MENY

Nå kan du melda deg på oppstartsamling for Språkløyper

Utlysinga er sendt ut, og fristen for skular og barnehagar å melda seg på er 1. mars.

Det første «kullet» med Språkløyper-brukarar i barnehagar og skular starta det lokale, pedagogiske utviklingsarbeidet med digitale ressursar i løpet av fjoråret – etter å ha vore på oppstartsamling i løpet våren i fjor.

Nå er det tid for ny runde med oppstartsamlinger rundt om i landet.

Les òg: Sjå heile invitasjonen her (pdf)

Påmelding via kommunar og fylkeskommunar

Invitasjonen til desse samlingane er sendt ut til kommunar og fylkeskommunar, som sender denne vidare til skular og barnehagar dei har ansvar for - og sidan melder på dei som er interesserte.

Private barnehagar og skular kan sjølv melda seg på, eventuelt gjennom kjedeeigaren, dersom eininga høyrer til ei kjede.

Påmeldingsfrista er 1. mars.

Oppstartsamlinga, som er gratis, består av ein presentasjon av Språkløyper og ein gjennomgang av korleis det kan arbeidast med dei digitale ressursane på www.sprakloyper.no lokalt, på den enkelte arbeidsplassen.

Samlinga er for leiarar og ressurspersonar som skal leia utviklingsarbeidet med språk, lesing og skriving i barnehagar, grunnskular og vidaregåande skular.

Tid og stad

Her er datoane og stadane oppstartsamlinga blir arrangert på:

 

19. april: Stavanger

20. april: Bergen

21. april: Sandefjord

2. mai: Trondheim

3. mai: Bodø

4. mai: Tromsø

5. mai: Gardermoen

 

Programmet går føre seg frå kl 10.00 til 15.00 alle stadar.

Over 450 tilsette frå barnehagar, grunnskular og vidaregåande skular frå heile landet var med på den aller første oppstartsamlinga i Språkløyper, i slutten av oktober 2015.

I fjor vår var så 1150 nye deltakarar med på sju regionale oppstartsamlingar, spreidde utover Noregs land.

Læring i fellesskap

«Når lærarar lærar, lærar elevane,» er eitt av dei viktige prinsippa som ligg bak Språkløyper. Prinsippet er langt frå tatt ut av lufta, men er derimot ein av dei klare konklusjonane frå skuleforsking som er gjort, påpeikar Unni Synnøve Fuglestad, prosjektleiar for Språkløyper.

For sjølv om dei digitale ressursane i Språkløyper skal brukast av vaksne – tilsette i barnehagar og skular – er meininga at læringsutviklinga skal gå vidare til barna og ungdommane.

- Læringa og utviklinga til eleven er ofte det som motiverer lærarar, det enkelte gjerne omtalar som «magien» ved å undervisa, seier Fuglestad.

Les òg - programma for oppstartsamlinga til Språkløyer for:

Barnehage

Barnetrinnet

Ungdomstrinn og vidaregåande

Overgang barnehage-skule