MENY

Å skrive i norsk og i yrkesfag

Skriving er ein grunnleggjande ferdigheit ikkje berre i norskfaget, men også i yrkesfaglege programfag på vidaregåande skule. Fleire av kompetansemåla i norskplanen er knytte til yrkesfaget: Elevane skal kunne "skrive tekster med tema og fagterminologi som er tilpasset eget utdanningsprogram, etter mønster av ulike eksempeltekster”.

Elevar rekk opp handa i timen. Skriving er ein grunnleggjande ferdigheit ikkje berre i norskfaget, men også i yrkesfaglege programfag på vidaregåande skule.

Framover kjem me til å publisere ressursar på nettsida i større grad enn den seinare tida. Ressursane er basert på ulike Språkløyper-pakker. Denne gangen handlar det om skriving i norskfaget på yrkesfagleg.

I norskplanen står det vidare at elevane skal kunne “gjøre rede for argumentasjon i andres tekster og skrive egne argumenterende tekster”. Tverrfagleg skriving vil derfor vere formålstenleg for elevane i både programfaga og norskfaget.

Å drive god skriveopplæring krev tid, og mange norsklærarar på yrkesfag føler nok at det er lite med berre to timer i veka. Ein av fordelane med at norsklæraren og programfaglæraren samarbeider, er at ein får fleire timar til arbeidet, og kan jobbe godt med alle skrivefasane utan å bruke mange veker på ei skriveoppgåve som er yrkesretta og fagrelevant. Ein annan fordel er at elevane opplever at begge faga blir tatt på alvor av dei respektive faglærarane. Det kan hjelpe på motivasjonen for norskfaget.

Lenke: Denne filmen viser korleis norsklærarar og programfaglærarar kan samarbeide om god skriveopplæring.

Ressursane som blir viste i filmen finn du her:

Opplegget er laga av Linn Maria Magerøy-Grande, som både er lærar i vgo og tilsett på Skrivesenteret.

Du finn meir om lesing og skriving på yrkesfag i desse Språkløyper-ressursane!