MENY

Her er dei 28 nye språkkommunane

Lista blei offentleggjort i dag, og inneheld kommunar frå Finnmark i nord til Vest-Agder i sør.

Nye%20spr%C3%A5kkommunar.jpg%20%28rw_largeArt_1201%29

Språkkommunane skal ha ei systematisk og heilskapleg satsing på språk, lesing og skriving i barnehagar, grunnskular og vidaregåande skular. (Illustrasjonsfoto: Getty)

Noreg fekk i dag 28 nye språkkommunar, då Kunnskapsdepartementet avslørte lista over dei utvalde. 

Dei nye språkkommunane er spreidde over heile landet, og her er oversikta:

Finnmark

 

  •   Kvalsund
  •   Båtsfjord

Troms

 

  •   Harstad

Nordland

  •   Herøy
  •   Alstahaug
  •   Brønnøysund

Nord-Trøndelag

 

  •   Frosta

Sør-Trøndelag

  •   Ørland

Oppland

  •   Nordre Land
  •   Sør-Aurdal

Telemark

  •   Kviteseid

Vestfold

  •   Svelvik

Møre og Romsdal

  •   Midsund

Sogn og Fjordane

 

  •   Luster
  •   Bremanger
  •   Vågsøy
  •   Selje                        
  •   Eid                      
  •   Gloppen
  •   Hornindal
  •   Stryn

Hordaland

  •   Stord
  •   Fjell
  •   Lindås
  •   Bømlo

Rogaland

  •   Strand

Vest-Agder

  •   Kvinesdal

Østfold

  •   Råde

 

Les og: Desse kommunane blei språkkommunar i fjor

Andre runde i år

I fjor blei 27 kommunar utvalde, og totalt er det dermed 55 språkkommunar i Noreg i dag, fortel Kunnskapsdepartementet i ei pressemelding.

Språkkommunar er ein del av regjeringa si satsing Språkløyper - nasjonal strategi for språk, lesing og skriving 2016-2019

Målet med språkkommunar er å styrka språkmiljøet i barnehagen og gjera elevane i skulane betre til å lesa og skriva.

38 kommunar søkte om å få denne statusen i år, og 28 blei altså valde ut. Utdanningsdirektoratet har i utveljinga lagt vekt på at språkkommunane skal ha ei systematisk og heilskapleg satsing på språk, lesing og skriving i barnehagar, grunnskular og vidaregåande skular.

Les òg: Å bli språkkommune har auka motivasjonen i Sykkylven

Skal jobba målretta

30 millionar kroner er i år som i fjor sett av til satsinga. Språkkommunane får tilskot til å etablera og drifta lokale nettverk, opplyser Kunnskapsdepartementet.

Lærarar og barnehagelærarar skal delta i desse faglege nettverka for å utvikla nye måtar å jobba lokalt på med språk, lesing og skriving.

Kommunane får i tillegg tilskot til delvis frikjøp av ressurslærarar, og dei får òg fagleg støtte undervegs frå Lesesenteret og Skrivesenteret.

"Kommunene blir viktige forbilder i arbeidet med språk i barnehager, skoler og videregående," uttaler kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen i pressemeldinga.

Les òg: Språkkommunen Hammerfest er glad for struktur og raud tråd

Mange slit med lesing og skriving

Språkkommunar og Språkløyper er ein del av ei stor satsing på tidleg innsats, som regjeringa har sett i gang. Bakgrunnen er at mange barn i skulealder slit med grunnleggjande lese- og skrivedugleikar. På nasjonale prøvar i lesing hausten 2016 var 23 prosent av jentene og 28 prosent av gutane i 5. klasse på det lågaste meistringsnivået, heiter det i pressemeldinga.

"Språk er viktig for barns lek, vennskap og læring i barnehagen, og det er avgjørende for elevers faglige og sosiale utvikling på skolen. Derfor er det flott at så mange barnehagelærere og lærere engasjerer seg i kommunene. Det gir mange spennende satsinger over hele landet," kommenterer kunnskapsministeren.

Tekst: Leif Tore Sædberg, kommunikasjonsrådgjevar, Lesesenteret

Les òg:

Fjaler, Gulen og Hyllestad har samarbeida som språkkommunar Å vere språkkommune gjev høve til å få eit skikkeleg fokus på språkarbeidet og systematisk og heilskapleg utviklingsarbeid, seier utviklingsleiar Åsmund Bertelsen.

Språkkommunen Nærøy har fått flere aha-opplevelser og ny bevissthet - Vi har lært veldig mye, både om oss selv og hvordan vi kan arbeide systematisk over tid, sier oppvekst- og kultursjef Kirsti Sandnes Fjær.