MENY

Stor entusiasme for djupnelæring på lesekonferansen

Over 300 deltakarar samla på Sola på den årlege konferansen til Lesesenteret, der temaet i år er "Veier til dybdelæring i skolen."

Deltakarar på lesekonferansen Maren Gramstad Larsen (t.v.) og Monica Sommerset Normann syntest dybdelæring er eit dagsaktuelt tema. (Foto: Leif Tore Sædberg)

Over 300 deltakarar hadde samla seg på Sola då Nasjonal konferanse om lesing blei opna tidlegare i dag.

Konferansen, som blir arrangert av Lesesenteret, går føre seg for 14. gong, og temaet for i år er "Slik kan det også gjøres! Veier til dybdelæring i skolen."

Omgrepet "dybdelæring" har bakgrunn i Ludvigsen-utvalet, og utvalsleiar Sten Runar Ludvigsen var då òg blant dei første personane på programmet, for å gjera greie for tankane bak.

Ove Eide, tidlegare lektor og skuleleiar, drøfta "djupnelæring" i lys av eit danningsperspektiv.

Dagsaktuelt tema

Blant deltakarane var Maren Gramstad Larsen og Monica Sommerset Normann, begge frå Hetland videregående skole.

- Temaet er veldig dagsaktuelt. Eg håpar me får endå meir oppdateringar om Ludvigsen-utvalet og kva følgjer det kan få for læreplanane, seier Larsen, som til dagleg underviser i matematikk, geofag, geografi og fysikk.

- I tillegg kva ein tenkjer er kjerneelementa i dei ulike faga, i høve til den omtalte "slankinga" av læreplanane. Kva tenkjer ein skal vera med vidare, og kva skal ut. Det hadde vore interessant å få diskusjonar rundt desse temaa, legg Normann til, som har faga norsk og historie.

Trass i dei ulike faga, meiner dei konferansen kan bidra til noko for dei begge.

- Fellestrekka er uansett grunnleggjande dugleikar, som lesing. Hjå oss på Hetland er det dessutan mykje samarbeid på tvers av faga, tilføyer dei to vidaregåande-lærarane.

Vekk frå "ekkokammer"

Helle Stalheim Angelfoss og Cornelius Henriksen, frå Bergen Private Gymnas, trur dei kan ta med seg mykje kunnskap etter to dagar med seminar.

Helle Stalheim Angelfoss og Cornelius Henriksen frå Bergen Private Gymnas. Foto: Leif Tore Sædberg)

- Målet er å byggja opp eigenkompetanse som ein kan ta med seg tilbake og dela med kollegaer. Temaet er aktuelt - ein del fag har for mykje innhald ein må gjennom, noko som går på kostnad av både fordjuping og læringsglede, fortel Angelfoss, lærar i naturfag og biologi.

- Eg håpar å få meir verktøy og refleksjonar med meg, slik at ein kan unngår å enda opp i eit "ekkokammer" på eigen arbeidsplass. Få med seg nye impulsar. Her får ein vita mykje frå andre, som ein kan "stela" med seg og bruka, seier historie-, religion- og samfunnsfaglærar Henriksen.

Djupt eller breitt?

Dei trur fag i den norske skulen må gå i retning "djupne" på kostnad av "breidde."

Ove Eide, tidlegare lektor og skuleleiar, drøfta djupnelæring i høve til omgrep som kompetanse og danning. (Foto: Leif Tore Sædberg)

- Frykteleg mykje skal dekkast, samstundes som elevane skal ha moglegheiten til å fordjupa seg. Men det blir for lite tid til sistnemnde, noko som gjer at vurderinga ikkje blir så god som den kunne ha vore. Det må leggjast eit grunnlag for å skapa balanse mellom breiddelæring og djupnelæring, meiner dei to.