MENY

Korleis arbeider lærarar med fagtekster i undervising for fleirspråklege elevar?

Å lesa «akademisk» er ikkje berre noko studentar gjer - allereie på barnetrinnet må elevar lesa fagtekstar med eit akademisk språk. Stipendiat Hege Rangnes forskar på korleis lærarar arbeider med fagtekstar i samfunnsfag på mellomtrinnet – med eit særleg blikk på undervising for fleirspråklege elevar.

Namn: Hege Rangnes

Aktuell: Byrja doktorgradsløpet ved Lesesenteret i januar i fjor.

Førebels tittel: «Å lære av fagtekster – hvordan lærere tilrettelegger for flerspråklige elevers tilgang til fagtekster»

Fagleg bakgrunn: Lærarutdanning frå Høgskolen i Stavanger. 20 års røynsle som lærar, hovudsakeleg frå mellomtrinnet ved Gautesete skole. Vidareutdanning i norsk som andrespråk. Fullførte mastergrad i spesialpedagogikk (med fordjuping i lesing) ved Universitetet i Stavanger for fem år sidan. Universitetslektor ved Lesesenteret i halvanna år før stipendiatperioden.

 

- Kva går doktorgradsarbeidet ditt ut på?

- Eg undersøker korleis lærarar arbeider med fagtekstar i samfunnsfag – med eit særleg blikk på korleis dei legg til rette for fleirspråklege elevar sin tilgang til tekstane. Fagtekstar, som til dømes er brukt i samfunnsfag, er ofte prega av eit akademisk språk som skil seg frå det språket me bruker i daglegtalen vår. Eit døme på det akademiske språket er fagspesifikke ord som «ytringsfridom» i samfunnsfag eller «fotosyntese» i naturfag. Men me har òg meir generelle akademiske ord som går på tvers av fag, til dømes «redusere» og «prosess.» Mange fleirspråklege – og einspråklege for den del – strevar med å forstå fagtekstar med eit slikt akademisk språk. I prosjektet mitt ser eg på korleis lærarar arbeider med desse tekstane. Det gjer eg gjennom tre studiar: I den første undersøker eg derfor kva utfordringar lærarar identifiserer når dei arbeider med fagtekstar i undervisinga. Eg undersøker òg korleis lærarar snakkar om fagtekstar i klasserommet og korleis elevar snakkar om tekstane i grupper. I den siste studien prøver lærarane ut ein vokabularprøve.

 

- Kva er essensen i ein slik prøve?

- Prøven er ein del av dei læringsstøttande prøvane i lesing, og set fokus på det akademiske språket. Den måler elevane sin kunnskap om det akademiske vokabularet. Prøven er eit verktøy for undervegsvurderinga til lærarane, og i rettleiinga blir det gitt klasseromsnære døme på korleis ein kan arbeida med ord i undervisinga.

Nynorsk%20ungd.sk.jpg%20%28rw_largeArt_1201%29

I avhandlinga si ser Hege Rangnes nærare på korleis lærarar arbeider med fagtekstar i samfunnsfag. Særleg rettar ho blikket på korleis dei legg til rette for fleirspråklege elevar sin tilgang til tekstane. (Illustrasjonsfoto: Getty)

 

- Kven er dei fleirspråklege elevane i studien din?

- Her er det viktig å presisera at fleirspråklege elevar er ei svært heterogen gruppe, både når det gjeld bakgrunn, språk, kultur og kor langt dei har kome i utviklinga av det norske språket. Det betyr at mange fleirspråklege elevar ikkje strevar med å forstå fagtekstane som blir nytta i skulen. Samtidig veit me at det kan ta fem til sju år å utvikla det akademiske språket som blir brukt i fagtekstar. I mitt prosjekt har eg derfor eit særleg blikk på undervising for fleirspråklege elevar som deltar i ordinær undervising, men som ennå ikkje har utvikla det akademiske språket som er brukt i skulen.

 

- Kvifor er det viktig å forska på dette feltet?

- Prosjektet mitt handlar om fleirspråklege elevar, undervising, lesing og læring, noko som er veldig aktuelt i skulekvardagen. Jo eldre elevane blir, jo meir tekstbasert blir læringa – det vil seia at dei må lesa for å læra. Og mange lærarar på mellomtrinnet opplever at ein del elevar strevar med å skjøna desse fagtekstane. Me treng difor meir fokus på leseopplæringa på mellomtrinnet. Å få kunnskap om kva erfaringar lærarane har om arbeid med fagtekstar, og korleis dei brukar prøveresultat til å reflektera over sin praksis og si forståing av læringa og utviklinga til elevane, kan difor gi viktige innspel til både lærar- og vidareutdanningane av lærarane.

 

- Korleis har du konkret gått fram i arbeidet?

- I byrjinga brukte eg mykje tid på å lesa aktuell litteratur og orientera meg i fagfeltet. Etter kvart byrja eg å innhenta data; og sidan dette er eit kvalitativt studium, har eg intervjua lærarar på mellomtrinnet som arbeider på skular med relativt mange fleirspråklege elevar, og eg har observert i klasserom over fleire veker. Konkret er ni lærarar på fleire skular på Vestlandet intervjua, og eg har observert i to klasserom i same område. Alle intervjua og observasjonane er så blitt transkriberte, altså skrivne ned. Det er mykje material å forhalda seg til, så eg har brukt eit dataprogram som heiter NVivo for å rydda i det. Det er spennande å sjå kva som dukkar opp når eg jobbar med materialet.

minoritetsspr%C3%A5klige.jpg%20%28rw_largeArt_1201%29

Fleirspråklege elevar er ei svært heterogen gruppe, både når det gjeld bakgrunn, språk, kultur og kor langt dei har kome i utviklinga av det norske språket. (Illustrasjonsfoto: Getty)

 

- På kva måte då?

