MENY

Språkløyper gir det faglege samarbeidet som ungdomsskule og vidaregåande har sakna

Prosjektet inneheld mykje som lærarar på dei øvste trinna rapporterer at dei ikkje får nok av i fellestida.

Lærarar diskuterer Lærarar på ungdomsskulen og i vidaregåande vil gjerne ha meir samarbeid, men då fagleg samarbeid (Foto: Gettyimages)

Oppstartsamlingane og dei digitale ressursane i Språkløyper har vore svært etterspurte i norske skular og barnehagar etter introduseringa i fjor haust.

Førebels har etterspurnaden derimot vore mindre på ungdomstrinnet og vidaregåande opplæring enn i dei lågare alderstrinna. Fleire forklaringar har vore lansert - som at lærarane her i mindre grad ser på opplæring i språk, lesing og skriving som primæroppgåva si, og meir ser på seg sjølve som fagpersonar.

Tilbyr det som er sakna

Likevel har lærarar i denne delen av utdanningsløpet rapportert at dei har eit behov for meir fagleg samarbeid – som er mykje av grunnstammen i heile Språkløyper-prosjektet.

Ei ekspertgruppe oppnemnd av Kunnskapsdepartementet gav tidlegare i år ut rapporten «Om lærerrollen. Et kunnskapsgrunnlag.» I kapittel 7, «Lærerrollen i praksis» blir det gjort greie for lærar- og læringsfelleskap i den norske skulen.

Gruppa konstaterer her at mykje av fellestida blir brukt til samkøyring og koordinering av undervising, såkalla «drifting.» Men at lite av denne tida blir nytta til samarbeid rundt undervisinga, og at det òg er lite felles, involverande kompetanseutvikling.

Dei viser til både TALIS-data og undersøkingar frå SINTEF og SØF (Senter for økonomisk forskning) som dokumenterte «en utbredt misnøye blant lærerne med bruken av fellestid» (s 163).

Lærarane sakna individuell tid, men òg «felles tid til refleksjon og vurdering av egen praksis.» Sistnemnde er innfallsvinklar som mange av kompetanseutviklingspakkane i Språkløyper krinsar rundt.

Les òg: Les heile rapporten «Om lærerrollen. Et kunnskapsgrunnlag» her.

Samarbeid, men fagleg samarbeid

Eit sentralt punkt her var at sjølv om lærarane var misnøgd med fellestid som ikkje bidrar eller støttar deira eiga undervising, var dei likevel positive til å bruka meir tid utanfor sjølve undervisinga. Vel og merka dersom det er matnyttig for undervisingspraksisen deira.

«Det springende punktet er ikke hvor mye tid som blir brukt på samarbeid, men om det som gjøres utenfor undervisningen, oppleves som relevant,» heiter det i rapporten.

Grovt sett kan ein seia at norske skular på ungdomstrinn og i vidaregåande har nok av samarbeid, men ifølgje mange lærarar for lite rundt faglege problemstillingar. Og at det pedagogiske personalet er klar for meir av denne typen kompetanseutvikling.

Språkløyper handlar rett nok om samarbeid, men eit samarbeid som set det fagleg utviklande i sentrum. Og kan slik sett vera svaret på mykje av kva lærarar i denne delen av skule-Noreg har spurt etter.

Les òg: Fakta om Språkløyper

Må ha relevans for undervisinga

To faglege termar eller indikatorar frå TALIS-dataene gjer seg gjeldande i denne samanhengen.

Den første - «professional collaboration» - gjeld samarbeid av relevans for arbeidet. Denne kategorien er basert på spørsmål om «hvor hyppig samarbeid blant lærerne om forskjellige former for potensielt læringsgivende aktiviteter forekommer. Den indikerer altså i hvilken grad det er utviklet et læringsfellesskap blant lærere på skolen» (s 164).

Norske lærarar scorar relativt lågt her, særleg på høgare trinn. Scoren for barneskulane ligg her på gjennomsnittet, medan dei andre trinna ligg betydeleg under, konkluderer rapporten.

Den andre TALIS- indikatoren - «effective professional development» - som omhandlar felles, involverande kompetanseutvikling, er låg på alle trinn i Noreg, fortel ekspertgruppa vidare.

Analysene av TALIS-dataene viser i utgangspunktet ein klar samanheng mellom tid brukt til felles møte og «professional collaboration.» Men samarbeid fører ikkje utan vidare til fagleg utvikling:

«Men det er altså et spørsmål om hvor effektivt dette samarbeidet er, og om det bidrar til kompetanseutvikling og til utvikling av undervisningen. Det kan virke som det skjer mye på norske skoler som ikke alltid er så relevant, verken for det som skjer i den enkelte lærers undervisning, eller for utvikling av læreres kompetanse gjennom læring av hverandre,» heiter det i rapporten.

Les meir: Her får du svar på dei vanlegaste spørsmåla om Språkløyper

Nokon å diskutera fag med

Av lærarane som ønskte samarbeid, var fleire opptatt av å kunna diskutera både undervisingsmetodar og felles forståing av vurdering. Men samarbeid knytt til dei enkelte skulefaga, eit viktig moment i Språkløyper, var aller mest etterspurt (side 188):

«Det jeg savner mest, er å ha en lærer til sammen med meg i faget. Så jeg slipper å ta alle valgene alene. Jeg stoler på at jeg får til mye, men samtidig – du vet aldri: hva er det som funker, og hva er det som ikke funker?», blir ein av lærarane sitert på.

Gruppa bak rapporten består av Thomas Dahl (leiar), Berit Askling, Kåre Heggen, Lise Iversen Kulbrandstad, Torunn Lauvdal, Lars Qvortrup, Kjell G. Salvanes, Kaare Skagen, Siw Skrøvset og Fredrik W. Thue.

Les òg: Slik bruker du Språkløyper

Av Leif Tore Sædberg, kommunikasjonsrådgjevar, Lesesenteret