MENY

Ressurslærarar har gode erfaringar med læringsstøttande prøvar

Eit viktig arbeid som har fremja læring og fått fram nyttig informasjon, meiner lærarar som har testa ut prøvane.

May Ørn Eriksen Vold, lærar ved Sandved skole, med elevar bak seg. May Ørn Eriksen Vold har jobba med læringsstøttande prøvar ved Sandved skole. (Foto: Leif Tore Sædberg)

Dei seinare åra har læringsstøttande prøvar blitt eit nytt verktøy for undervegsvurdering i norsk skule. Dei frivillige prøvane gjer det mogleg for lærarar å gi læringsfremjande tilbakemeldingar til elevar på alle nivå.

Under utviklinga av leseprøvane har fleire lærarar delteke i ei ressursgruppe som har prøvd ut og gitt tilbakemeldingar på arbeidet.Blant desse er May Ørn Eriksen Vold, timelærar og spes.ped.-kontakt for mellomtrinnet ved Sandved skole og Ingvill Frafjord Cederløv, kontaktlærar på 6. trinn ved Hafrsfjord skole.

Les òg: Læringsstøttende prøver i lesing: Få kunnskap om elevenes leseferdigheter

Får overblikk og resultat

Begge to har, som medlemmar av ressursgruppa for læringsstøttande prøvar, fleire år bak seg med denne typen undervegsvurdering, og dei gir prøvane gode skussmål.

- Læringsstøttande prøvar er ein veldig enkel og oversikteleg måte å få eit fagleg resultat og overblikk på i ein klasse, utan retting, sidan det er digitalt. Slike felles kartleggingar er svært nyttige i ein travel skulekvardag, der det kan vera vanskeleg å få med seg alt, seier Vold.

- Gir dei sjansen til å oppdaga elevar som er i ferd med å falla ut?

- Absolutt. Ein får eit raskt og konkret svar på korleis elevane ligg an, i staden for å nøya seg med ein «eg trur»-tankegang. Dessutan gir læringsstøttande prøvar gode høve til å jobba med ord og omgrep, det er handgripeleg å jobba med og gir gode råd og tips. Alt ligg klart, med lærarrettleiing. Ein svært god ressurs.

Les òg: Her får du vite mer om læringsstøttende prøve i leseforståelse

Viktige strategiar

Arbeidet med ord og omgrep, i samband med den læringsstøttande prøven i vokabular, har understøtta ein tidlegare tanke Vold hadde: at mange elevar manglar mange ord og omgrep som dei treng for å forklara faglege fenomen. Særleg tospråklege har vanskar her.

- Det gjer det endå viktigare å læra strategibruk for læring og lesing, noko ein blir svært medviten om gjennom arbeid med desse prøvane. Læringsstøttande prøvar dekker så mykje, derfor har dei vore bra å jobba med. Når ein prøver ulike ressursar i skulen, må ein alltid spørja seg: «Vil det fremja læring for elevane?» Her trur eg absolutt svaret er ja, konkluderer May Ørn Eriksen Vold, om dei læringsstøttande prøvane i lesing.

Les òg: Mer om læringsstøttende prøve i vokabular

Verdifull kunnskap

Cederløv gjer ei samanlikning med Carlsten-testane, som òg er brukt i norsk skule.

- Men læringsstøttande prøvar går meir i djupna, dei gjer at elevane må visa korleis dei tar til seg informasjon, og fører til meir refleksjon. Resultata seier noko eksakt om lesedugleik, og difor har eg brukt dei i samtaler med føresette, noko som har vist seg å vera verdifullt.

Mest verdifullt synest Hafrsfjord-læraren at arbeidet i etterkant av prøvane er.

- Gjennom samtalar kan ein her finna ut korleis elevane tenkjer i høve til ein tekst, kva dei har lagt merke til, kor observante lesarar dei er. Ein kan gå veldig djupt inn i læringa. Etter vokabularprøvane gjer det felles arbeidet i klassen, med gitte ord og uttrykk, at elevane lærar ein tenkemåte i høve til å læra seg nye ord. Klassesamtalen utvidar og forsterkar dette, slik at det blir mange gode døme på ulike tydingar eit uttrykk kan ha, fortel Ingvill Frafjord Cederløv.

Les òg: Læringsstøttende prøver: Den viktige veiledningen

Frivillig og internt

Det er Utdanningsdirektoratet som har ansvaret for læringsstøttande prøvar i grunnskulen, og dei ligg i dag føre innan lesing, rekning, skriving og digital dugleik. I november 2016 kom dessutan læringsstøttande prøve i vokabular.

Prøvane gir lærarane grunnlag for å vurdera kompetansen til elevane på alle nivå, og resultata skal ikkje rapporterast til Utdanningsdirektoratet.

Det er frivillig å gjennomføra prøvane, og kvar prøve har ei rettleiing som gir læraren støtte til vidare arbeid med å utvikla dugleikane til elevane.

Dei læringsstøtta prøvane blir gjennomført elektronisk i Utdanningsdirektoratets Prøvebank. Etter at elevane er ferdige, treng ikkje læraren retta innleveringane, men får resultata i prøvebanken.

Les òg: Utdanningsdirektoratet om læringsstøtta prøvar

Leseforståing …

Læringsstøttande prøvar i lesing består førebels av to prøvar, utvikla av Lesesenteret, som måler lesedugleiken til elevane på veg mot kompetansemåla etter 7. trinn.

Leseforståingsprøven tar føre seg tre aspekt ved leseforståing - å finna informasjon i tekstar, forstå og fortolka tekstar, reflektera over og vurdera innhaldet i tekstar. Den inneheld autentiske tekstar som er berekna på aldersgruppa, og som tidlegare er publiserte.

Det tar opptil 90 minutt å gjennomføra prøven, som har to oppgåveformer – fleirval og rett/galt.

Rettleiinga som følgjer med prøven, er ein viktig del av arbeidet med leseforståing. Det er tilrådd at læraren blir kjent med denne før gjennomføring av prøven, og brukar den til å jobba med leseforståinga til elevane på tvers av fag.

… og vokabular

Vokabularprøven måler ordforrådet til elevane, knytt til språket dei møter i skulefaga. Ulike dimensjonar ved vokabular - som synonym, antonym, forstavingar, samansette ord, kunnskap om uttrykk, sortering i kategoriar, ord med fleire tydingar og forståing av ord med støtte i lengre tekst – blir målt.

Prøven skal gi ein indikasjon på i kor stor grad elevane skjønar skulespråket. Orda som blir brukt i testen, er henta frå lærebøker i 6. trinn og frå andre tekstar som er retta mot denne aldersgruppa.

Også denne prøven tar maksimalt 90 minutt å gjennomføra, og skal gi informasjon som skal gjera det mogleg for læraren å leggja opp undervisinga på ein meir tilpassa måte, der elevane får ei breiare og djupare forståing av viktige ord.

Under utvikling vidare

Utdanningsdirektoratet sette tidlegare i desember, av økonomiske grunnar, den vidare utviklinga av blant anna læringsstøttande prøvar på vent.

Dei to ressurslærarane Vold og Cederløv håpar prosjektet blir utvikla vidare med tida.

- Dette har noko for seg, det har utprøvinga vist på skulen vår, seier Vold.

Les òg:

Nasjonale prøver i lesing

Slik kan du teste bokstavlæringen til elevene

Få kunnskap om elevenes leseferdigheter

Tekst: Leif Tore Sædberg, kommunikasjonsrådgjevar, Lesesenteret