MENY

Ha papira i orden

Norske arbeidsgiverar legg meir vekt på vitnemålet enn på arbeidstakarane sin faktiske ferdigheiter i lesing og rekning. I andre land er det motsett.

Tenk deg to personar med like gode ferdigheiter der den eine har vitnemål frå vidaregåande skule og den andre ikkje. Vil da den med fullført utdanning ha større muligheit for å vera i arbeid enn den som ikkje har det? Det andre ytterpunktet vil vera to personar der den eine har gode basisferdigheiter, men ikkje vitnemål, og den andre har vitnemål, men svake basisferdigheiter. Kven har best moglegheit for å få jobb? Kjersti Lundetræ ved Lesesenteret har sett nærare på dette.

– Det er mykje lettare å få arbeid i Noreg for ungdom som har fullført vidaregåande skule, enn for dei som ikkje har det. Eit vitnemål fører til at basisferdigheitene får mindre relevans for om dei er i jobb eller ikkje, seier Lundetræ.

At utdanningsnivå og basisferdigheiter høyrer saman, er klart for dei fleste. I artikkelen «Do basic skills predict youth unemployment
also when controlled for accomplished upper secondary school?» ser Kjersti Lundetræ på samanhengen mellom utdanning, basisferdigheiter i lesing og matematikk og arbeidsløyse hos unge mellom 16 og 24 år i Noreg, Canada, USA og Italia.

– Alle seier at utdanning er viktig, og det er politisk stor uro for at så mange droppar ut av vidaregåande skule. Eg ville undersøkje om
det er vitnemålet som bekreftar fullført vidaregåande skule, eller basisferdigheitene som er avgjerande for om du er i arbeid eller ikkje, seier Lundetræ.

Vitnemål er viktigast i Noreg

Både kompetansen som vitnemål representerer, og basisferdigheiter blir verdsette ulikt på arbeidsmarknaden i dei forskjellige landa. Det er viktigare med vitnemål i Noreg enn i dei andre landa. Her på berget ser ein meir på papiret enn på basisferdigheitene. Self-made man»-idealet synest større i for eksempel USA, der gode basisferdigheiter kan bøte for manglande utdanning.

– Basisferdigheitene er viktig i alle landa, og det er forståeleg nok ein klar samanheng mellom utdanningsnivå og ferdigheitsnivå. Det ser ut til at fullført vidaregåande utdanning har mindre å seie for arbeidsløyse blant ungdom i USA enn i dei andre landa. Har ein gode basisferdigheiter, har fullført vidaregåande mindre å seie for om ein får seg jobb, seier Lundetræ.

Kritisk låge ferdigheiter gir størst risiko

Artikkelen er basert på data frå ALL-undersøkinga (Adult Literacy and Life Skills Survey) frå 2003. Resultata frå ALL deler basisferdigheitene i 5 nivå. OECD definerer nivå 3 som tilfredsstillande, og Lundetræ bruker dette som eit referansenivå. Ferdigheiter på nivå 1 vert definert som kritisk låge. Ti prosent av norsk ungdom mellom 16 og 24 år er innanfor denne gruppa.

– I USA har dei med ferdigheiter på lågaste nivå 4 gonger så stor risiko for å vere arbeidsledige som dei som er på referansenivået. Uavhengig av om dei har vitnemål for fullført utdanning eller ikkje. I dei andre landa er denne forskjellen ikkje så tydeleg, sjølv om det er ein tendens også der, seier Lundetræ.

Italia er det landet som har lågast ferdigheitsnivå. Her var òg arbeidsløysa blant ungdom høgast (35 prosent). I Noreg var ho på same tid på berre 11 prosent. Lundetræ tek høgd for at desse forskjellane kan ha innverknad på resultata.

Ja takk, begge deler

I Canada vert både fullført utdanning og basisferdigheiter lagt stor vekt på ved tilsetjing av ungdom. Både fullført utdanning og gode basisferdigheiter er faktorar som har innverknad på om 16–24-åringar er sysselsette eller ikkje.

– Sjølv om fullført vidaregåande i seg sjølv ikkje er ein garanti for arbeid i desse landa, vil utdanning i dei fleste tilfella føre til betre basisferdigheiter. Det ville jo være trist både for den vidaregåande skulen og for elevane om det ikkje var slik, avsluttar Lundetræ.

TEKST: Trond Egil Toft
FOTO: Elisabeth Tønnesen

Jente med ansiktet bak et vitnemål