- Til dømes sa ein av lærarane i den første intervjustudien at ho var usikker på korleis ho skulle leggja til rette for fleirspråklige elevar i undervisinga. Ho skildra det som vanskeleg, og at sjølv om ho visste at ho skulle arbeide med ord, visste ho ikkje så mykje anna. Dette vekka interessa mi og gjorde meg nysgjerrig - kva meinte læraren med det? Var det noko som var vanskeleg når ein jobba med ord, eller var det kanskje andre ting dei opplevde som utfordrande for elevane si læring, eller tilrettelegging for læring, av fagtekstar? Kva sa dei andre lærarane som eg intervjua i denne studien? Dette blei på sett og vis «brillene» eg tok på meg då eg byrja arbeidet med materialet frå den første intervjustudien eg hadde.

L%C3%A6rarar%20driv%20l%C3%A6ringsutvikling.jpg%20%28rw_largeArt_1201%29

Ein av lærarane i den første intervjustudien uttalte at ho fann det vanskeleg å leggja til rette for fleirspråklege elevar i undervisinga, ei utsegn som blei ein augeopnar. (Illustrasjonsfoto: Getty)

- Med andre ord var ei konkret utsegn med på å styra arbeidet i ei bestemt retning?

- Ja, faktisk. Og dét er jo veldig spennande - å sjå kva som ligg i materialet når ein les nærmare gjennom det.

 

- Kvifor ønska du å ta ein doktorgrad?

- Det er faktisk ein veldig gammal draum eg har hatt  - så at eg faktisk har fått moglegheita til det, er jo veldig kjekt. Eg har mange års erfaring som lærar, og har vore spesielt opptatt av undervising for fleirspråklege elevar, arbeid med ord i tekstar og generelt korleis ein kan arbeida med fagtekstar for å auka leseforståinga til elevane. Eg har sjølv opplevd i undervisinga at det kan vera vanskeleg å leggja til rette for at elevar faktisk skal forstå fagtekstar og læra noko av dei. At eg nå kan få vera med på å utvikla kunnskap som kanskje kan belysa nokre av desse utfordringane, synest eg er både nyttig og spennande. Det er jo eit kjempeaktuelt tema, som berører elevar og lærarar i skulen i aukande grad.

 

- Kva overraskande eller uventa vendingar har arbeidet tatt undervegs?

- Å finna vegen inn i prosjektet, syntest eg var vanskeleg - mykje vanskelegare enn eg trudde på førehand. I tillegg finst det allereie så kolossalt mykje litteratur der ute, og dersom eg kom med nokre nye innspel i starten, aktiviserte det nærast eit heilt nytt fagfelt, i alle fall nye artiklar og ny litteratur å setja seg inn i. I tillegg er det eit poeng kor mykje prosjektet endrar seg undervegs, det er verkeleg «work in progress.»

 

- Kva håpar du kan koma ut av forskinga di?

- Eg håpar eg kan vera med på å gi innspel til lærarutdanningar, vidareutdanningar for lærarar og kanskje òg peika på kva me treng av framtidig forsking, med tema som fleirspråklege elevar, undervising og pedagogisk bruk av prøvar.

 

- Korleis er det å ta ei doktorgradsavhandling ved Lesesenteret?

- Eg synest dette er ein fantastisk spennande arbeidsplass, det skjer så mykje som handlar om læring i både barnehage og skule. Det er inspirerande å få jobba med så mange flinke og rause folk – eg har supre rettleiarar, gode kollegaer, god leiing. Det å heile tida få opna nye dører og forstå ting på nye måtar, er noko eg synest er utviklande, spennande og  utfordrande.

 

- Kva planar eller ønske har du for framtida?

- Eg ønsker å gjera ferdig doktoravhandlinga, og så har eg veldig lyst til å halda fram med å bidra med kunnskap inn mot praksisfeltet – med særleg blikk på undervising, prøvefeltet og fleirspråklege elevar.

 

Tekst: Leif Tore Sædberg, kommunikasjonsrådgjevar, Lesesenteret

Video/redigering: Trond Egil Toft, kommunikasjonsrådgjevar, Lesesenteret

 

Les òg:

Litteraturfagets plass i skolen Noen mener at litteraturarbeidet i skolens norskfag er og bør være noe helt annet enn i høyere utdanning og akademia. Men Aslaug Fodstad Gourvennecs ph.d.-arbeid viser at skoleelever må få jobbe med litteratur på en måte som tilhører faget.

Le@rning by blogging Arne Olav Nygards doktorgradsavhandling viser at skulen kan gi viktige tilskot til læring gjennom systematisk bruk av digitale hjelpemiddel. Sjølv meiner han at forskarar bør blogga meir.

Les alle stipendiat-intervjuene!

 

Korleis arbeider lærarar med fagtekster i undervising for fleirspråklege elevar?

Hege Rangnes (Foto: Elisabeth Tønnessen)