MENY

Opplever forskinga som eit privilegium

FORSKARPRATEN: Professor Anne Mangen er genuint og personleg opptatt av tematikken i forskinga si. I år blir ho rett og slett nøydd til å ta juleferie - men tar likevel med nokre fagbøker for litt «koselesing» på Gotland.

Anne Mangen Det var ikkje gitt at eg skulle enda opp på Lesesenteret, men eg er veldig glad for at det blei slik, seier professor Anne Mangen. (Foto: Leif Tore Sædberg)

- Hei, kva held du på med akkurat nå?

- Akkurat nå har eg vore på ei svært interessant og godt framført prøveførelesing med Monica Gundersen Mitchell, så eg gler meg til å følgja disputasen hennar seinare i dag. I tillegg sit eg og jobbar med ein søknad til Marie Curie Actions; ein ITN-søknad (Innovative Training Network) som skal sendast inn i januar. Her søker me om midlar til ni stipendiatar som skal gjera empirisk forsking på litterær lesing. I den samanhengen er òg disputasen og arbeidet til Monica interessant og relevant for meg. Me skal ha eit Skype-møte om søknaden i ettermiddag, difor sit eg og jobbar litt med den parallelt.

- Fram til tidlegare i haust leia du det internasjonale forskarnettverket E-READ, korleis har det vore?

- Det har vore mykje arbeid over fire år, mykje reising og bratt læringskurve, men òg utruleg givande. Det har gitt meg eit heilt fantastisk nettverk med dyktige forskarar og hyggelege menneske, og resultert i endå fleire kontaktpunkt og moglegheiter for fleire prosjekt, for meg og kollegaer på Lesesenteret, som me vidareførar i ulike samanhengar – søknader, artikkelskriving, anna samarbeid. Me har òg fått vidare finansiering i eit halvt år, så det kjem til å halda fram, på eit endå meir internasjonalt plan, med samarbeid med forskarar frå USA og Canada. Saman søker me om ulike typar forskingsfinansiering for å vidareføra noko av den forskinga som er starta.

Så har det òg vore frustrerande til tider, på grunn av ekstremt mykje papirarbeid og rigide rammer frå EU, altså COST, og veldig lite slingringsmonn når det gjeld tidsfristar, rapportering og liknande. Retningslinjer for korleis eit COST-samarbeid skal drivast, harmonerer ikkje nødvendigvis alltid med kva som er mest hensiktsmessig i høve til forsking. 33 land har vore med, så skilnaden i erfaringar, forventningar og kva dei dei ulike representantane kan bidra med, har vore enorm. Med tilhøyrande utfordringar når det gjeld å skulle handtera denne variasjonsbreidda.

- Korleis enda du opp som forskar ved Lesesenteret?

- I perioden før budde eg og familien i USA. Eg hadde disputert ved NTNU i Trondheim i 2006, hadde akkurat fått barn og me heldt til i Santa Cruz i California, og eg søkte relevante jobbar over heile Skandinavia, eigentleg. Både eg og mannen min, som er amerikansk, var innstilt på å flytta, det hadde vore planen frå starten å ikkje bli verande i USA. Etter å søkt jobbar ved universitet i både Noreg, Sverige og Danmark var Lesesenteret den første eg fekk tilslag på. Eg må òg takka ein kollega, som nå er prodekan for forsking på fakultet for helsefag, Henriette Thune, som jobba her frå tida vår som litteraturstudentar i Tromsø. Henriette kunne anbefala Stavanger og Lesesenteret og tenkte det var ein god og gjensidig match, fordi ho kjente forskinga mi og Lesesenteret og kva som føregjekk der. Så viss det ikkje hadde vore for henne … så er det ikkje sikker eg hadde hamna her. Det var ikkje gitt at eg skulle gå i den retninga eg har gått i nå, det kunne blitt ei meir tradisjonell litteratur- eller medievitskapleg stilling på eit fakultet, men eg er veldig glad det blei Lesesenteret.

- Kva engasjerer deg i arbeidet her?

- At eg er heilt genuint og personleg opptatt av tematikken i forskinga eg driv med. Til dømes det me har høyrt om på prøveførelesinga nettopp: «Kvifor er det viktig å lesa litteratur?» Det synest eg er eit utruleg viktig tema, som det er eit privilegium å få forska på. Og så er det alle spørsmåla som kjem i høve til digitalisering, som eg òg er djupt engasjert i, fordi det har relevans for så mange område av livet, mental helse til dømes, i det heile tatt korleis me har det med oss sjølve og med kvarandre. Både den delen av lesing som går ut på å ta til seg informasjon, men òg den som handlar om å oppleva litteratur og forteljingar på dei ulike flatene. Så eg er nok så heldig at eg kan forska på tema som blir opplevd som veldig viktige for meg og som òg har relevans utover forskingskonteksten.

