MENY

Å jobba med læringsutvikling er ingen quick fix, men er nyttig på lang sikt

Det tar tid og kan vera smertefullt, og ein må vera tålmodig. Og Språkløyper kan letta prosessen.

Lærarar driv læringsutvikling «Når lærarar lærar, lærar elevane,» er eitt av dei viktige prinsippa som ligg bak Språkløyper. Læringsutvikling kan vera krevjande, men òg givande, fortel universitetslektor Unni Fuglestad (Illustrasjonsfoto: Gettyimages)

«Når lærarar lærar, lærar elevane,» er eitt av dei viktige prinsippa som ligg bak Språkløyper. Prinsippet er langt frå tatt ut av lufta, men er derimot ein av dei klare konklusjonane frå skuleforsking som er gjort.

For sjølv om dei digitale ressursane i Språkløyper skal brukast av vaksne – tilsette i barnehagar og skular – er meininga at læringsutviklinga skal gå vidare til barna og ungdommane. Ein prosess som kan vera givande.

unnifuglestad.jpg%20%28thumbnail%29

 Unni Fuglestad, universitetslektor ved Lesesenteret

- Læringa og utviklinga til eleven er ofte det som motiverer lærarar, det enkelte gjerne omtalar som «magien» ved å undervisa, seier universitetslektor Unni Fuglestad ved Lesesenteret, som har ansvar for kompetanseutviklings-pakkar for ungdomsskulen.

Les òg: Dette er Språkløyper

Sett på som verdifullt

Ingeborg Margrete Berge, universitetslektor ved Lesesenteret, med ansvar for kompetanseutviklingspakkar for vidaregåande, seier det slik:

- Lærarar i vidaregåande skule har ein sterk identitet knytt til faga sine. Då er det naturleg å ønskja tid til å oppdatera seg fagleg og delta i kompetanseutviklingsarbeid. Mi erfaring som lærar i vidaregåande skule er at i ein hektisk skulekvardag med mange ulike oppgåver, vert det sjeldan mykje tid til fagleg oppdatering i arbeidstida. Er ein heldig får ein delta på eit dagskurs eller to i løpet av eit skuleår. Då er det å få moglegheit til utviklingsarbeid saman med andre lærarar i fellestida noko ein ser som verdifullt. I undervisinga er det faglege uløyseleg knytt til det didaktiske og i møte med elevar med ulikt kunnnskaps- og ferdigheitsnivå må ein justera og gjerne også endra måtane ein underviser på. Ved å delta i utviklingsarbeid får ein i tillegg til fagleg fordjuping moglegheit til å reflektere over eigen praksis og dele praksiserfaringar med kollegaer. På denne måten kan ein læra av kvarandre. Tilbakemelding frå lærarar som deltek i eit slikt arbeid er at ein i tillegg til å lære nytt ofte og får eit større medvit om kvifor ein planlegg og gjennomfører undervisninga slik ein gjer. Eg er overtydd om at det å samarbeide om læring gir auka kvalitet på opplæringa for elevane, fortel Berge.

Ingeborg%20Margrete%20Berge.jpg%20%28thumbnail%29

Ingeborg Margrete Berge, universitetslektor ved Lesesenteret

Ho legg til at i eit lærarkollegium vil mykje kompetanse vere samla, og denne kompetansen vert synleggjort når ein deltek i utviklingsarbeid og diskuterer fag og undervisning.

- Å delta i kompetanseutviklingsarbeid saman med andre gjer lærarjobben endå meir interessant og spennande. Det er utviklande å kunne dela eigne erfaringar med andre og ta del i andre sine erfaringar. Dei nyutdanna lærarane har gjerne oppdatert kunnskap med seg inn i arbeidet, mens dei som har vore lenge i lærarjobben i tillegg til fagleg kompetanse har mykje praksiserfaring å dele.

Treng innsats

Men «you get what you give,» som det heiter. Svært lite kjem utan at ein jobbar for det, heller ikkje innan læringsutvikling.

Røynsler frå tidlegare utviklingsprosjekt, som gjekk på læring i eit fellesskap, var at ein ikkje kom utanom både å setja av tid til slikt arbeid og ta tida til hjelp. Noko som kan vera ei utfordring for ein organisasjon, men òg for enkeltmennesket.

