MENY

Språkvanskar hjå skulebarn – kva kan du gjera?

Språkløypers nye kompetanseutviklingspakke gir deg svar dersom du uroar deg over elevar i klassen som ikkje tileignar seg språk som vanleg.

Kompetanseutviklingspakken Språkvansker for barnetrinnet er nå publisert og klar for bruk på Språkløypers nettsider.

Omlag sju prosent av alle femåringar har det ein kallar spesifikke språkvanskar - ein tilstand der barn med elles vanleg utvikling ikkje tileignar seg språk som venta.

Statistisk sett vil barn med språkvanskar dermed vera å finna i dei aller fleste skuleklasser. Barn med språkvanskar strevar med å forstå eller uttrykkja seg på morsmålet sitt.

Kva kjenneteiknar elevar med språkvanskar, og kva tiltak bør ein setja inn? Korleis kan ein i skulen, med formell og uformell kartlegging, fanga opp desse elevane? Kvifor er tidleg innsats viktig? Korleis kan me leggja til rette for eit godt språkmiljø?

Desse og ei rekkje andre sentrale spørsmål blir stilt og får svar i Språkvansker, slik at lærarar best mogleg kan hjelpa desse elevane.

Pakken er utarbeida av Statped, og har til saman sju økter. Fem av desse er til nå publisert.

Det er òg laga ein kompetanseutviklingspakke for språkvansker i barnehagen.

Tekst: Leif Tore Sædberg, kommunikasjonsrådgjevar, Lesesenteret

Les òg:

Slik lukkast du med nynorsk som sidemål på ungdomstrinnet Jau, vi kan! Denne nye Språkløyper-pakken og høgskulelektor Hjalmar Eiksund har råda du som lærar treng for å gi undervisinga ein ekstra boost.

Språkvanskar i barnehagealder tema i Språkløyper Flunkande ny, digital ressurs for barnehagepersonell er publisert.

Skriving i begynnaropplæringa-pakken er blitt revidert Ein av dei første Språkløyper-pakkane er blitt rusta opp og gjort klar til skulestart i haust.