MENY

Slik blir det jobba med Språkløyper i ungdomsskulen

Ulike faggrupper tenker saman og utviklar ei fagleg forståing av at skriving og lesing i alle fag er til god nytte for elevane, fortel Språkløyper-lærarar som er i sving.

Lærar underviser i klasse. Me trur at fleire av ressursane som ligg under Språkløyper kan bidra til at skulen får ei kollektiv og betre pedagogisk utvikling, seier ein av ungdomsskulelærarane. (Illustrasjonsfoto: Gettyimages)

Ikkje like mange bruker Språkløyper på ungdomsskule og vidaregåande som i barneskule og barnehage, men ein del er likevel i gang.

Blant ungdomsskulane som er Språkløyper-brukarar er Kjøsterud skole i Drammen, som har drygt 300 elevar på ungdomstrinnet.

Les òg: Kva Språkløyper-prosjektet går ut på

Satsing i Drammen

 Dei er inne i Ungdomstrinn i utvikling, og har i den samanhengen nytta Språkløyper etter oppstartsamlinga i fjor.

- Kommunen satsar veldig mykje på skuleutvikling, me har etablerte lærarspesialistar hjå oss og er inne i fjerde trinn i Ungdomstrinn i utvikling. I den samanhengen har me brukt Språkløyper noko. Det verkar å vera ein super ressurs, men me er i startfasen her, og må leggja kartet, uttaler rektor Monica Søhus.

Svensedammen skole, òg i Drammen kommune, skal bruka Språkløyper saman med Ungdomstrinn i utvikling, sidan skulen har skriving som fokusområde.

- Fordelen med Språkløyper er at fleire faglærarar blir medvitne om at dei må jobba med språk og omgrep i faget sitt, og læra elevane fagskriving i det enkelte faget. Me trur at fleire av ressursane som ligg under Språkløyper kan bidra til at skulen får ei kollektiv og betre pedagogisk utvikling. Ved at fleire ulike faggrupper tenker saman og utviklar ei fagleg forståing av at skriving og lesing i alle fag er til god nytte for elevane. Me på skulen vår har eit utviklingsteam som skal «dra dette lasset saman,» , fortel Trine Marie Gjertsen, lærarspesialist i norsk ved Svensedammen skole.

Les òg: Slik bruker du Språkløyper

Vidareførar arbeidet

Ajer ungdomsskole i Hamar har i fleire år jobba mykje med lese- og skrivestrategiar, mellom anna gjennom Ungdomstrinn i utvikling, og bruker nå Språkløyper vidare i dette arbeidet.

- Me valde å gjennomføra den første pakken – Introduksjon – felles for alle lærarane på skulen. Alle team måtte så gjennomføra eit opplegg etter planleggingskjemaet i pakken. Bevisstgjering rundt ikkje berre når me skal bruka IKT i undervising, men òg kvifor og korleis er viktig. Læringa til elevane må alltid stå i fokus, fortel Inger Lise Andreassen, ressurslærar for lesing og skriving ved Ajer ungdomsskole.

Ho er spent på kva som kjem vidare i Språkløyper for ungdomsskulen, og ventar konkret på at ein kompetanseutviklingspakke med namn «Lesing i Geografi» skal bli ferdig.

- Multimodallesing - me kallar det ofte «bisonoverblikket» - har fleire av oss brukt lenge. Samanhengen mellom bilete og tekst er viktig i samfunnsfag, men det har òg overføringsverdi til KRLE og naturfag. For skular som ikkje har hatt så mykje fokus på lesing og skriving, er det mykje å henta i desse og liknande pakkar, seier Andreassen.

Ho er stadig innom nettsida for å sjekka om nye ressursar har kome til.

- Språkløyper er bra for mi eiga læring og bevisstgjering rundt kva eg gjer i undervisinga. Samskriving på Google Docs er ein idé eg plukka opp på kurset me var på hausten 2015. Fleire kollegaer har òg tatt i bruk det verktøyet når elevane skal skriva. Det er lettvint både når elevane skal skriva saman, dei får gjort det i sanntid, og når me lærarar skal gi tilbakemeldingar undervegs i skrivinga, fortel ressurslæraren.

Les òg: Derfor er Språkløyper nyttig òg i ungdomsskule og vidaregåande

Kombinerer på tvers av fag

Galterud skole har jobba med fire kompetanseutviklingspakkar som var lagt ut for ungdomsskulen førre skuleår, med bruk av digitale verktøy i lese- og skrivearbeidet. Den første økta gjennomførte heile personalet, dei tre resterande for norsk- og engelsklærarane, då dei andre fagseksjonane hadde anna arbeid å ta seg av. Innhaldet var like relevant for alle fag, fortel Anita Brenna, lærar ved Galterud skole.

- Opplegget var enkelt å leia, då alt var lagt godt til rette med informasjonsfilmar, refleksjonsspørsmål med meir. Temaa engasjerte og var svært relevante i ein travel lærarkvardag. Innhaldet var òg svært solid fagleg forankra og verka gjennomtenkt, meiner Brenna.

Ho meiner Språkløyper er nyttig for ungdomsskulen fordi prosjektet ønskjer å løfta akkurat dei gruppene av elevar som skulen allereie er opptatt av å løfta.

Les òg: Språkløyper er eit gratistilbod

Nyttig og relevant

- Prosjektet har klart å ta pulsen på det som rører seg i skulen og er dermed ei «gåvepakke.» I tillegg er det eit stort pluss at det er eit særs kompetent fagmiljø som står bak det faglege opplegget. Dette verkar seriøst og bør dermed vera nyttig. Emna som er valde ut er òg svært relevante, fortel ungdomsskulelæraren.

Ho trur Språkløyper kan bidra til eit fagleg løft ved skulen, òg når ein ser på verdien isolert sett for kvart enkelt fag.

- Men me ser òg at det kan opna opp for eit breiare, meir tverrfagleg samarbeid mellom lærarane - noko som bør vera nyttig for elevane, konkluderer Brenna.

Les òg: Her får du svar på dei vanlegaste spørsmåla om Språkløyper

Fleire pakkar kjem for ungdomsskule og vidaregåande

Førstelektor Margunn Mossige ved Lesesenteret, som er prosjektleiar for Språkløyper, seier at ei rekkje kompetanseutviklingspakkar er på gang for både ungdomstrinnet og vidaregåande i tida framover.

- Ideelt sett skulle me hatt kompetanseutviklingspakkar for alle fag. Det klarer me nok ikkje, men me har planar om å laga pakkar i ganske mange fag i løpet av perioden 2016 - 2019. Og så må me håpe at lærarane kan overføre frå eit fag til eit anna, fortel Mossige. 

Av Leif Tore Sædberg, kommunikasjonsrådgjevar, Lesesenteret