MENY

God leseopplæring med gode (lese)lærarar

Ein dyktig lærar løftar lesekompetansen til elevane høgare enn ein kan forventa ut frå føresetnadane deira. Kva er det då desse lærarane gjer? Studiar viser at det er ein del fellestrekk ved lærarar som lukkast spesielt godt med å støtta elevane sine i lesinga og læringa. Når ein ønsker å arbeida systematisk med lesing kan det vera nyttig å sjå nærare på kva som kjenneteiknar leseopplæringa i desse klasseromma.

Framover kjem me til å publisera ressursar på nettsida i større grad enn den seinare tida. Ressursene er basert på ulike Språkløyper-pakker. Denne gangen er ressursen basert på Språkløyper-pakken God leseopplæring.

Øystein Anmarkrud (2007) og Astrid Roe (2014) oppsummerer ein del fellestrekk ein har sett i undervisningspraksisen til lærarar som over tid har hatt elevar med positiv leseutvikling.

Støtte til å arbeida med generelt god leseopplæring i eige klasserom kan ein finna i Språkløyper, i kompetanseutviklingspakka God leseopplæring.

God planlegging og samanheng

Læraren er den som leiar samspelet mellom lesar, tekst og arbeidsmåte, og eit trekk ved dei dyktige lærarane er nettopp at opplæringa ber preg av god planlegging: læraren har ein klar tanke om kva elevane skal læra og det er samanheng mellom organisering, aktivitet og oppgåve. Å gi elevane reelle valmoglegheiter og tilgang på eit bredt utval av tekstar bidreg til å utvikla god sjangerkunnskap om ulike typar tekstar og strukturar. 

Lesing som sosial praksis

Å sjå på lesing som ein sosial aktivitet er å leggja til rette for at det å forstå tekstar i stor grad er ein sosial prosess der ein kan nå lenger gjennom å snakka saman og hjelpa kvarandre. Noko av det forskarane såg då dei observerte undervisninga i klasserom der elevane synte god framgang i leseforståinga, var at det var høg kvalitet på klasseromssamtalane. Lærarane inviterte til samtalar og diskusjonar om tekstane elevane las, og spørsmåla som vart stilte var opne og ga rom for undring og ulike meiningar, meir enn at spørsmåla frå læraren var kontrollerande. Slike klasseromssamtalar fører til eit språkleg og læringsorientert miljø, der elevane blir aktive og engasjerte. Det fremjar også samarbeidslæring, og elevane lærer å spørja og hjelpa kvarandre i læringsarbeidet, fordi det å gjera feil eller stå fast blir sett på som ein del av læringsprosessen.

Når lærarane i tillegg er bevisste på å gjera koplingar til tidlegare tekstar dei veit elevane har lese og arbeidd med, også på tvers av fag, får ein også synleggjort for elevane at kunnskapen dei har tileigna seg gjennom lesing tidlegare kan brukast til noko.

Systematisk arbeid og eksplisitt undervisning

Dei dyktige lærarane arbeider bevisst med tekstar, med lesing, samtale og skriving, som ein del av den daglege undervisningspraksisen. Arbeid med leseforståing må vera systematisk og kontinuerleg, fordi det å læra i fag handlar mykje om å forstå tekstar.  Undervisning for å gi elevane god leseforståing handlar mykje om å utvikla elevane sitt ordforråd, aktivera forkunnskapar og integrera arbeid med lesestrategiar i alle fag. Ulike læringssituasjonar bør utnyttast til å arbeida med lesestrategiar, gjennom eksplisitt undervisning og modellering for elevane. Det vil seia at å visa elevane i praksis korleis ein kan bruka strategiane i møte med tekstane.

Korleis kan alle lærarar leggja til rette for å utvikla lesekompetansen til elevane?

Å utvikla lesekompetanse er ein samansett prosess, og det er mange ulike faktorarar som speler i lag. Når ein vil leggja til rette for at elevane skal læra og utvikla kompetanse gjennom lesing, kan me læra av det me ser dei dyktige lærarane gjer. God leseopplæring inneber å arbeida med  ulike kjenneteikn ved god leseopplæring, og planleggja lesearbeidet i klasserommet på ein måte som bidreg til å:

  • utvikla lesarar som er engasjerte
  • utvikla lesarar som er strategiske 
  • utvikla lesarar med gode språklege ferdigheiter
  • utvikla lesarar med god tekstkompetanse

Når ein ønsker å utvikla eigen eller skulen sin praksis, kan det vera hensiktsmessig å fokusera spesielt på ein av desse faktorane i ein gitt periode. Dette kan gjerast gjennom å analysera eigen praksis, observera kva elevane gjer i klasserommet, planleggja utprøvingar i klasserommet i samarbeid med kollegaer og drøfta erfaringar i etterkant.

I kompetanseutviklingspakka God leseopplæring vil ein finna støtte til korleis ein kan arbeida systematisk i klasserommet med å utvikla både sin eigen og elevane sin kunnskap om lesing.

 

Av Unni Fuglestad, universitetslektor ved Lesesenteret

 

Kjelder:

Anmarkrud, Ø. (2007): Spesielt dyktige læreres leseundervisning – med fokus på leseforståelse. I Bråten, I. (red): Leseforståelse. Lesing i kunnskapssamfunnet – teori og praksis. Oslo: Cappelen Akademisk forlag

Roe, A. (2014): Lesedidaktikk – etter den første leseopplæringen (3. utg). Oslo: Universitetsforlaget