MENY

Kreativ skriving kan vera suksessfaktoren for sidemål i vidaregåande

Ny Språkløyper-pakke viser kva som kan hjelpa lærarar som står framfor oppgåva med å undervisa i nynorsk som sidemål.

Jente med kopp skriv på pc Den nye Språkløyper-pakken Nynorsk som sidemål skal gi både inspirasjon, påfyll og gode råd for lærarar i vidaregåande opplæring som skal i gang med denne delen av norskfaget. (Foto: Getty)

Sidemål er ein sentral og tradisjonsrik del av norskfaget, men undervisinga – som i rundt ni av ti tilfelle er i nynorsk - kan vera utfordrande. Både i det offentlege ordskiftet og blant enkelte elevar har haldninga til tider vore prega av motstand.

Den nye Språkløyper-pakken Nynorsk som sidemål skal gi både inspirasjon, påfyll og gode råd for lærarar i vidaregåande opplæring som skal i gang med denne delen av norskfaget.

I denne digitale ressursen blir mellom anna verdien av kreativ skriving framheva.

- Nynorskundervisinga har ofte vore assosiert med grammatikk-pugg og instrumentell læring, men forsking viser at for einsidig fokus på grammatikk verken gir elevane lyst til å lære, eller gir gode resultat for språkutviklinga deira, fortel Marit Brekke, rådgjevar ved Nynorsksenteret, i ein av videoane.

- Vi trur kreativ skriving kan vera ein fin innfallsvinkel til å kunna utforska nynorsk for elevane. Det førebur elevane til å leita etter nyansar i eige språk, og det trur vi er ei viktig språkerfaring. I tillegg blir elevane aktiviserte gjennom skriving. Dei må tenkje på ordforråd og tekstbinding, er nokre av poenga ho framhevar.

Det er Nynorsksenteret som har laga og produsert Nynorsk som sidemål, i samarbeid med Lesesenteret.

Kompetanseutviklingspakken Nynorsk som sidemål for vidaregåande består nå av tre økter.

Det er òg laga ein kompetanseutviklingspakke for nynorsk som sidemål på ungdomstrinnet.

Tekst: Leif Tore Sædberg, kommunikasjonsrådgjevar, Lesesenteret

Les òg:

Språkvanskar hjå skulebarn – kva kan du gjera? Språkløypers nye kompetanseutviklingspakke gir deg svar dersom du uroar deg over elevar i klassen som ikkje tileignar seg språk som vanleg.

Slik lukkast du med nynorsk som sidemål på ungdomstrinnet Jau, vi kan! Denne nye Språkløyper-pakken og høgskulelektor Hjalmar Eiksund har råda du som lærar treng for å gi undervisinga ein ekstra boost.

Språkvanskar i barnehagealder tema i Språkløyper Flunkande ny, digital ressurs for barnehagepersonell er publisert.