MENY

Skuleleiar har opplevd DEKOM-samarbeid med Lesesenteret som «heilt strålande»

Rektor Gunn Dirdal er nettverks-koordinator for det tidlege DEKOM-samarbeidet mellom Lesesenteret og 14 friskular i Rogaland. Nyttig, praksisnært og betre verktøy er stikkord for erfaringane ho har gjort seg i dette nybrottsarbeidet.

Gunn Dirdal - Me har opplevd å verta lytta til, oppmuntra og me blir vist kva me kan arbeida med for å nå endå lenger, seier Gunn Dirdal, til dagleg rektor ved Tryggheim Forus barne- og ungdomsskole. (Foto: Leif Tore Sædberg)

- Kva var bakgrunnen for at samarbeidet med Lesesenteret blei innleia?

- Då den nye ordninga med desentralisert kompetanseutvikling (DEKOM) skulle introduserast, kalla Fylkesmannen friskulane i Rogaland inn til eit orienteringsmøte. Her kom det fram at kommunane ikkje ynskte å ha friskulane med i sine nettverk, og representantane for friskulane gjekk då inn for at me skulle prøva å danna eit eige nettverk i denne samanhengen. Då skulane skulle leggja fram kvar dei sto i det pedagogiske arbeidet, og kva dei tenkte framover, vart det avdekka store sprik når det galdt utgangspunktet for komande satsing. Det var ganske utfordrande å få samla trådane og finna noko som me kunne samlast om, svarer Gunn Dirdal, til dagleg rektor ved Tryggheim Forus barne- og ungdomsskole.

 

- Korleis gjekk de vidare i prosessen?

- Det vart oppretta eit arbeidsutval (AU) på det første møtet, og dette AU-et skulle jobba vidare saman med kontaktperson hos Fylkesmannen og ein representant for Universitetet i Stavanger. Dei fleste friskulane er skular som er godkjende på religiøst grunnlag, og desse fylgjer stort sett offentlege fagplanar. Men òg friskular med alternativ pedagogikk er med i nettverket, og desse har eigne læreplanar og pedagogiske retningar som òg skulle inkluderast i den felles satsinga som me skulle gå for. Det var tydeleg initiert i invitasjonen til deltaking i den desentraliserte ordninga for kompetanseutvikling kva dei statlege midlane skulle knytast opp mot. Eitt av dei tre punkta var å fylgja opp elevane si utvikling innan grunnleggjande ferdigheiter, og her fann me fram til kvarandre. Alle, uansett retning, ville satsa på kompetanseutvikling innan god leseopplæring. Neste møte vart då med Lesesenteret, som ein del av Universitet i Stavanger. Etter vide ynskje frå skulane og intens lytting frå Lesesenteret sine folk landa me på prosjekt: Vurdering av lesing for god leseutvikling

 

- Kva går samarbeidet konkret ut på?

- Det går ut på at Lesesenteret får ansvar for å driva fram eit fagleg utviklingsarbeid på kvar skule, dei er mentorane våre. Så har me erfart at skulane er veldig ulike. Dette gjeld både korleis ein arbeider med utviklingsarbeid og kor ein står i fagfeltet arbeid med god leseutvikling. Her har skulane hatt ansvar for å driva utviklingsarbeidet på skulen i mellomperiodane, og også korleis ein vil leggja fram erfaringane for kvarandre internt med Lesesenteret til stades. Her trur eg at Lesesenteret sine representantar har fått utfordringar som strekkjer seg vidt med tanke på å møta kvar enkelt skule og lyfta dei vidare frå der dei er. Dette har vore svært interessant.

 

- Korleis har arbeidet vore organisert?

- Arbeidet med kompetanseutvikling har vore basert på fylgjande fem område:

1. Møte mellom Lesesenteret og to skule-/læringsleiarar frå kvar skule. Her blir representantane frå skulane utfordra på kvar ein skal leggja fokus i førelesing og oppgåver framover. Dette er møte mellom senteret og skulane der me skal finna fram til kvarandre, med lytting og formulering. Møta går jamt gjennom satsingsperioden.

2. Ein fagdag i starten på kvart semester, dvs ei stor fellesførelesing for alle tilsette på alle dei 14 skulane.

3. Arbeidsoppgåver til lærarane vert delt ut på slutten av fagdagen. Dette vert så arbeid som læraren skal planleggja gjennomført i klasserommet i ein avgrensa periode.

4. Representantar frå Lesesenteret kjem til kvar og ein skule og er til stades i presentasjon/erfaringsutveksling i personalet der fokus er på arbeidsoppgåva som vart gitt på fagdagen.

5. Skulen får i etterkant ein rapport frå senteret om det som ein merka seg som bra og det som ein merka seg som område for utvida innsats.

 

- Kva er rolla di i denne samanhengen?

- Eg har vore koordinator i nettverket. Det vil seia at eg har leia AU, som har vore samansett av tre representantar frå friskulane, og hatt ansvar for dialogen med Fylkesmannen når det gjeld tildeling og bruk av midlar til denne kompetanseutviklinga. Dei tre felles fagdagane må ha ei ramme og ei plassering med serveringar og liknande, og slike ting har AU teke seg av.

 

- Korleis har du opplevd dette samarbeidet på skulen sine vegner?

- På skulen vår har me opplevd dette samarbeidet heilt strålande. Representantane frå Lesesenteret har frå første dag vist interesse for å finna fram til kva me vil. Senteret presenterte ein modell for utviklingsarbeidet, men innhaldet er kome fram i samarbeid med skulane. Me har opplevd å verta lytta til, oppmuntra og me blir vist kva me kan arbeida med for å nå endå lenger.

 

- Kva vil du trekkja fram som positive følgjer?

- Det positive i dette utviklingsarbeidet er at det er så praksisnært, og det gjeld alle lærarane på skulen. For vår skule, som hadde planlagt å satsa på å fylgja opp elevane si læringsutvikling, så har me fått eit betre verktøy til å kunna fylgja opp elevane sine resultat i nasjonale prøvar i lesing. Dette hadde me snakka mykje om på førehand, at her hadde skulen vår eit utviklingspotensial.

 

- Kvifor vil du tilrå andre å vera med på eit partnarskap med Lesesenteret?

- Eg synes at dei tilsette som me har gleda av å samarbeida med på senteret har vore særs gode til å lytta til kva skulane vil. Dei har laga ein god modell til å driva utviklingsarbeid i, dei har levert godt fagleg innhald til fagdagane, innhaldet har vore praksisnært, og det har vore svært meiningsfullt og nyttig for framdrifta at dei har kome ut til skulane og møtt oss i praksisfeltet. Dette har vore heilt eineståande, konkluderer Gunn Dirdal, rektor ved Tryggheim Forus og nettverkskoordinator for DEKOM-samarbeidet mellom Lesesenteret og friskular i Rogaland.

 

Les meir om samarbeid med Lesesenteret!