MENY

Språkløyper hjelper Svalbard med fleirspråklege utfordringar

Ikkje uvanleg at fire språk er involvert rundt ein familie som har barn hjå oss, seier einingsleiar Trine Berntsen i Polarflokken barnehage

Lesestund i Polarflokken barnehage Pedagogisk leiar Maren Bekkeheien har lesestund for nokre av barna. (Foto: Polarflokken barnehage)

Innhylla i nattsvart mørke døgnet rundt i delar av året ligg Longyearbyen. Byen husar Noregs klart nordlegaste barnehagar - Polarflokken og Kullungen barnehage - i Longyearbyen sentrum. Som dermed òg Noregs er nordlegaste Språkløyper-barnehagar.

Polarflokken barnehage starta opp med Språkløyper i oktober i år, der dei under ein planleggingsdag gjekk gjennom tre økter. Sidan er planen å ta føre seg éi økt under kvart månadlege personalmøte framover. I dag har dei ein støttepedagog som har frikjøp i stillinga si for å driva med Språkløyper.

Les òg: Dette går Språkløyper ut på

Ein fleirspråkleg kvardag

- Årsaken til at me vil satsa på Språkløyper, er blant anna at me bur på ein svært fleirkulturell plass, med mange ulike språk. Det er ikkje uvanleg at fire ulike språk er involvert rundt barn me har her: Kanskje er mor og far frå to ulike land, dei snakkar i tillegg engelsk for å forstå kvarandre i heimen, og så møter dei norsk i barnehagen. På Svalbard har me ikkje eit mottaksapparat som på fastlandet, og me opplever at enkelte barn ikkje har eit forhold til norsk når dei møter opp her for første gong. Språklæring er eit viktig satsingsområde, særleg med tilhøva her, som me vil vera bevisst på, forklarer Trine Berntsen, einingsleiar for Polarflokken barnehage og ansvarleg for Språkløyper-gjennomføringa.

Svalbard%201.JPG%20%28rw_largeArt_1201%29

Maren Bekkeheien (t.v.) pedagogisk leiar, og Trine Berntsen, einingsleiar for Polarflokken barnehage. (Foto: Leif Tore Sædberg)

Polarflokken har 54 barn og 18 tilsette og har tidlegare vore med i Kompetanse for mangfold, saman med Universitetet i Tromsø og Fylkesmannen i Troms. Språkløyper blir slik sett eit framhald frå tidlegare prosjekt.

Berntsen opplyser at 11 ulike språk er representert i Polarflokken, som russisk, estisk, litauisk, thai, filippinsk og polsk i tillegg til norsk. Med ein slik bakgrunn og kvardag er det svært viktig å ha eit fokus på språk og sosial kompetanse, noko me har satsa på i lang tid, fortel einingsleiaren om barnehagen, som opna i 2007.

Les òg: Kvifor Språkløyper har fokus på minoritetsspråklege

Har fått aha-opplevingar

Og då me høyrde om Språkløyper, såg me at det var midt i blinken for oss, i høve til dei nasjonale satsingsområda. Det har vore viktig for oss å halda fram med noko me allereie er gode på. Og me er gode på lesing. Språkløyper-ressursane har då òg vore tydelege på kva som er oppdraget, noko som er fint,seier Trine Berntsen.

Ho meiner å ha sett tydeleg endring rundt temaet lesing kort tid etter at Språkløyper blei sett i gong.­­

 – Dei tilsette blei meir bevisst på lesinga, på fleire måtar. Korleis skal ein lesa. Val av litteratur. Ulike leseteknikkar. Fleire har fått seg aha-opplevingar, og bruker nå i større grad kroppsspråk og leik som ein del av lesestunda, er døme som einingsleiaren kjem med.

Svalbard%203.JPG%20%28rw_largeArt_1201%29

Chris Haughtons «Sjj! Vi har en plan» er ei av barnebøkene som har fungert svært bra, fortel Maren Bekkeheien. (Foto: Leif Tore Sædberg)

Polarflokken samarbeidar tett med Kullungen barnehage, som òg er aktive Språkløyper-brukarar, og begge hadde representantar på overgangssamlinga for Språkløyper tidlegare i haust. Der var òg Longyearbyen skole til stades, som vurderer å starta opp med Språkløyper. I tillegg er biblioteket ein nyttig samarbeidspartnar i høve til litteratur for Polarflokken.

Les òg: Språkløyper - vanlege spørsmål og svar

Les på ulike måtar

Maren Bekkeheien er pedagogisk leiar i Polarflokken og seier mykje handlar om bevisstgjering om å leggja opp formidling av bøker på ein god måte.

- Allereie illustrasjonane på framsida av ei bok kan vera utgangspunkt for å setja stemninga. Ein kan byggja opp forventningane både i førekant og undervegs, til dømes med spørsmål til barna om kva dei trur skjer vidare, å variera stemmebruken eller ta pausar. Teknikkar som me har visst om og til tider brukt, men som me har blitt meir bevisste på og bruker meir gjennomført nå, fortel Bekkeheien.

Svalbard%202.JPG%20%28rw_largeArt_1201%29

Boktralla til Polarflokken har kategoriar som har bøker med «lite tekst,» «middels tekst» og «mye tekst,» og er i barnehøgde, slik at barna sjølv kan vera med og velja. Og Språkløyper-namnet er på plass ... (Foto: Leif Tore Sædberg)

Ei av bøkene som har fungert aller best i så måte er «Sjj! Vi har en plan» av Chris Haughton. Boka er berre ei av mange som har fått plass i ei eiga Språkløyper-boktralle, i eit eige leserom.

Boktralla har kategoriar som har bøker med «lite tekst,» «middels tekst» og «mye tekst,» og er i barnehøgde, slik at barna sjølv kan vera med og velja.

- Me er nøye på at alle barna blir lest for, blant anna gutane, som gjerne ikkje blir lest for like mykje. Sidan heile personalet er med på Språkløyper, er det med på å gi oss alle kompetanseheving, seier Maren Bekkeheien.

Les òg:

Relasjoner ekstra viktige for minoritetsspråklige

Minoritetsspråklige tar innpå

Minoritetsspråklige barnehagebarn

Tekst: Leif Tore Sædberg, kommunikasjonsrådgjevar, Lesesenteret