MENY

Nasjonale senter

Lesesenteret er eitt av ti nasjonale senter på utdanningsfeltet. Her er ei oversikt over dei andre sentera.


Nasjonalt senter for skriveopplæring og skriveforskning (Skrivesenteret) arbeider for å styrke skrivekompetansen hos barn, unge og vaksne. Senteret skal ha en tverrfaglig karakter og arbeide med skriving som grunnleggjande ferdigheit i ulike fag og på ulike opplæringsnivå.


Nasjonalt senter for nynorsk i opplæringa (Nynorsksenteret) er eit ressurssenter for nynorsk i grunnopplæringa. Senteret legg vekt på å utvikle metodar og arbeidsmåtar som kan skape språkkompetanse og motivasjon.


Nasjonalt senter for naturfag i opplæringa (Naturfagsenteret) skal vere eit nasjonalt ressurssenter for barnehage, grunnskole, vidaregåande skole, vaksenopplæring og lærarutdanning. Hovudoppgåva er å styrke kompetansen i og motivasjon for naturfag hos elevar og lærarar.


Nasjonalt senter for matematikk i opplæringen (Matematikksenteret) har som hovudoppgåve å leia og koordinere utvikling av nye og betre arbeidsmåtar og læringsstrategiar i matematikkopplæringa i barnehage, grunnskule, vidaregåande skule, vaksenopplæring og lærarutdanning.


Nasjonalt senter for kunst og kultur i opplæringa (Kunstkultursenteret) arbeidar for å styrkje kunst og kultur i opplæringa. I tillegg er senteret eit nasjonalt ressurssenter for grunnskulen, vidaregåande opplæring, høgare utdanning og barnehagar.


Nasjonalt senter for flerkulturell opplæring (NAFO) arbeider med kompetanseheving, nettverksbygging og utviklingsprosjekt for å fremje inkludering og likeverdig opplæring i barnehagar, skuler og vaksenopplæringsinstitusjonar.


Nasjonalt senter for fremmedspråk i opplæringen (Fremmedspråksenteret) arbeider for at framandspråkopplæringa får høg kvalitet og at Noreg blir eit land med høg språkkompetanse i mange framandspråk.
 


Nasjonalt senter for læringsmiljø og atferdsforskning (Læringsmiljøsenteretskal bistå nasjonale utdanningsmyndigheiter med råd og tenester, bidra til å realisere statens satsingar i utdanningspolitikken gjennom kompetanseutvikling, samt bidra til auka kvalitet i læringsmiljø for barnehagebarn, elevar, lærlingar og vaksne.



Nasjonalt senter for mat, helse og fysisk aktivitet (Folkehelsesenteret) skal jobbe med å synliggjere og formidle samanhengane mellom fysisk aktivitet, ernæring og læring. Senteret skal mellom anna utvikle og formidle kunnskap til bruk for barnehagar og skuler. Målet er å styrke barn og unges helse gjennom meir kunnskap og tidligare førebyggjande innsats.