MENY

TIMSS-resultata: Norske barneskuleelevar gjer det betre i matte

Medan ungdomskuleelevane er på eit middels godt nivå i Europa innan realfag. Vidaregåande viser positiv trend i matematikk, medan nedgangen i fysikk held fram.

Dei siste resultata i TIMSS (Trends in International Mathematics and Science Study) blei lagt fram av den norske regjeringa under ein pressekonferanse i dag.

Undersøkinga tar føre seg realfagskunnskapen til skuleelevar over heile verda, deriblant Noreg, og tala som blei presentert er samla inn i 2015.

Barneskule

Forskar Ole Kristiam Bergem ved Universitetet i Oslo opplyste at barneskuleelevar i Noreg held eit høgt europeisk nivå i både matematikk og naturfag.

I Europa er det berre to land, Russland og Nord-Irland, som gjer det betre i matematikk i dette årskullet, medan fire austasiatiske land tronar aller øverst på statistikken.

Tala er å finna i rapporten "Vi kan lykkes med realfag," som er utgitt av Institutt for lærerutdanning og skoleforskning ved Universitetet i Oslo.

Ungdomsskule

I ungdomsskulen plasserer norske elevar seg på eit middels godt europeisk nivå i realfag. Undersøkinga viser ein signifikant framgang i matematikk, men inga endring i naturfag.

I matematikk er kunnskapane på ungdomstrinnet i Noreg høgast innan statistikk og svakast i algebra, medan kompetansen innan naturfag er høgast innan geofag, opplyste Bergem vidare.

– Me har hatt ei god utvikling på barnetrinnet. Dette viser seg ikkje like tydeleg på ungdomstrinnet. Det er det grunn til å sjå nærare på, uttalte Hege Nilssen, direktør i Utdanningsdirektoratet i ei pressemelding.

Forskarane peikar på at norske elevar har få undervisingstimar i naturfag sammenlikna med dei fleste andre land, som mogleg forklaring på skilnadene. Til dømes har norske elevar 81 timar naturfag i året, mot til dømes 219 timar i amerikansk skule, viste Ole Kristiam Bergem til.

Vidaregåande

Liv Sissel Grønmo, forskar ved Universitetet i Oslo, la fram resultata for siste år på vidaregåande (TIMSS Advanced), frå rapporten med tittelen "Ett skritt fram og ett tilbake."

Rapporten viser ei positiv utvikling i elevprestasjonane i matematikk sidan 2008, medan nedgangen i fysikk held fram, konstaterte Grønmo.

Samanlikna med dei andre ni landa i undersøkinga presterer likevel norske elevar bra i fysikk, der berre Slovenia har høgare score.

Elles tok utgreiinga mellom anna føre seg uroa over at relativt få norske elevar vel realfag på vidaregåande. I Norge tar berre 6,7 prosent av elevane fordjuping i fysikk og 10,6 prosent av elevane matematikk på høgaste nivå. Prosentdelen elevar som vel desse faga har gått ned. 

– Det bør uroa oss at eit land som er tufta på realfagskunnskap slit med svak rekruttering til fysikk og matematikk. Me må visa at realfag åpnar dører til spennande studium og gir gode jobbmoglegheiter, uttaler kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen (H) i ei pressemelding.

Av Leif Tore Sædberg, kommunikasjonsrådgjevar ved Lesesenteret