MENY

Min lesesommer: Terje Torkildsen

Terje Torkildsen er forfattar og komikar. Han bruker å tilbringa sommaren i båt eller på hytta i Berlin.

Kva skal du lese i sommar?

Eg tek med meg Arrabboy av Balci når eg no reiser til Berlin, og så veit eg at eg skal lesa Den senile landmåleren av Paasilinna til ein lesesirkel i august. Så får me sjå kva eg får tid til. Eg har også mange andre hobbyar som skal dyrkast i vekene som kjem.

Kva las du sist?

Las nettopp Musikanternas uttåg av Enquist. Glimrande bok.

Berlin%201.jpg%20%28sl_bannerImage_220%29
Terje Torkildsen skal lese i Berlin i sommar. 

Har du ein litterær «guilty pleasure» eller ein forfattar/bok du meiner er undervurdert?

Nja, eg har vel kanskje litt sær smak. Les gjerne gamle bøker som har gått i gløymeboka. Og som forfattar er eg jo programforplikta til å meina at alle bøknene mine er undervurderte.

Kva for ei bok gløymer du aldri?

Mange, men eg hadde nyleg ein prat med Frode Grytten, så då er det nærliggjande å trekkja fram Bikubesong. Det er noko av det beste eg har lese.

Har du blitt overraska over at du har likt ei bok eller ein forfattar?

Nei, det trur eg ikkje. Men eg blir ofte skuffa av bøker som andre hausar opp. 

2Q==
Bikubesong er ein av favorittane.

Kva for ei bok tenker du at du bør lese, men kjem du liksom aldri i gang med, eller får lese ut?

Faust av Goethe og Ulysses av Joyce.

Lesing på stranda, ja eller nei?

Nei.

Papirbok, ebok eller lydbok – kva er best?

Papir.

Kva for ein litterær karakter kunne du tenkt deg å dra på sommerferie med, og kva skulle de ha funne på?

Ein road trip på Vestlandet med Hovlands Dr. Munk hadde sikkert vore løye.

Møt fleire sommargjester!

Terje Torkildsen

Terje Torkildsen