MENY

Oppvekstsenter er heilfrelst på Språkløyper

- Spesielt i barnehagen har Språkløyper vore utruleg vellykka, fortel einingsleiar Karen Stenslund ved Mosby Oppvekstsenter, som har anbefalt opplegget til andre.

Ein vaksen og mange barn les i Mosby Oppvekstsenter. Mosby Oppvekstsenter har allereie satsa på lesing ei tid, og satsinga har blitt endå meir gjennomført etter at dei blei med i Språkløyper. (Foto: Mosby Oppvekstsenter)

70 barnehagar og 101 barneskular var blant deltakarane på den første første runden med oppstartsamlingar for Språkløyper.

Mosby Oppvekstsenter i Kristiansand skilde seg ut, ettersom dei har både barnehage og skule frå 1. til 7. klasse. Erfaringane til oppvekstsenteret har vore svært positive sidan den gong.

Les òg: Ni av ti deltakarar i spørjeundersøking har tru på Språkløyper

Eit fagleg løft

- Spesielt i barnehagen har Språkløyper vore utruleg vellykka. Her har ein ikkje vore vant med så mange kompetanseutviklingsprogram, i alle fall ikkje i høve til språk og lesing. Og Språkløyper gjeld alle tilsette – fagarbeidarar, assistentar og pedagogisk personale. Kvaliteten er svært god, og alt ligg tilgjengeleg på nett. I tillegg synest me det er kjekt å vita at materialet er utarbeida av Lesesenteret og Skrivesenteret - som me veit har mykje kunnskap, fortel einingsleiar Karen Stenslund ved Mosby Oppvekstsenter.

Mosby har i dag drygt 80 barn i barnehagen og rundt 170 elevar i skulen. Oppvekstsenteret har frå før hatt ei satsing på lesing den seinare tida.

- Med den bakgrunnen var det ideelt å byrja med Språkløyper, for å driva kompetanseutvikling i personalet. Prosjektet er mest brukt i barnehagen, men me er òg i gang i skulen. Her legg me opp til å sjå arbeidet i eit lengre løp, ettersom temaa er fleire og spennet større. Sidan materiellet er så tilgjengeleg på nett, kan me spørja kvar enkelt lærar «Kva treng du?» Og dermed kan dei som har liknande tema og problemstillingar gå saman i mindre kollokviegrupper og jobba med det som er mest aktuelt for dei, seier einingsleiaren.

Les òg: Vanlege spørsmål og svar om Språkløyper

Informerer andre

Éin tilsett i både barnehagen og skulen har hatt funksjon som ressursperson for Språkløyper, og har dermed ansvar for arbeidet med kompetanseutvikling. Satsinga på lesing har blitt endå meir forankra som følgje av deltakinga i Språkløyper.

- I barnehagen har det gitt ein «boost» òg til det arbeidet. Bøker og lesing pregar mykje av kvardagen. Det blir lest inne, det blir lest ute, ved bordet og under bordet, for den saks skyld, seier Stenslund.

Mosby Oppvekstsenter er så nøgde med opplegget at dei har snakka varmt om det i andre samanhengar.

- Me har reklamert ein del for Språkløyper på leiargrupper, både for barneskular og barnehagar, og fått god respons. Fagleiaren vår for barnehage har blitt tilbydd oppdraget med å setja i gang Språkløyper ved to andre barnehagar i Kristiansand. Kommunen vurderer å ta prosjektet inn i kommuneplanen. Og Pedagogisk senter har stadfesta at dei har tatt det i bruk. Så ja, me har vore litt ambassadørar for Språkløyper. Når me opplever noko som er utruleg spennande, og som vil gi resultat, ønskjer me at fleire skal vera med på det, seier Karen Stenslund.

Av Leif Tore Sædberg, kommunikasjonsrådgjevar, Lesesenteret