MENY

Can we read letters?

I samband med Lesesenteret sitt 25-års jubileum gir senteret ut boka Can We Read Letters? Reflections on Fundamental Issues in Reading and Dyslexia Research.

I denne boka gir professor Finn Egil Tønnessen saman med professor Per Henning Uppstad ei faghistorisk analyse av lese- og dysleksiforskinga frå eit vitskapsteoretisk perspektiv.

Boka presenterer både grunnlagstenking og kritiske perspektiv, og ikkje minst eit stort resonnement om vegen vidare. 

- Den type grunnlagstenking om lesing og lesevanskar som du finn boka er mangelvare i forskingsfeltet, seier Uppstad.

Boka byggar hovudsakleg på artiklar publisert av Tønnessen dei siste 25 åra, og finst både i bokform og som open access-bok.

Faksimile: Can we read letters?