MENY

Internasjonal bokpris til antologi

Boka «Critical Digital Literacies as Social Praxis: Intersections and Challenges» (Peter Lang, 2013), redigert av Juli Anna Ávila og Jessica Zacher Pandya, fekk 5. desember 2014 «The Edward B. Fry Book Award».

Prisen blir ein gong årleg gitt til ei bok som gir substansielle bidrag til kunnskapen om literacy, som utforsker literacypraksisar og som viser vilje til å ta dristig, men ansvarlig intellektuell risiko. I denne boka bidrar doktorgradsstipendiat Arne Olav Nygard med artikkelen «Perforating School: Digital Literacy in an Arts and Crafts Class».

Pris - og god bokmelding

Antologien blei også meldt i Teachers College Record (www.tcrecord.org, publ. 9.8.2013). Her blir Arne Olav Nygards artikkel framheva som "one of the best of the book":  "It is truly exemplary because it shows the importance of using technology, not to enhance the current learning environment, but using technology to create entirely new ways of organizing the classroom."
 
Teknologi - og kunstundervising

I artikkelen drøftar Nygard bruk av kommunikasjonsteknologi i kunst- og håndverksundervisinga. Han utfordrer rådande oppfatningar om at det skal eksistere eit gap mellom dei ‘teknologisk innfødde’ (ungdom/elevar) og dei ‘digitale immigrantane’ (vaksne/lærarar). Han vektlegg læraren sin profesjonalitet og rolla som inspirator:

[…] «As we have seen, students refer to Anne as an inspiration when it comes to digital media use, mentioning how her blog is constantly updated and interesting to follow, but mainly because they find her inspiring as a photographer and a professional with a passion for what she does.» (ibid. s. 102)

Nygard poengterer óg at det er forskjell på å bruke teknologien til å konsumere og til å produsere, og kaller det ei myte at tenåringar er spesielt innovative på dei digitale arenaene:

[…] «In these cases, teachers and school contributed not only to introducing social media and new technology, but also to contextualizing these tools and enabling the students to reflect on their digital behavior and to use the digital tools as a means of empowerment rather than just pure entertainment.» (ibid. - s. 104)

Bloggtekstar til PhD-prosjekt

- Moro, Arne Olav Nygard?9k=

- Veldig moro! Dette er jo ein del av eit større arbeid som leier fram mot PhD-prosjektet mitt, kor eg mellom anna skal observere og intervjue, samt samle tekstar frå ein klasse, noko av det som bloggtekstar.

- Kva interessant finn du i bloggtekstar?

- Gjennom desse observasjonane, og spesielt gjennom tekstanalyse av bloggtekstar frå ein elev, er det mogleg å spore ulike typar identitet i ein og same tekst, til dømes måtar å presentere og omtale eigne bilete på som kan vere teikn på at eleven er i ferd med å skrive seg inn i ein kunstnaridentitet; han nyttar tekstane sine på bloggen til å ta ein posisjon i eit fagfelt.
 
Gode 'skills'?

- Du skriv om 'digital literacy'. Dette omgrepet - literacy - det er ikkje heilt lett å få grep om? Handlar det om ferdigheiter - 'gode skills'?

- Literacy kjem frå 'letters' og har med tekstkultur å gjere. Det handler ikkje berre om lese-skills og skrive-skills, men også om dei kulturelle implikasjonane ved bruk av tekst. Det å være literate - det er å skjønne konvensjonane for tekst, å vere vâr for teksten si rolle. Ordet tilgangskompetanse blir brukt av einskilde. Det er den kompetansen du treng for å få tilgang til skriftkultur.

- Så elevane skal lære å navigere i ein tekstkultur?

- Ja, men ikkje berre det. Omgrepet «New Literacy Studies" blei etablert av James Paul Gee. Han peikar på at ikkje alle skjønar skulen sin literacy. Dei skjøner ikkje korleis dei skal pusle saman ord og setningar for å nå fram og bli lytta til. Korleis du skal te deg. Akademikarungane har dette med seg på brødskiva heimefrå. Dei har lært seg diskursen. Konvensjonane. Dei har lettare for å nå makta.

- Språk er makt, som det gamle munnhellet seier. Men kor blei det digitale av?

- Gee presenterer altså ein teori som går inn i dette; språklege ytringar koblas til spørsmål om identitet, kontekst og makt. I vårt samfunn er kunnskap organisert gjennom tekst - og denne kunnskapsorganiseringa skjer i aukande grad i digitale medium. Her handlar det kanskje om at me må ta andre grep enn med andre medier. Prosjektet mitt handlar om utfordringane skulen står overfor i møte med det digitale, men òg om potensiala som ligg der.

Utgitt på Peter Lang International Academic Publishers.

Tekst: Kjell Inge Torgersen

Forside av boka: «Critical Digital Literacies as Social Praxis: Intersections and Challenges»