MENY

Slik blir det jobba med Språkløyper i vidaregåande

Det faglege miljøet ved skolen blir styrka gjennom samarbeidet mellom faglærere og programfaglærere, fortel ein av Språkløyper-lærarane i vidaregåande skule.

Vidaregåande-lærarar i ring. Det er avgjerande at både fellesfaglærarar og programfaglærarar snakkar kvarandre opp og er tydelege på forventningar til tekst, seier ein av dei tilsette som har prøvd ut Språkløyper på vidaregåande. (Illustrasjonsfoto: Gettyimages)

Fleire bruker Språkløyper i barnehage og barneskulen enn på ungdomsskulen og vidaregåande, men ein del har tatt dei digitale verktøya og strategiane òg for dei eldre årstrinna.

Blant vidaregåande-skulane er Etterstad videregående skole i Oslo. Camilla Wimmer, faglærar i norsk og engelsk, var på oppstartsamlinga og har jobba med opplegget frå i haust.

- Me er slik sett i startgropa, men jobbar allereie mykje meir målretta i høve til språk og læring. Ein ny måte å tenkja på når det gjeld yrkesfag og norsk, fortel ho.

Etterstad er ein rein yrkesfagleg vidaregåande, som satsar på FYR- samarbeid mellom fellesfaga og programfaga.

Les òg: Kva Språkløyper-prosjektet går ut på

Lesetrening i alle fag

- Mange elevar hjå oss scorar dessverre under kritisk grense når det gjeld lesing. Inspirert av Språkløyper har eg og fleire andre gjennomført tiltak. Eg har integrert eit fagsamarbeid mellom norsk og programfag, og driv lesetrening ikkje berre i norsk, men òg i programfaga. Der eg blant anna brukar programfagbøkene til leseøvingar, til dømes for at elevane skal øva seg i omgrepsforståing. Språkløyper-bloggen om yrkesfag har vist seg nyttig som verktøy, seier Camilla Wimmer.

Skulen har i tillegg lagt om timeplanen, slik at fellesfag og programfag kjem like etter kvarandre. Dermed kan lærarane for dei ulike faga få meir kontakt med kvarandre og slik leggja til rette for fagleg samarbeid.

-Både eg og kollegaer prøver ut ulike innfallsvinklar og metodar. Så diskuterer me saman og finn ut kva som fungerte og kva som ikkje fungerte, og kan utvikla oss vidare. Det er første gong eg er med på ein så bevisst måte å jobba på, fortel vidaregåande-læraren.

Ho er klar på at Språkløyper har ein relevans òg i vidaregåande skule.

- Absolutt. Me ser at mange elevar manglar grunnlaget innan språk og lesing som dei skulle hatt når dei startar på vidaregåande. Særleg i programfag slit mange med forståinga, og desse faga har vanskelege tekstar. Derfor er eit fagleg samarbeid og eit fokus på lesing og språk viktig. Eg håpar og trur det får eit fagleg utbytte for elevane, seier Wimmer.

Les òg: Slik bruker du Språkløyper

Fagleg miljø blir styrka

På andre kanten av landet, ved Gand videregående skole i Sandnes, har liknande erfaringar blitt gjort.

- Språkløyper har for oss vore ei forlenging av eit prosjekt som det har vore jobba med i tre år allereie. Dette var eit fokusområde me blei bevisste på, etter ein kartleggingsprøve i lesing. Her forsto me at teknisk lesing var eit problem for mange, og me implementerte teknisk lesing i fleire fag, til dømes norsk og engelsk. Dette har vore eit vellykka prosjekt, som me vil ta med oss vidare i FYR (Fellesfag yrkesretting og relevans), fortel Anders Torgersen, programfaglærar på elektro og fagkoordinator for elektroavdelinga.

Han ser nytten av å jobba med Språkløyper òg i vidaregåande skule.

- Det er viktig for oss på yrkesfag å vera klar over at der er elevar med lese- og skrivevanskar. Dette kan vera framandspråklege elevar og elevar med dysleksi. Innan yrkesfaget er det mange ord og omgrep som blir brukt fagleg, og ingen andre plassar. Å forstå at dette er noko elevane må læra seg for å bli ein fagperson, er svært viktig, meiner læraren, som var på oppstartsamling i fjor haust.

Han trur det faglege miljøet ved skolen blir styrka gjennom samarbeidet mellom faglærere og programfaglærere.

- Begge grupper får ei heilskapleg forståing av det viktige med kommunikasjon innan eit yrkesfag og på tvers av alle faga. Me har fleire samarbeidsprosjekt og elevane forstår at alt har ein sammenheng. Totalt får eleven ei djupare forståing av utdanninga si, fortel Anders Torgersen.

Les òg: Her får du svar på dei vanlegaste spørsmåla om Språkløyper

Har lært masse

Jorunn Oftedal, avdelingsleiar for elektro ved Gand videregående skole, stadfestar at prosjektet har vore rikt på utbytte.

- Dei filologane og realistane som nå arbeidar med fellesfaga i alle klassar på elektro, har lært seg masse om elektrofaga fordi dei har arbeidd på elektro i fleire år. Omvendt har programfaglærarane lært seg masse om innhald i norsk, engelsk og samfunn i tillegg til matte og naturfag. Alle lærarane i klassen har møte ofte for å arbeida seg gjennom tekstane både i lærebøker, manualar til instrument og liknande, og skriftlege oppgåver i fellesfaga. Då er det avgjerande at både fellesfaglærarar og programfaglærarar snakkar kvarandre opp og er tydelege på forventningar til tekst. Og at der er velvilje til å hjelpa elevar som strevar med tekst-produksjon og forståing av tekst, til å arbeida ekstra og målretta for å få meistring, fortel Oftedal.

Les òg: Språkløyper er eit gratistilbod

Lovar fleire pakkar

Førstelektor Margunn Mossige ved Lesesenteret, som er prosjektleiar for Språkløyper, seier at ei rekkje kompetanseutviklingspakkar er på gang for både ungdomstrinnet og vidaregåande i tida framover.

- At det er så mange ulike fag i vidaregåande, er ei utfordring for oss som lagar pakkane. Det finst dugleikar knytt til lesing og skriving som er fagovergripande og gjeld alle, men det er òg slik at kvart fag har sine fagspesifikke tekstar og måtar å lesa dei på. Å lesa i norsk er til dømes ikkje det same som å lese i elektro. Ideelt sett skulle me hatt kompetanseutviklingspakkar for alle fag. Det klarer me nok ikkje, men me har planar om å laga pakkar i ganske mange fag i løpet av perioden 2016 - 2019. Og så må me håpe at lærarane kan overføre frå eit fag til eit anna, fortel Mossige. 

Les òg: Derfor er Språkløyper nyttig òg i vidaregåande

Av Leif Tore Sædberg, kommunikasjonsrådgjevar, Lesesenteret