MENY

Siste sjanse for å bli med på oppstartsamling i Språkløyper

I år oppmodar me særleg barnehagetilsette og lærarar frå Austlandsområdet til å delta – i det som er siste år med oppstartsamlingar for Språkløyper-prosjektet.

Dei digitale Språkløyper-ressursane blir sjølvsagt liggjande, og fleire kjem til i løpet av året. Men runden med oppstartsamlingar i 2019 blir dei siste ordinære i Språkløyper-prosjektet. Dermed er det ingen grunn til å venta om du ønsker å vera med! (Ressursane kan likevel brukast utan at ein har deltatt på ei slik samling)

Nærare 5000 personar frå heile landet har til nå deltatt på oppstartsamling for Språkløyper. Har du ikkje gjort det endå, er sjansen her igjen. Invitasjonen er nå sendt ut til alle kommunar og fylkeskommunar, som sender den vidare til alle sine barnehagar og skular. (Ta kontakt med din kommune eller fylkeskommune dersom invitasjonen ikkje har blitt vidaresendt innan rimeleg tid).

Her er invitasjonen som blir sendt til skule- og barnehageeigarar (pdf)

Tider og stadar for oppstartsamlingar i vår

 

  • Måndag 1. april, Trondheim(barnehage og grunnskule)
  • Tysdag 2. april, Tromsø (barnehage og grunnskule
  • Onsdag 10. april, Gardermoen (barnehage, grunnskule og vidaregåande skule
  • Torsdag 11. april, Bergen (barnehage, grunnskule og vidaregåande skule)
  • Onsdag 25. april, Stavanger (barnehage og grunnskule)

 

Flest deltakarar per innbyggar i nord …

Ei oppteljing Lesesenteret har gjort, viser at alle fylka i landet er solid representert med deltakarar på Språkløyper-oppstartsamlingane frå 2015 og fram til i dag, men at der er regionale skilnader.

Tendensen at dei tre nordlegaste fylka – Nordland, Troms og Finnmark – er blant dei med størst deltaking, justert ut frå folketalet.

Språkløyper har satsa på dei nordlege områda, og nådd fram – dei tre nordlegaste fylka er nummer 1, 4 og 7 i denne statistikken, deltakarar i høve til folketal, kommenterer prosjektleiar for Språkløyper, Margunn Mossige.

Ho presiserer at grisgrendte strok har fleire små klassar, noko som medfører fleire lærarar i høve til innbyggjartalet. Likevel er det grunn til å ta tendensen i tala på alvor.

… færre per innbyggjarar på det sentrale Austlandet

I motsett ende er Telemark nummer 13, Østfold 14, Buskerud 15, Vestfold 16, Akershus 17 – og Oslo sist på 19.plass.

Me håpar deltakarar frå Oslo og det sentrale Austlandet nyttar sjansen til å vera med på Språkløyper i denne siste runden, oppmodar Mossige.

Ho presiserer at Oslo (til liks med Sogn og Fjordane, som ligg nest sist her) begge gjort det godt på nasjonale prøvar, og kan derfor ha prioritert andre område innan barnehage- og skulesektoren. Verd å ta med her er òg at heile 11 av 26 kommunar i Sogn og Fjordane har vore eller er språkkommunar, som òg er ein del av Språkløyper-prosjektet.

Språkløyper har nådd fram

Blant dei ansvarlege for prosjektet blir det i sum trekt fram som det mest interessante at fylka i nord er så sterkt representerte på denne statistikken.

Fleire kommunar i nord har nemleg tidlegare vore blant dei svakare i nasjonale prøvar.

Det kan dermed sjå ut som om me har klart å nå dei som kanskje har mest bruk for å utvikle lese- og skriveopplæringa gjennom Språkløyper, konstaterer Margunn Mossige.

PS: «Lesesenterfylket» Rogaland og «Skrivesenterfylket» Sør-Trøndelag ligg høvesvis som nummer 8 og 6 på same statistikk.

Kva er eigentleg Språkløyper? Les meir her! Språkløyper er en nasjonal strategi for språk, lesing og skriving igangsatt av Kunnskapsdepartementet, som skal foregå i perioden 2016 til og med 2019.

Språkløyper får ros i ny rapport Mange tilsette i barnehagar og skular seier at arbeidet med kompetanseutviklingspakkane i Språkløyper har endra måten dei arbeidar med språk, lesing og skriving på.

Språkløyper er eit gratistilbod Ressursane på nettsida kan brukast vederlagsfritt og deltaking på arrangementa våre kostar ingenting.