MENY

Lærer med ”Mopp og Mikko”

Ølensjøen FUS barnehage sitt språkutviklingsprosjekt for dei minste, blir eit eksempel til etterfølging for norske barnehagar.

Lesesenteret ved Universitetet i Stavanger var denne veka i Ølensjøen FUS barnehage og filma barna i deira leik med bok-figurane ”Mopp og Mikko”. Barnehagen har deltatt i eit utviklingsprosjekt, der dei aktivt nyttar lesing som utgangspunkt for språkstimulering for dei yngste barna.

Lesesenteret håpar at prosjektet i Ølensjøen FUS barnehage blir eit eksempel til etterfølging for andre norske barnehagar, og vil nytta filmsnuttar frå Ølen til illustrasjon og eksempel på korleis ein kan få dei minste barna med i samtaler og aktivitetar rundt tematikken i bøkene dei les.

Bokfigurar
”Mopp og Mikko” er to av figurane barna i småbarnsavdelinga har blitt godt kjente med det siste halvåret, og både barnehagetilsette og foreldre har merka ei auka interesse for bøker blant dei små.

- Me har sett at dei av ungane som var stille og rolege, har blitt ivrige i samlingsstunda og prøver å delta i samtalar så godt som dei klarer, seier Vibecke Gundersen, spesialpedagogisk leiar i Ølensjøen FUS Barnehage.

Ho forklarer at ikkje alle barna har utvikle språket sitt endå, men at dei plukkar opp lydar og etterliknar dei så gode som dei kan.

Det er 16 barn frå alderen 0-3 år som har deltatt i dette prosjektet. Dei har mellom anne lært mykje om ulike dyr av ”Mopp og Mikko”, og på tysdag var dei på handel i butikken med figurane. For kva er eigentleg å handla? Kvifor må vi handla? Og kva kan ein handla?

Slike omgrep lærer barna med sine to maskotfigurar, som barnehagen sjølv har laga.

Aktiv deltaking
Vibecke Gundersen viser til at medan dei vaksne les frå boka, set dei fram traktoren og fyller hangaren med ulike dyr, slik som i boka ”Mopp og Mikko elskar dyr”. Barna følgjer engasjert med i boklesinga, og tar også eigne initiativ til å lesa og sjå i boka for seg sjølv. Enkle ord og setningar blir plukka lett opp av dei med språk, og eit av dei fyrste orda barna lærte seg var ”elskar”.

- Me har fokusert på at det ikkje skal vera stillesittande lesing med ungane, slår den pedagogiske leiaren fast.

Ho viser til at barna har i møte med dei ulike dyra imitert lydane dei lagar, kledt seg opp som dei ulike dyra, sunge songar om dei og snakke om kva til eksempell katten et og korleis ein tar vare på katten. Dette har dei gjort systematisk med alle dyra dei har lært om, og det er tydeleg at dette fengjer barna.

Språkstimulering
Trude Hoel frå Lesesenteret ved Universitetet i Stavanger forklarer kvifor det er viktig å arbeida slik med barna.

- Det handlar ikkje berre om møtet med ordet katt, men å fylla det med innhald. Me vil gjerne at ungane skal få erfaring med det dei lærer og høyrer om i bøkene, seier ho.

Hoel fortel at slike samtaler med vaksen har mykje å seia for språkutviklinga til barna. Både Vibecke Gundersen og Lesesenteret er klare på at det er ikkje språkopplæring, men språkstimulering som er i fokus gjennom dette arbeidet. Gjennom å arbeida med ”Mopp og Mikko” har barna leika og vore innom det kreative hjørna, ved å lage dyr og liknande i ulike materiale og tekstilar. Barna har med dette opplevd skaparglede og lært seg å assosiere ulike ord og namn med alt det orda inneheld og tyder.

Universitetet i Stavanger valte å dokumentera frå Ølensjøen FUS Barnehage på bakgrunn av både kompetanse, og fordi dei er ein nynorskbarnehage.

- Me vil visa fram noko som er verdt å presentera til alle i Noregs barnehagar, seier Trude Hoel, og konstaterer at det har dei funne i Ølen.

 

Tekst: Sirianne Vikestad

Teksten er henta frå avisa Grannnar nr. 26 (03.04.14)

 

Faksimile av avisoppslag fra avisa Grannar