MENY

Språk er meir enn berre å setja namn på objekt

I denne korte filmen frå Ølensjøen FUS-barnehage får me sjå at språk er meir enn berre å setja nemningar på objekt. Det å tru at ein banan berre er ein banan er ei felle for språkarbeidet i barnehagen. Me skal ikkje berre bruka nemningar, men me skal fylla omgrepa med innhald.

Ein banan er ei krum form – tjukkare i den eine enden enn i den andre. Ein banan er ein fargeskala – frå grøn via ulike nyansar av gult – til brunt! Ein banan er lukt og smak. Og banan er bruk – banan i kake, banan i jogurt, banan med smelta sjololade på bål. Me skal bidra til å bygga både breidde og og djupne i begrepsapparatet – også saman med dei yngste barnehagebarna. Ein banan er altså ikkje berre ein banan – ein banan er skikkeleg mykje språk.

Sjå også disse filmane om språkarbeid i barnehagen:

Bøker gir inspirasjon

Repetert lesing er språkstimulerande


Les også:

Repetert lesing

Kultur for lesing