MENY

Søknadsskrivekurs PhD-skisse

Er du interessert i å søke på doktorgradsstipend? Vi inviterer til gratis Zoom-kurs om korleis skrive PhD-skisse torsdag 23. april.

Alle som er interesserte i å søke på eit doktorgradsstipend ved Lesesenteret, er velkomne til å bli med på dette digitale kurset.
Kurset er retta inn mot ledig PhD-stilling på lesesenteret med søknadsfrist 3. mai, men tenkinga om dette er generell og difor relevant også for seinare utlysingar.

Kurshalder er professor Per Henning Uppstad. Han vil  kort gå gjennom utlysinga, og om korleis forhalde seg til den. Vidare vil han gå inn på korleis skrive fram skissa og designet knytt til det formatet som er lagt til grunn i denne utlysinga.

Tid: Torsdag 23. april kl 14-15
Kanal: Zoom 
Påmelding: Send ein e-post til lesesenteret@uis.no for å få innloggingsdetaljar.