MENY

Oppgåve og samanheng

Kvifor skriv vi?

Du kan skrive ein hugselapp til deg sjølv når du skal på butikken. Du kan skrive ei tekstmelding til ein venn og gratulere med fødselsdagen, eller du kan skrive ein artikkel i avisa om ungdom og bilkjøring. Når du skriv har du altså eit formål, noko du vil seie. Du har også ein eller fleire mottakarar. På skolen er det ikkje alltid like tydeleg kven du skriv til og kva teksten skal brukast til. Då må du sjølv tenkje deg ein mottakar og eit formål. Her er to eksempel på korleis elevar løyste dette.

Ei jente begynte alle kladdar av skolestilane sine slik:

Kjære mor, nå skal eg fortelje deg om…

Det hjelpte henne å skrive passe vanskeleg og passe tydeleg, men ho tok sjølvsagt bort denne innleiinga før ho leverte inn.

Ein gut skreiv ofte for kort fordi han tenkte at han skreiv til læraren som kunne det han skreiv om. Han fekk mange kommentarar frå henne om at han måtte skrive meir utfyllande. Etter ei tid blei han einig med læraren om at han skulle tenkje på henne som litt dum, og då gjekk det mykje betre.

Noen gonger gir oppgåveformuleringa deg eit tydelig formål, for eksempel: Skriv eit lesarinnlegg i skoleavisa kor du argumenterer for innføring av varm skolelunsj. Mange gonger er ikkje formålet så tydelig, likevel finst det som regel ein grunn til at du skal skrive. Kanskje skal du bare vise at du har forstått lærestoffet.

Ver heilt sikker på at du forstår hensikta med oppgåva før du går i gang med skrivinga, fordi hensikta vil styre mange av dei vala du må gjere medan du skriv.

Dersom det er vanskeleg å finne argument for og imot ei sak, kan du prøve ein pardiskusjon slik som i filmen om bruk av bilbelte. Til filmen Å aktivere kunnskap om tema

 

Skal det skrivast tekstanalyse?

Det må først gjerast eit grundig arbeid med lesing av teksten. Her er eit opplegg for korleis ein kan arbeide med lesing av novelle og sidan skrive om henne. - I opplegget fins også ein skrivemal for novelleanalyse.

Til opplegg for novella En nesten pinlig affære - dette kan lastast ned som Word-dokument og tilpassast andre tekstar.

Til teksten Johan Harstad: En nesten pinlig affære