MENY

15.000 til film i Stavangerprosjektet

Lions gir 15.000 kroner til Lesesenteret. Pengane skal brukast til ein dokumentar om observasjonsmetodane i Stavangerprosjektet-Det lærende barnet.

I førre veke gjesta den internasjonale presidenten i Lions, Wayne Madden, Lesesenteret ved Universitetet i Stavanger. Her fekk han mellom anna høyra om Stavangerprosjektet, som undersøkjer korleis barn utviklar seg frå dei er to og eit halvt år gamle til dei er ti år.

- Kunnskap er makt
Madden er svært opptatt av lese- og skriveferdigheiter. Han viser til at i heimlandet, USA, er det eit stort problem med vaksne som korkje kan lesa eller skriva.

- Kona mi er lærar, og ho seiar at «Å kunne lesa gir deg kunnskap, og kunnskap gir deg makt». I USA går mange ut av skulen utan å kunne lesa eller skriva namnet sitt. Endå verre er det i utviklingsland. Det er ein trist situasjon, seier han.

Madden viser til at analfabetisme kostar både personane det gjeld og samfunnet dyrt.

- Personar som ikkje kan lesa eller skriva, har lågare produksjon i arbeidslivet. I New Zealand har dei rekna ut at det kostar tre milliardar dollar (rundt 17 milliardar norske kroner) i året. Det er bare for eit lite land. Tenk på kor mykje det er i for eksempel USA, seier Madden.

15.000 frå Lions-distriktet
Madden kom til Lesesenteret under eit to dagar langt Norges-besøk. Med i hans følgje var fleire representantar for den lokale Lions-klubben Rogaland og Agder. Distriktsguvernør for Rogaland og Agder, Albert Moe, overrekte ein sjekk på 15.000 kroner. Pengane er øyremarka eit filmprosjekt under .

- Det er eit interessant prosjekt. Då me fekk vita at Madden skulle komma på besøk, tenkte me på Lesesenteret med ein gong. Dei veit kor skoen trykkjer. Det er fleire gode prosjekt her, men det passa godt at me støtta filmen, seier Moe.

Dokumentar om observasjon
Førsteamanuensis Elin Reikerås og universitetslektor Trude Hoel ved Lesesenteret tok i mot sjekken. Dei er alt godt igang med planlegginga.

- Det blir ein dokumentar på mellom åtte og ti minutt. Den skal handla om observasjon i barnehagen, fortel Reikerås.
Stavangerprosjektet følgjer borns utvikling frå dei er to og eit halvt år gamle til dei er ti år. I barnehagen vert data samla inn gjennom observasjon av borna i leik og kvardagsaktivitetar. Filmen skal visa korleis denne kartlegginga går føre seg.

- Det er mye snakk om kartlegging, og me har lyst å visa korleis den kan gjerast. I Stavangerprosjektet observerer dei tilsette borna i vanleg leik. Dei gjer ikkje noko anna enn det dei elles gjer, seier Hoel.