MENY

Endå meir å hente for vidaregåande i Språkløyper

Bruk av Språkløyper gjer at elevar kan meistre både vidaregåande og høgare utdanning betre. Dessutan kan det hjelpe dei i yrkeslivet og gi auka livsmeistring og samfunnsdeltaking.

Nokre vidaregåande skular har deltatt på oppstartsamlingar for Språkløyper og tatt dei gratis og forskingsbaserte ressursane i bruk. Hovudtyngda av brukarane jobbar likevel i grunnskule og barnehage, men nå ligg alt til rette for at denne trenden kan endre seg.

- I utviklinga av Språkløyper blei dei yngste prioritert først, men etter kvart har vi nå produsert så mykje for vidaregåande at vi er stolte av å tilby kompetanseutviklingspakkar til bruk i felles kompetanseutvikling i kollegium i vidaregåande opplæring òg, forklarer Margunn Mossige, prosjektleiar for Språkløyper og førstelektor ved Lesesenteret.

 

Nå er det snart oppstartsamling for Språkløyper - les korleis du blir påmeld

 

- Kva kan du seie om tilbodet til vidaregåande i Språkløyper per i dag?

- Sidan det er større spesialisering i vidaregåande opplæring enn i grunnskulen, har vi valt å lage fleire, spesialiserte pakkar. Vi kan ikkje dekke alle fag og alle utdanningsprogram, men vi har laga kompetanseutviklingspakkar retta både mot yrkesfaglege utdanningsprogram, studieførebuande utdanningsprogram og generelle pakkar som er retta mot alle lærarar.

 

- Kva konkrete pakkar - altså digitale ressursar - er det snakk om?

- Når det gjeld yrkesfaglege utdanningsprogram har vi ein pakke som handlar om lesing og lesemotivasjon i helse- og oppvekstfag, vi har ein retta mot design og handverk, og vi har ein som handlar om å bruke læringsstrategiar i yrkesfag. Denne pakken har eksempel på arbeid med ein lovtekst, knytt til arbeid med HMS. Dessutan arbeider vi med ein pakke om lesing i elektrofag, teknikk og industriell produksjon og bygg- og anleggsfag. I tillegg til ein pakke for norsklærarar på yrkesfaglege studieprogram, der vi byggjer vidare på undervisingsopplegg utarbeidde i tilknyting til FYR-satsinga.

Over 1500 personar deltok på oppstartsamlingane til Språkløyper i fjor. (Foto: Kirsti Thisland)

 

Her er invitasjonen til oppstartsamling for Språkløyper

 

- Yrkesfag, ja, men kva med studieførebuande?

- Når det gjeld studieførebuande utdanningsprogram, kjem det i 2018 to spennande pakkar - ein om norskfaglege praksisar og ein om å gjere elevane studieførebudde. Den om norskfaglege praksisar har økter om litterære samtalar, å skrive kreative tekstar, saktekstar og multimodale tekstar. Vi har allereie ein pakke om nynorsk som sidemål. Pakken om å gjere elevane studieførebudde er eit svar på undersøkinga «Studieforberedt etter studieforberedende?» (Lødding & Aamodt, 2015), som tok føre seg overgangen frå vidaregåande utdanning til høgare utdanning. Undersøkinga viste at sjølv om dei nye studentane kom frå studieførebuande utdanningsprogram, så mangla det ein del på at dei var studieførebudde.

 

- Korleis kan dei vidaregåande skulane bruke desse ressursane, og kvifor er dei relevante for denne delen av utdanningsløpet?

- Dei spesialiserte pakkane ser vi for oss brukte av grupper på skulane. Likevel ønskjer vi at skulane startar opp med utviklingsarbeid for heile kollegiet i fellesskap, og helst startar med pakken «Å være lese- og skrivelærer». I denne pakken understrekar vi det ansvaret og den plikta lærarar i alle fag har når det gjeld å bidra til at elevane deira utviklar seg til betre lesarar og skrivarar. Det vil hjelpe fleire til å meistre både vidaregåande og høgare utdanning betre, hjelpe dei i yrkeslivet, men ikkje minst til livsmeistring og deltaking i eit demokratisk samfunn. Etter startpakken kan det vere naturleg å halde fram med pakkane om god skriveopplæring og god leseopplæring generelt, eller dele kollegiet på fagspesialiserte pakkar. Det er også mogleg å arbeide seg vidare samla med pakkane «Skolebiblioteket som pedagogisk verktøy,» som kjem tidleg i 2019, og eller om bruk av digitale verktøy i lese- og skrivearbeidet.

Ei rekke kompetanseutviklingspakkar i Språkløyper er allereie klare til bruk i felles kompetanseutvikling i kollegium i vidaregåande opplæring. (Foto: Getty)

 

- Fins det noko for lærarar som arbeider med elevar med utfordringar når det gjeld lesing og skriving?

- Ja, vi har pakkar retta mot elevar med individuell opplæringsplan i fleire fag, nyankomne minoritetspråklege, om gutar, jenter og lesing, og etterkvart vil det kome pakkar om lese- og skrivevanskar (2018/2019) og språkvanskar (2020).

 

- Korleis er det tenkt at Språkløyper-nettsidene og ressursane der konkret skal brukast?

- Språkløyper er tenkt brukt i systematisk utviklingsarbeid over lengre tid, minst eitt år, med timesøkter i fellestid om lag ein gong i månaden. Mellom øktene skal lærarane prøve ut noko av det som blir presentert. Nettsida har både fagleg innhald, spørsmål til refleksjon og oppgåver til mellomarbeid, og det skal vere mogleg å bruke dei utan å ha stor kompetanse på lesing og skriving, svarer Språkløypers prosjektleiar Margunn Mossige.

 

Sjå heile oversikta over nettressursar i Språkløyper for vidaregåande

Lenke til påmelding for oppstartsamling for Språkløyper

Usikker på kva Språkløyper er? Her finn du svaret!