- Tenk deg at du må slutta som forskar. Kva hadde du gjort i staden?

-Oi, eg trur eg hadde lese masse bøker, sikkert endå meir enn nå, så eg håpar ikkje det hadde blitt leseforbod i tillegg … Ein annan jobb? Hm, eg trur og håpar at eg då hadde vore psykolog. Det er ei kjensle eg har hatt med meg heile tida - at eg kanskje like gjerne skulle studert psykologi. Men så er eg jo då så heldig at eg samarbeider med både psykologar og hjerneforskarar, så på eit vis har eg «kome dit» likevel. Men ein alternativ yrkesveg – ja, då hadde førsteønsket vore psykolog!

Skulle Anne Mangen hamna på ei aude øy, ville ho gjerne hatt Maryanne Wolf med seg. Her frå framlegget hennar under E-READs avslutningskonferanse tidlegare i haust. (Foto: Inge Schreuder-Lindløv)

 

- Kva person frå vitskapshistoria ville du stranda på ei aude øy med, og korleis hadde det blitt?

- Eh, går det an å ta nokon som ikkje er død? I tilfelle vil eg seia Maryanne Wolf. Eg ville sett pris på å hatt mykje meir tid saman med henne, fordi ho har så ekstremt brei oversikt over og djup innsikt i mange av dei spørsmåla som opptar meg òg, når det gjeld digitalisering og kognitiv utvikling og kva rolle og betyding det har for oss som menneske å lesa og engasjera oss i lengre, komplekse tekstar, gjerne litterære. Og samanhengar mellom litterær lesing og empati og perspektivtaking, som er ekstremt viktige eigenskapar for oss menneske. Det er éin person – kan eg ha fleire? Det måtte i tilfelle vore Frank Wilson. Han har skrive ei bok – «The Hand» - som har betydd mykje for forskingsretninga mi; om rolla til handa både i ei kulturhistorisk og evolusjonsbiologisk kontekst. Det hadde vore ekstremt interessant å snakka med både han og Maryanne Wolf saman, om lesing, digitalisering, og mennesket si biologiske utrusting, då særleg betydinga hendene har, blant anna korleis me bruker dei for å manøvrera i digitale tekstar. Det hadde blitt intense og interessante diskusjonar til ettertanke, iblanda mykje humor, for Maryanne Wolf er jo eit fyrverkeri av ein person, ekstremt fargerikt og livleg, men òg djupttenkande og visjonær, som mange fekk oppleva under foredraget hennar ved UiS i oktober. Det ligg mykje innsikt bak den kjappe replikken hennar. Så det hadde vore ein veldig interessant miks av interesser, ekspertise og perspektiv.

- Du får 1 milliard fra Norges forskningsråd. Kva brukar du pengane til?

- Hah! Nja, då er det det keisame svaret – at eigentleg er det ikkje pengar eg treng meir av, men tid. Men ein milliard, hmm … Først og fremst hadde eg nok finansiert den ITN-søknaden eg nemnde, som me har fått avslag på to gonger. Kanskje eg hadde prøvd å få til noko større prosjekt med Maryanne Wolf og Frank Wilson, til dømes, viss dei var interessert. I tillegg … å driva fram prosjekt lokalt, frå forskarar i programområdet vårt på Lesesenteret kunne vore aktuelt. Berømma gode initiativ, gi moglegheiter til prosjekt som ser ut til å ha potensial – som ikkje eg nødvendigvis trengte vore ein del av sjølv, fordi eg ikkje har tid. Få det til å gro nedanfrå.

- Blir det tid til julefeiring før eit nytt semester og ny forsking ventar?

- Ja, faktisk, eg trur eg blir nøydd til å ta juleferie i år! Me skal til broren min på Gotland, til forhåpentlegvis kvit jul, det er vel realistisk å håpa på når ein reiser dit. Der skal me vera frå før jul til nyttår. Skal nok ta med nokre bøker, deriblant romanar, men det blir ikkje noko skriving, i alle fall. Meir koselesing av faglitteratur. Men mest ferie.

Tekst: Leif Tore Sædberg, kommunikasjonsrådgjevar, Lesesenteret

Les òg:

COST-nettverk Det internasjonale samarbeidet ved Lesesenteret står sterkt, og innebærer blant annet deltakelse i tre COST-nettverk, hvorav vi har ledet det ene.

Samarbeid med Lesesenteret Lesesenteret er landets ledende kompetansemiljø innen språk i barnehagen, lesing og leseopplæring. Senteret en naturlig samarbeidspartner for skoler og barnehager som ønsker å satse på kompetansen til sine ansatte.

Stipendiatintervjuene Les intervjuer med doktorgradsstudentene ved Lesesenteret.