trass i, likevel, i staden for, tvert imot
Tid Då, når, mens, medan, innan, før, etter, så, deretter, samstundes, på den tid
Resultat, samanheng For, fordi, så, då, derfor, slik at, viss, dersom, altså, dermed, slik, på grunn av, årsaka til
Oppreknande For det første, for det andre, det viktigaste er at, med andre ord