MENY

Nasjonale prøvar: 5. klasseelevar held seg på same nivå

Inga endring i elevane si meistring av engelsk og rekning, melder Utdanningsdirektoratet i dag.

Utdanningsdirektoratet presenterte i dag resultata frå nasjonale prøvar på 5. trinn.

I rapporten som er utarbeida har resultata i rekning og engelsk frå 2014 og i år blitt samanlikna. I tillegg blei det i år starta prøve i lesing.

Les òg: TIMSS-resultata: Norske elevar gjer det betre i matte

Tre hovudtrekk

Dette er momenta Utdanningsdirektoratet trekk fram:

I snitt er det ingen endringar i poenga elevane får i både engelsk og rekning.

Elevar på lågaste meistringsnivå i rekning har gått ned frå 25 til 23 prosent, men det er for tidleg å seia om denne endringa er ein trend.

Skilnadene mellom kjønna er små. Jentene har eitt poeng meir enn gutane i lesing, medan gutane har to poeng meir enn jentene i både rekning og engelsk.

Elevresultata blir rekna om til poeng på ein fast skala. Dei blir i tillegg plassert på eit meistringsnivå, der 1 er lågast og 3 er høgast.

Les òg: TIMSS-resultata: - Norsk skule er på rett veg

Nasjonale skilnader

Resultata viser vidare at elevane i Bærum og Oslo presterer i snitt tre poeng over nasjonalt nivå på alle prøvane. Kvar tredje elev i desse kommunane har resultat på høgaste meistringsnivå, opplyser Utdanningsdirektoratet.

Mellom dei ulike fylka skil det opptil fem poeng i rekning og engelsk og seks poeng i lesing.

I høve til meistringsnivå, er det delen av elevar på høgaste nivå som varierer mest mellom fylka.

Tekst: Leif Tore Sædberg, kommunikasjonsrådgjevar, Lesesenteret