MENY

Nå kan du påverka framtida til barnehagen

Den nye rammeplanen for barnehagen er ute på høyring. Trude Hoel frå Lesesenteret seier me skal vera glade for offentleg debatt rundt arbeidet med han.

Barnehagelærar og fire barn Rammeplanen styrer verksemda for norske barnehagar, og nå er den siste utgåva ute på høyring. (Illustrasjonsfoto: Gettyimages)

Arbeidet med «Rammeplan for barnehagens innhold og oppgaver,» styringsdokumentet for norske barnehagar, er i sluttfasen og blei i dag, torsdag 20. oktober, lagt ut til offentleg høyring.

"Med den nye rammeplanen blir barnehagens forpliktelser tydeligere, og det vil redusere kvalitetsforskjeller som finnes mellom barnehagene," uttalte kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen (H) i ei pressemelding.

Heilt frå starten har arbeidet vekt stor interesse og mykje engasjement.

2Q==

Trude Hoel, førsteamanuensis ved Lesesenteret.

Førsteamanuensis Trude Hoel ved Lesesenteret har jobba med og forska på barn og språk i barnehagen i ei årrekkje. Dei nasjonale kompetansesentra har vore høyringsinstans for ulike utkast til ny rammeplan, og Hoel er ein av representantane frå Lesesenteret. Her svarer ho på nokre spørsmål om den komande rammeplanen.

 

- Kva er bakgrunnen for denne rammeplanen?

- Det er vanleg å revidera styringsdokumenta med jamne mellomrom. Og store endringar har skjedd i barnehagesektoren sidan førre utgåve av rammeplanen, som kom i 2006. Mellom anna har talet på barn som går i barnehagen gått opp, og gruppesamansettinga, både knytt til alder, etnisitet og språk, er endra. Barnehagelova har blitt revidert, og barnehagesektoren har skifta departement, og ligg i dag under Kunnskapsdepartementet, noko som indikerer at barnehagen er ein del av læringsløpet. Samstundes har barnehagen ei klar forankring i ein eigen kultur og eit eige verdisett.

 

- Kvifor er rammeplanen noko som engasjerer folk?

- Barnehagen har ein viktig funksjon i samfunnet og rammeplanen har ei svært viktig rolle for kva barnehagen skal vera og korleis han skal drivast. Rammeplanarbeidet har difor engasjert mange, og ein tidvis høgt temperert, offentleg debatt har det vore. Og takk og lov for at rammeplanen involverer og engasjerer! Tenk viss foreldre, utdanningssektoren og tilsette hadde stilt seg likegyldige til prosessen. Dét ville vore eit faresignal.

 

- Kva har debatten handla om?

- Nokre moment har utmerka seg. Me har ein lang barnehagetradisjon i Noreg, som er markant knytt til eit heilskapleg læringssyn – at barn lærer gjennom deltaking, involvering, leik og medverknad. Det heilskaplege synet på barn og barndom, der barndommen har ein eigenverdi, står svært sterkt her i landet. Her har det vore knytt frykt og spekulasjonar til om dette verdigrunnlaget vil bli forkasta i rammeplanarbeidet.

 

- Kva er viktige moment i debatten?

- Det har mellom anna rådd ei uro rundt om barnehagedagen skal styrast av læringsmål for barna. Nokre har frykta at barnehagen kjem til å bli ein «mini-skule», der eigenverdien til barndommen forsvinn og alt skal handla om dei seinare, akademiske prestasjonane til barna. I tillegg er posisjonen til leiken i barnehagen eit viktig moment; det har blitt frykta at han skal mista posisjonen sin som ein av dei viktigaste livs- og læringsformane.

 

- Ei frykt for ei slags «skulifisering» av barnehagen?

- Ja, ein kan kanskje seia det på den måten. Men heldigvis har det vore opne debattar som har vore med på å nyansera – heilt frå kjøkkenbordet til Stortinget. Og det er viktig å lytta til alle nivåa for å finna dei beste løysingane for framtidas barnehage.

 

- Og språk har i tillegg stått sentralt i debatten?

- Ja, regjeringa ønska mellom anna å innføra ei språknorm for 5-åringar, men dette fekk ikkje tilslutning, og fall under stortingsbehandlinga før sommaren.

 

- Kven er debattantane?

- Både forskarar, barnehagetilsette, politikarar og foreldre har engasjert seg i debatten.

 

- Kan ein kalla det ein verdidebatt?

- På eit vis, han handlar om dei særeigne verdiane innanfor barnehagekulturen vår, i Noreg og Skandinavia.

 

- Korleis trur du det går til slutt?

- Me kjem til å få ein ny rammeplan – dét er sikkert. Målet er at han skal ha stor relevans for arbeidet i barnehagen og vera eit godt dokument å styra arbeidet etter. Det er viktig at folk engasjerer seg i denne perioden, nå når det er mogleg å påverka innhaldet i barnehagen sitt styringsdokument.

 

Av Leif Tore Sædberg, kommunikasjonsrådgjevar, Lesesenteret

 

Les òg:

Lesemiljøet i hjemmet avgjørende for barns læring

Fortsetter å forske på lese- og skrivevansker

Fra tradisjon til forskningsbasert praksis i begynneropplæringen