MENY

Leseråd for travle familiar

Mange foreldre opplever at å gje barnet støtte i leseopplæringa handlar om kor mange gonger ein skal lesa. Men du kan støtte barnet ditt i lesinga på mange ulike måtar. Anne Håland har gode råd til deg som vil hjelpa barnet ditt på veg i ein kvardag der det kan gå litt fort.

Far og datter leser Snakk om innhaldet i teksten barnet les, er eit av råda til Anne Håland.

«Far gjekk
gjennom leksene med meg
endå der var trangt nok
å kome gjennom
for meg åleine»

(Erling Indreeide)

Diktet «Gjennom leksene», oppsummerer kanskje korleis det kjennest for eit barn å gjera lekser i lag med foreldra. Likevel: Foreldre og familie sitt engasjement i den første lese- og skriveopplæringa er avgjerande for barnet sine lese- og skriveferdigheiter og akademisk suksess seinare i livet.

Det viser ein forskningsrapport (Voorhis, Maier, Epstein, Lloyd, 2013), som også peikar på at foreldre har eit stort ønskje om å støtta barna sine i lese- og skriveopplæringa, men at dei ofte har avgrensa tid til rådigheit og at dei difor ønskjer klare og praktiske råd i korleis dei kan gi støtte.

Denne rapporten tek utgangspunkt i eit internasjonalt sett av forskingslitteratur, og er ikkje avgrensa spesifikt til norske foreldre. Men det er absolutt mogleg å tru at også norske foreldre står i spennet mellom å ønskja å støtta barnet sitt, og tilmålt tid til å få det til i ein hektisk kvardag.

Her er nokre konkrete, enkle råd som det kan vera moglegå gjennomføra i ein travel kvardag, og som samtidig er verdifull støtte i lese- og skriveopplæringa.

La barnet ditt skriva

Mange barn oppdagar koplinga mellom lyd og bokstav når dei skriv. Ha difor skrivesaker lett tilgjengeleg: blyantar og pennar av ulikt slag og ark av ulik tjukkelse og storleik.

Det er fint å gjera skrivinga meiningsfull for barnet. Du kan til dømes la det skriva «snop» på handlelista før helgehandlinga eller små gratulasjonar på bursdagskort.

Elles gir skriving på datamaskin eller Ipad også viktig skrivestøtte og kan vera motiverande for barnet, nettopp fordi bokstavane og orda framstår som fine og «profesjonelle». Barn som har dårleg utvikla finmotorikk kan kjenna at dei meistrar slik skriving betre enn med blyant i handa.

Øv på bokstav-lyd-forbindelsen

For å læra å lesa må barnet vera sikker på koplinga mellom bokstav og lyd. For å automatisera denne koplinga, treng dei fleste barn langt fleire repetisjonar enn det dei vil få tilgang til på skulen. Det kan difor vera lurt å leggja inn små bokstav/lyd-øvingar i kvardagen.

Ein måte å gjera det på er at du skriv ein bokstav på ryggen til barnet og så skal barnet framkalla lyden, eller barnet kan skriva på din rygg og du skal framkalla lyden. Slike små øvingar kan fint inngå som ein del av leggeritualet ein periode, når elevane lærer bokstavane på skulen.

Også det å skriva mykje vil gi mange repetisjonar av lyd- og bokstavkoplingar.


Det kan være lurt å sitja i lag med barnet når det brukar leseappar, for å sørge for at det ikkje blir "vill gjetting".

Bruk appar

Det er utvikla ei mengde appar som har til hensikt å gjera koplinga mellom lyd og bokstav enklare. Det fine med appar er at barnet kan få høyra lyden til bokstaven. Ei slik lesestøtte kan aldri arket eller boka gi.

Mange barn opplever også den digitale støtta som motiverande og kan halda ut med aktiviteten over lengre tid. Samstundes viser heilt ny forsking frå norske klasserom at den vaksne si interesse og støtte rundt bruken av appar er avgjerande for kor stor effekten av appane er (McTigue & Uppstad, 2018).

Difor kan det vera lurt å sitja i lag med barnet når det brukar appane, slik får du tilgang til korleis barna tenkjer når dei eksempelvis trykkjer på bokstaven som høyrer til lyden og sikrar at det ikkje berre blir «vill gjetting».

