MENY

Desse Språkløyper-pakkane kjem for ungdomsskulen

I løpet av skuleåret kjem ei rekkje nyttige verktøy på Språkløyper-nettsida. Og seinare kjem endå fleire godbitar.

Ungdomsskuleelevar i klasserom Snart kjem nye kompetanseutviklings-pakkar i Språkløyper for ungdomsskulen, noko som kjem både lærarar og elevar til gode. (Illustrasjonsfoto: Gettyimages)

Barnehage og barnetrinn var i byrjinga prioriterte grupper då produksjonen av kompetanseutviklings-pakkane i Språkløyper blei sett i gong.

Årsaka var at etterspurnaden var størst derfrå, og at ungdomsskulen og vidaregåande nyleg har hatt fleire større prosjekt, som Ny Giv, FYR og Ungdomstrinn i utvikling.

Les òg: Slik brukar du Språkløyper

Den seinare tida har derimot Lesesenteret og Skrivesenteret sett inn store ressursar for å gi deg som er lærar for dei eldre elevane gode og forskingsbaserte, digitale verktøy.

Her er pakkane som har kome i det siste og dei som etter planen skal koma den næraste tida:

 

  • Bruk av digitale verktøy i lese- og skrivearbeidet – fire økter er publisert i haust, fleire er planlagt

  • God skriveopplæring – fire økter er publisert i haust, fleire kjem i løpet av 2016/2017.

  • God leseopplæring – kjem truleg i årsskiftet 2016/2017, med ca sju økter.

  • Å lese frå ulike kjelder – våren 2017

  • Nyankomne minoritetsspråklege elevar - kjem truleg i april 2017.

 

Les òg: Her får du svar på dei vanlegaste spørsmåla om Språkløyper

 

I tillegg kjem desse pakkane etter planen i løpet av perioden 2016-2019:

 

  • Å planlegge heilskapleg undervisning

  • Lesing i samfunnsfaga

  • Lesing og skriving i norsk (fleire pakkar)

  • Nynorsk som sidemål

  • Lesing og skriving i språkfaga

  • Elevar med store utfordringar

  • Lese- og skrivevanskar

I tillegg blir det økter om høgt presterande elevar og lesing og skriving

 

Les òg:

Slik blir det jobba med Språkløyper i ungdomsskulen

Slik blir det jobba med Språkløyper i vidaregåande

Språkløyper har ført til delingskultur

Av Leif Tore Sædberg, kommunikasjonsrådgjevar, Lesesenteret