- Me må ikkje ta lett på denne delen, men vedgå at læringsutvikling kan vera krevjande, ja til og med smertefullt. Det tar tid og krefter, og som lærar må ein gjerne forkasta kva ein trudde på tidlegare; driva ei form for avlæring.Me må ikkje gå i den fella at me latar som at ein slik prosess er enkel, for det er han ikkje. Det finst ingen quick fix. Men når ein først har tatt eit steg vidare, tar ein ikkje det steget tilbake; læringsutviklinga er varig, seier Fuglestad oppmuntrande.

Berge viser til at den eine utfordringa handlar om dei praktiske rammene, og at det difor er viktig at skuleleiinga viser at dei støttar eit slikt arbeid. Ved å setja av nok fellestid til dette arbeidet, og at dei ser dette i samanheng med satsingsområda ved skulen.

- Det kan vere krevjande når lærarar som gjerne har utdanna seg til ulike tider og ved ulike institusjonar skal dela erfaringar og samarbeida. På mange vidaregåande skular er det framleis ein kultur for sterk individualisme og liten grad av delingskultur. Når ein skal diskutera praksis kan ein vera redd for å kritisera andre og det gjer at ein ikkje torer å stilla spørsmål ved andres praksis. Det er krevjande når eigen praksis vert utfordra. Vi veit at det å endra praksis tek tid og krev evne til å omstille seg, seier universitetslektoren.

Les òg: Slik bruker du Språkløyper

Kan gjera litt «vondt»

Fuglestad har mange års røynsle som lærar bak seg, og har sjølv fått kjenna at det kan gjera litt vondt å utvikla seg:

- Ein slik situasjon kan vera vanskeleg for ein lærar. Eg har sjølv opplevd det; når ein ser at noko ein har brukt mykje tid på, er lite hensiktsmessig, då kan det vera smertefullt -før ein klarer å gå over i ein ny praksis. Til dømes tenkjer eg på alle desse timane eg brukte på å skriva tilbakemeldingar til elevane mine på tekstane deira, der målet mitt sjølvsagt  var at dei skulle bli flinkare å skriva. Når eg då etter kvart leste og fekk opplyst at måten eg hadde gjort det på ikkje nødvendigvis var læringsfremjande, innsåg eg at «sjølvsagt må det vera slik!» Samstundes visste eg kor mykje tid eg hadde brukt på noko som truleg var til lita nytte …

Og legg til:

- På den andre sida: då eg la om rutinane etter å ha fått ny innsikt, fekk eg mykje tid som kunne brukast til anna og nyttig arbeid i høve til undervising.

Uansett meiner ho utviklingsarbeid - som Språkløyper - er heilt naudsynt, smerte eller ei.

- Me skal utdanna elevar til stillingar og arbeid i framtida, som ein til dels ikkje veit kva vil gå ut på. Dermed må ein i tillegg til fagleg kunnskap utvikla evna til å utforska og samarbeida, konstaterer ho.

Les òg: Blogg: Skoleutvikling i skyggen av blyanten

Eit nyttig verktøy

Og ressursane i Språkløyper kan gjera prosessen med utviklingsarbeid enklare og meir fruktbar blant tilsette i skular og barnehagar.

- I Språkløyper legg me vekt på utviklingsarbeid i fellesskap, at det er gjennom refleksjon og ved å få til ein kultur for å dela erfaringar ein òg kan vidareutvikla eigen praksis. Og  lærarar, som profesjonelle pedagogar, ønskjer jo å planleggja undervising som fremjar læring hjå elevane. Ressursane i Språkløyper presenterer oppdatert kunnskap om korleis ein kan utvikla elevane sin faglege kompetanse gjennom bevisst arbeid med lesing og skriving i klasserommet. Men for at forskinga skal få effekt på elevane si læring, må teorien omformast til praktisk læringsarbeid, og det er ei slik utforsking oppdraga i Språkløyper legg opp til. Derfor er øktene bygd opp rundt fagleg in-put, analyse, refleksjon, undervisningsplanlegging og erfaringsdeling. Håpet vårt er også at strukturen i pakkane bidreg til systematikk rundt lærings- og utviklingsprosessane, forklarer Unni Fuglestad.

Les òg:

Slik blir det jobba med Språkløyper i ungdomsskulen

Slik blir det jobba med Språkløyper i vidaregåande

Vi har blitt en lesende barnehage!

Av Leif Tore Sædberg, kommunikasjonsrådgjevar, Lesesenteret