MENY

Rettskriving ++

Når teksten er ferdigskriven, kjem revisjonen. Då er det på tide å gå gjennom teksten og sjekke detaljar som rettskriving, teiknsetjing og samanheng. Under fins nokre måtar å effektivisere revisjonen på.

Stavekontroll

Bruk stavekontrollen når større eller mindre delar av teksten er ferdig.

Ekstra god stavekontroll, spesielt for dyslektikarar, finst i programma LingDys    ,  Textpilot  ,  e-lector og  CD-ord,  og det som står om bruk av stavekontroll under, gjeld ikkje alltid for desse programma.

Sjølv om stavekontrollen stadig blir betre, finst det tilfelle som ein må halde utanom:

Samansette ord.

Nokre av dei meir uvanlege, samansette orda som skadedyrkontroll og femstjernersfeil fins ikkje i vanlege ordlister, og blir markert med feil. Mange deler då ordet og feilmarkeringa forsvinn, men det er laga ein ny feil i staden for at det er retta. Som regel gjeld det å stå på sitt når de gjeld samansette ord i norsk, for norsk har mange slike ord. Regel: Ein ting = eitt ord

Ord som høyres like ut.

Ord det finst fleire versjonar av, klarer ikkje stavekontrollen å finne ut av. For eksempel vil/vill, skal/skall, vis/viss, og/å og endingane -ane/-ande.

En lur måte å gjere noko med dette på er  å lage rettekort:

1. Lag eit kort med fem slike problemord og lag forklaringar. Dei vanlegaste formene til venstre, dei uvanlege til høgre. Laminer gjerne kortet.

2. Bruk rediger/søk og erstatt i Word, og søk etter orda du har skrive til høgre på kortet. Bruk kortet og sjekk om det du har skrive er rett.  I filmen viser vi korleis:

Rettepila på bokmål, nynorsk og engelsk

Reidun Hvattum, Gran ungdomsskole har laga rettepila til hjelp i revisjonsfasen. Elevane får rettepilene sine utdelt på 8. trinn, ein klipper og laminerer. Så i løpet av 8. og 9. trinn går ein gjennom dei forskjellige punkta, slik at alt som står på pila er gyldig i løpet av 9. trinn. Her er pilene:

Bokmålpila                 Nynorskpila (sidemål)          Engelskpila 

Til slutt

Skriv ut teksten og sjå om avsnitta er passe lange. Les også gjennom teksten på papir, ofte dukkar det opp feil som ikkje er så lette å oppdage på skjerm.