MENY

TIMSS-resultata: - Norsk skule er på rett veg

- Me held fram ein god trend innan matematikk, uttaler Egil Gabrielsen, dosent ved Lesesenteret, om dei siste tala frå den internasjonale skuleundersøkinga.

Dei seinaste resultata frå den internasjonale skule-undersøkinga TIMSS (Trends in International Mathematics and Science Study) blei offentleggjort i går, 29. november.

Undersøkinga viste at barneskuleelevar i Noreg held eit høgt europeisk nivå i både matematikk og naturfag. Berre to europeiske land hadde høgare resultat i matematikk for årskullet som blei undersøkt. På ungdomstrinnet låg dei undersøkte, norske elevane på eit middels godt nivå, og viste signifikant framgang i matematikk, men låg på same nivå som sist i naturfag.

Les òg: TIMSS-resultata: Norske barneskuleelevar gjer det betre i matte

Positiv utvikling

- Me får stadfesta at norsk skule er i positiv utvikling på det sentrale fagområdet matematikk. Dei utdanningspolitiske grepa som blei tatt etter det norske Sputnik-sjokket (PISA- og PIRLS-resultata) etter tusenårsskiftet, og som blant anna resulterte i Kunnskapsløftet (2006), synest nå å bæra frukter. Det bør gleda dei mange aktørane med ansvar for norsk skule - både lærarar, skuleleiarar, foreldre og sjølvsagt òg politikarar, uttaler Egil Gabrielsen, dosent ved Lesesenteret, om dei nemnde utviklingstrekka.

Han er involvert i leseundersøkinga PIRLS og har lesing og lesedugleik blant vaksne som sin fremste kompetanse.

Gabrielsen%2C%20Egil_web.jpg%20%28thumbnail%29

Egil Gabrielsen, dosent ved Lesesenteret

TIMSS måler kompetansen til elevane i matematikk og naturfag på 4, 5, 8. og 9. trinn, og blir gjennomført kvart fjerde år. I Noreg deltok denne gong 140 skular med barnetrinn og 144 skular med ungdomstrinn i undersøkinga.

Les òg: Kan mer om former enn om tall

Overraskande matte-funn

- Kva er dei viktigaste funna og utviklingane  i TIMSS 2015, i høve til for fire år sidan, slik du ser det?

- Overraskande gode resultat i matematikk for hovudgruppa i Noreg, elevane på 5. trinn. Snittresultatet er på linje med resultatet i 2011, men då hadde me, av ulike grunnar, berre med eit avgrensa utval. Òg resultata for 8. og 9. trinn er gode. Me held fram ein positiv trend og oppnår òg eit betre resultat enn Sverige, som er det andre nordiske landet som deltar på ungdomstrinnet, svarer Gabrielsen.

I 2011 skåra norske elevar betre i matematikk og naturfag enn fire år før, og færre elevar skåra svært svakt. «Den negative trenden i norske elevers prestasjoner har snudd,» uttalte TIMSS Norge den gong.

- Den utviklinga har absolutt halde fram. Me er på rett veg, legg Gabrielsen til.

Les òg: Fellestrekk mellom lesevansker og regnevansker

Lesing viktig òg i realfag

- Kva kan ein seia om lesing i denne samanhengen - samanhengen mellom å gjera det bra i eit fag og lesing som grunnleggjande dugleik?

- I matematikk, men spesielt i naturfag, er sjølvsagt lesedugleik av betydning. I desember 2017 vil resultata frå PIRLS 2016 bli presentert. Her blir lesedugleikane til representative utval av elevar både på 4. og 5. trinn i Noreg undersøkt. Det blir spanande å sjå om me kan registrera framgang for barnetrinnselevane òg på dette området.

- Skulemiljøet i Noreg har ifølgje TIMSS-undersøkinga blitt betre dei seinare åra, kor mykje har det å seia for læringa?

- Det har utvilsomt bidratt til den positive utviklinga me nå registrerer, svarer Egil Gabrielsen.

Les òg:

Svak motorikk hos toåringer kan bety svak matematisk utvikling

Hva må en matematikklærer kunne?

Når matte blir vanskelig

Av Leif Tore Sædberg, kommunikasjonsrådgjevar ved Lesesenteret