MENY

5 råd til bruk av modelltekstar

Å bruka modelltekstar, eller eksempeltekstar som det heiter i Kunnskapsløftet, gir mange fordelar i skriveopplæringa. Førsteamanuensis Anne Håland har 5 gode råd til korleis lærarar kan jobbe godt med modelltekstar i klasserommet.

Gutt skriver i klasserommet. Å bruke modelltekstar er nyttig i skriveopplæringa.

1.Vel gode modelltekstar

Studier viser at elevar låner mønster frå tekstar dei møter. Dersom modelltekstane inneheld mønster som ein ikkje ynskjer at elevane skal bruka, vil elevane i mange tilfelle også kopiera det. Det er difor nødvendig å tenkja gjennom kva for skrivemønster som modellteksten viser.

2.Snakk om innhaldet

Det kan vera vanskeleg for elevane å ha fokus på ulike sider ved teksten samtidig. For mange elevar er det først når dei har gjort seg ferdig med å snakka om innhaldet i teksten, at dei er i stand til å konsentrere seg om det språklege. Eit godt tips er difor å snakka om innhaldet i teksten, før ein set fokus på struktur og språk.

3.Dekonstruer modellteksten

Modelltekstar gir tilgang til å snakka om korleis tekstar er skrivne, med tanke på alt frå komposisjon til ordval. Still spørsmål til teksten som gjer det mogleg for elevane å oppdaga mønster i teksten: «Korleis er denne teksten skriven?», «Kva legg de merke til, korleis er språket?» og «Kvifor er denne teksten skriven på denne måten, trur de?».

4. Still overføringsspørsmål

Utgangspunktet for bruk av modelltekstar er at elevane skal få inspirasjon til å bruka ulike former for språk. Forsking viser at modelltekstar ikkje gir nok støtte i seg sjølv, men treng følgje av modellering og instruksjon. Overføringsspørsmål kan bidra til tydelegare samanheng mellom modelltekst og eleven sin eigen tekst. Eksempel på slike overføringsspørsmål kan vera: «Dersom du skal laga ei hypotese, korleis kan den sjå ut?», «Dersom du skal skriva ein tekst som byrjar in medias res, korleis kan den sjå ut?» og «Dersom du skal ha ei tydeleg temasetning i din, korleis kan den sjå ut?».

5.Bruk gjerne fleire modelltekstar

Tilgang til fleire modelltekstar kan gjera dei språklege mønstera tydelegare for elevane. Bruk av fleire modelltekstar gir eit kontrastivt perspektiv på tekstar, der ein kan diskutera språklege mønster i lys av kvarandre. Fleire modelltekstar gir også elevane høve til å ta språklege val og ikkje berre kopiera språklege mønster.

Les også:

Fagspesifikk skriving på barneskolen Barneskoleelever som sliter med lesing og skriving drar god nytte av fagspesifikke skrivepraksiser.
Språkløyper-bloggen: Tommel opp for modelltekstar!
Ny bok: Slik kan du gjere elevane betre til å skrive For at elevane skal bli gode til å skrive i alle fag, treng dei støtte og tid til å jobbe grundig med tekstane sine. I boka «Skrivedidaktikk – korleis støtte elevane si skriving i ulike fag» gir Anne Håland ein teoretisk bakgrunn om skriving, og ei rekke eksempel på korleis lærarar kan jobbe for å gjere elevane til gode skrivarar.
Elever skriver bedre med modelltekster Forskning ved Lesesenteret viser at bruk av modelltekster i undervisningen gir elever inspirasjon og kunnskap til å skrive gode tekster i alle fag – helt i tråd med revisjonen av Kunnskapsløftet.       

 

Anne Håland

Anne Håland er førsteamanuensis ved Lesesenteret, UiS.