MENY

Språkvanskar i barnehagealder blir eige tema i Språkløyper

Flunkande ny, digital ressurs for barnehagepersonell er publisert.

Språkvanskar hjå barn i barnehagealder er eitt av fleire nye emne som nå blir grundig presentert i Språkløyper.

Kompetanseutviklingspakken Språkvansker (for barnehagetrinnet) er nå publisert her på Språkløyper-nettsida.

Les òg: Her er dei 28 nye språkkommunane

Mål og innhald

Språkvansker startar med ei personleg videohelsing frå eit svært kjent ansikt, som på ein spesiell måte er relatert til emnet.

Målet med kompetanseutviklingspakken Språkvansker er å styrka det daglege arbeidet med språklæring, gjennom kunnskap om ulike former for språkvanskar og korleis vanskane kjem til uttrykk.

Pakken skal bestå av inntil ti økter, og det er dei fem første øktene som nå er publisert.

Brukarane får ei innføring i kva språkvanskar er, korleis språkvanskar kan koma til utrykk og ein blir kjent med nokre medfødde føresetnader som kan påverka språkutviklinga.

Les òg: Forskningsprosjekt skal se på leseferdighetene til minoritetsspråklige i barneskolen

Tidleg innsats

Vidare i pakken får ein erfaring med observasjon i samspel med barn og får reflektera og vurdera eigen praksis i barnehagen.

Tidleg innsats og godt språkmiljø er faktorar som er spesielt viktige for barn med språkvanskar, både for å førebyggja og forhindra seinare lese- og skrivevanskar.

Frå før har Språkløyper kompetanseutviklingspakkane Språk og leseaktiviteter, Språkhverdag og Overgang fra barnehage til skole som er spesielt eigna for barnehagesektoren.

Det er òg laga ein kompetanseutviklingspakke for Språkvansker på barnetrinnet.

Les òg desse sakene:

Språkløyper hjelper Svalbard med fleirspråklege utfordringar Ikkje uvanleg at fire språk er involvert rundt ein familie som har barn hjå oss, seier einingsleiar Trine Berntsen i Polarflokken barnehage.

Språkløyper har ført til delingskultur Tips har blitt testa ut i klassane, som sidan har blitt delt med resten av personalet, fortel rektor Heidi Midttun ved Setermoen skole.

Språkløyper får to tomlar opp av testgruppa Opptil ni av ti deltakarar trur Lesesenter-prosjektet kan gjera norske barn og ungdommar til betre lesarar og skrivarar.