MENY

Stort leseprosjekt i Time

19 barnehagar i Time er i gang med ei stor lese- og språksatsing. Prosjektet nyttar teorigrunnlaget frå boka «Lesefrø», som er skriven av Trude Hoel, Gunn Helen Ofstad Oxborough og Åse Kari H. Wagner ved Lesesenteret.

Nynorsk-legat
Prosjektleiar Siri Kverneland fortel at det starta med 200.000 kroner frå eit gamalt legat.
- Pengane skulle brukast til innkjøp av bøker på nynorsk, og me fann ut at me ville ha eit prosjekt for å få meir systematisk jobbing, seier ho.

I samarbeid med biblioteket og fagstaben i kommunen har dei diskutert seg fram til kva dei vil ha ut av satsinga. Hovudmålet er å styrka tilbodet av nynorskbøker i barnehagane,  auka leselyst gjennom strukturert og systematisk arbeid med leseaktivtitetar og auka språkstimulering med utgangspunkt i leseaktiviteter og bøker.

Måla skal nås gjennom etablering av gode lesevaner, auking av personalet sine refleksjonar rundt språkstimulering via lesing og opprettinga av eit nettverk for språkarbeidet.
- Hovudmålet er å auke medvitet rundt kva lesing kan gje av fagleg utbytte og språkstimulering. Me vil at dei vaksne skal bli medvitne om kva dei gjer, seier Kverneland.

Ho understrekar at mange barnehagar i kommunen allereie arbeidar godt med lesing og språkstimulering, men at det er variasjon frå barnehage til barnehage.
- Me treng å hente dette fram igjen og setje det i system, seier prosjektleiaren.

Fagsjef for barnehage i Time kommune, Grethe Thu Skadberg, fortel at lesing er eit satsingsområde i kommunen.
- Me har arbeidd med språkstimulering i mange år, og no er leseaktivitetar i fokus. I tillegg ønskjer me meir naturleg kontakt mellom barnehagane og biblioteket, seier ho.

Eigne språkkontaktar
Barnehagane som deltek har forplikta seg til å gjere seg kjent med innhaldet i boka «Lesefrø. Språkstimulering gjennom leseaktiviteter i barnehagen», lage ein intern plan for systematisk lesing saman med barn, føre leselogg, samarbeide med biblioteket og informere foreldra. Dei tilsette får òg tilbod om kurs i dialogisk lesing og kurs om digitale verktøy.

I tillegg er ein av dei tilsette i kvar barnehage peika ut som språkkontakt som saman med andre språkkontaktar utgjer nettverksgruppa. Språkkontaktane er pådrivarar i sine barnehagar, samt bindeledd mellom barnehagen og prosjektet. Nettverksgruppa skal dele gode idear og drive prosjektet framover. 

Språkkontakt Marit Jaarvik i Jærbarnehagen er veldig oppteken av lesing i barnehagen.
- Eg har arbeidd som lærar i første og andre klasse, og eg har sett kor viktig det er at barna er glade i å lesa og engasjerer seg i bilete og tekst når dei startar på skulen, seier ho.

Ho legg vekt på at det er mykje ein kan gjere for å skape spenning rundt bøker.
- Det handlar ikkje berre om å lese ei bok. Før ein les boka, kan ein snakke om boka og kva me trur den handlar om. Då skapar ein forventingar og spenning, seier Jaarvik.

Byggjer på Lesefrø
Lesesatsinga vart sparka i gang i midten av november med ein inspirasjonsdag for alle tilsette i dei deltakande barnehagane. Prosjektet nyttar teorigrunnlaget frå Lesefrø, som var eit utviklingsprosjekt i regi av Lesesenteret. Trude Hoel frå Lesesenteret var invitert  for å inspirere til lesing og fortelje om Lesefrø då prosjektet blei sparka i gang.

Hoel fortalde om kor viktig det er å tilpasse bokutvalet for dei som skal lese dei, og at bøkene er tilgjengelege for barna.
- Bøker må ikkje gøymast bort i høge hyller. Bøker får størst verdi når dei er tilgjengelege. Sett opp bokhyller i rom kor barna er mykje, og la barna få bruke bøkene aktivt i leik, oppmoda ho.

Hoel minte om at òg dei minste barna har stort utbytte av å bli lest saman med.
- Ikkje vent til barna har eit språk før de byrjar å lese for dei. Barna utviklar språk blant anna gjennom å ta del i leseaktivitetar. Ein må bruke språk for å lære språk. Det handlar om å erfare språk i bruk og få moglegheit til å bruke språket sjølv, meiner Hoel.