Les heile ord

Nokre gonger kan det vera lurt å få barnet til å lesa heile ord. Ein begynnarlesar vil som oftast stava seg gjennom orda ved å seia fram lyd for lyd eks, s-o-l. Det kan vera strevsamt å lesa slik, og me som kan lesa, les heller ikkje slik. Ein måte å få barnet til å lesa heile ordet på, er å be dei om å kikka på ordet, lesa det inni seg og så seia ordet høgt. Slike øvingar er spesielt godt eigna til ord som anten går igjen mange gonger i teksten, eller på ord som me uttalar annleis enn slik me skriv dei, eksempelvis «jeg» og «det».

Det kan også vera ein idè å la barnet ta eit overblikk over teksten før lesinga, og peika ut ord som han eller ho trur kan bli vanskelege å lesa. Spør gjerne direkte: «Kva for eit ord trur du er det vanskelegaste å lesa i denne teksten?»
Å øvelesa på nokre utvalde vanskeleg ord før ein les teksten kan gjera lesinga enklare slik at ein slepp å streva med dei same orda kvar gong ein les ein tekst.


Bruk kunnskapen din, og snakk med barnet om verda. Slik får barn tilgang til nye ord og vil forstå meir av det dei les.

Les høgt saman med barnet

Nokre gonger kan det vera lurt å lesa leseleksa høgt saman med barnet. Slik får barnet ei kjensle av at det kan lesa, og du som vaksen får vist korleis lesinga kan høyrast ut. Du kan også tilpassa stemmen din slik at du les svakare når du høyrer at barnet greier seg meir og meir åleine. Du kan også peika på orda medan du les og slik visa korleis ord på papiret er direkte kopla til lesing av heile ord.

Snakk om innhaldet i teksten

Å lesa er meir enn å berre setja bokstavar saman til ord, også for små lesarar. Difor er det viktig å læra barnet å reflektera og tenkja over det ein les. Lesing er ikkje øving, det er å tileigna seg informasjon og opplevingar gjennom lesing.

Problemet er at mange av lesetekstane i begynnaropplæringa kan vera rimeleg enkle, og det kan vera lite å snakka om. Då kan ein eksempelvis ta utgangspunkt i teikningar og illustrasjonar som ofte finst til desse tekstane. Samtalar og fabuleringar om illustrasjonar og tekst kan understreka at me les for å oppleva.


Det kan være lurt å snakka om det ein les ...

Snakk om verda

Mange av dei som strevar med lesing gjer det fordi ord ikkje gir meining for dei. Barn får tilgang til ord gjennom språket og ved at ein brukar språket til å setja ord på opplevingar, hendingar osb. Det er difor viktig å samtala om livet og verda, eksempelvis nyheiter, fritidsaktivitetar, bøker, jobben din osb. Slik får barnet utvida sine kunnskapar, og gjennom dét også tilgang til nye ord og omgrep. Bruk kunnskapen din, anten du har kunnskapar om bilar, politikk, eller fiskestenger. Ikkje tenk at det blir for vanskeleg.

I ein travel kvardag er det lett å stilla kontrollspørsmål som, har du pussa tennene, hugsa badetøyet, rydda rommet? osb. Slike spørsmål gir lite språk, fordi dei ofte kan svarast på ved eit enkelt «ja» eller «nei». Still heller spørsmål der barnet må fortelja. «Kva gjorde de på fotballtreninga i dag?» «Fortell meg om bursdagsselskapet» og liknande.

Tekst: Anne Håland, førsteamanuensis ved Lesesenteret
Foto: Getty

Litteratur:

  • Indreeide, E. (1990). EPLEkosMOS. Remser og rim. Gyldendal Norsk Forlag.
  • McTigue, E. & Uppstad, P.H. (2018). Getting Serious About Serious Games: Best Practices for computer Games in Reading Classrooms. The Reading Teacher, doi. 10.1002/trtr.1737
  • Voorhis, F., Maier, M., Epstein, j., Lloyd, C. (2013). The Impact of Family Involvment on the Education of Children Ages 3 to 8. A Focus on Literacy and Math Achievement Outcomes and Social-Emotional Skills.  MDR. Building knowledge to improve Social Policy. www.mdrc.org

Les også: 

Appar frå Lesesenteret Lesesenteret har utvikla appar til bruk i leseopplæringa. 

Slik kan du bruke apper i leseopplæringa Da lærer Kirsten Espe tok videreutdanning i lesing, valgte hun å studere hva som kjennetegner en god app for lese- og skriveopplæring. Her er hennes beste app-tips til andre lærere.

Sett av tid til elevenes egen lesing! Lesing på fritiden er én ting, men hva med tid brukt på lesing på skolen? Er vi gode nok til å legge til rette for at alle elever får nok lesetrening og gode leseopplevelser?

Anne Håland

Anne Håland er førsteamanuensis ved Lesesenteret.