MENY

Lesestrategiar er ­­­­­­blitt vanleg verktøy i norske klasserom

Men resultata viser likevel utviklingsmoglegheiter for hyppigare bruk av strategiar som utviklar ei djupare forståing av tekstane. Det påpeikar forskarane som har undersøkt PIRLS-tala..

Elevar les og skriv Stadig fleire norske lærarar underviser elevane sine i lesestrategiar, tyder tal frå PIRLS på. (Illustrasjonsfoto: Getty)

Les meir om resultata frå PIRLS her.

Svake leseresultat hjå norske elevar i PIRLS-undersøkinga i 2001 gjorde at endringar blei gjennomført i skule-Noreg, der leseopplæring blei prioritert i åra etter. Innføring av nye læreplanar og nasjonale prøvar var nokre av tiltaka. Mange lærarar fekk dessutan auka kunnskap om lesing som grunnleggjande dugleik og kjenneteikn på god leseopplæring, gjennom kurs og vidareutdanning. Arbeid med lesestrategiar og å utvikla elevar til strategiske lesarar vart her halde fram som ei sentral oppgåve for norsklærarar.

Leseresultata betra seg i åra som følgde, og den positive utviklinga held fram. Det viser ein ny, vitskapleg artikkel basert på resultata frå PIRLS 2016.

God utvikling held fram

Dei nemnde endringane - der arbeid med ulike strategiar kring lesing er ein del av innhaldet – kan vera ei av årsakene til endringane. Dette er noko av konklusjonen i den vitskaplege artikkelen «Hva lærerne rapporterer om egen undervisning i lesestrategier».

 «Det er nærliggende å se de positive funnene som et resultat av LK06 (Kunnskapsløftet, red.merkn.) nasjonale skoleringer og etterutdanninger, der lesing og leseopplæring har inngått som satsingsområder,» skriv dei tre forskarane bak studien.

Dei tre er Ingeborg Margrete Berge, Lise Helgevold – universitetslektorar ved Lesesenteret - og Katrin Shultz-Heidorf, postdoktor ved Universitetet i Hamburg.

Artikkelen deira baserer seg på svara frå norske lærarar som underviser på 4. trinn. Til saman 14 delspørsmål i PIRLS 2016 om strategiundervising er svart på.

%C3%85%20st%C3%B8tta%20elevane%20si%20skriving.jpg%20%28rw_largeArt_1201%29

Leseresultata i Noreg betra seg i åra etter 2001, og den positive utviklinga held fram, viser dei sist PIRLS-tala. (Illustrasjonsfoto: Getty)

Langt fleire lærarar fortrulege med lesestrategiar nå

Lesestrategiar har blitt definert som «tilsiktede, målrettede forsøk på å kontrollere og modifisere innsats med å avkode tekst effektivt, forstå ord og konstruere mening i tekst,» og ein skil gjerne mellom strategiar på overflate- og djupnenivå. Å finna informasjon og henta ut og trekkja enkle slutningar vil dreia seg mest om overflateforståing, medan oppgåver som bed elevane tolka og vurdera kan fremja djupare forståing.

Tidlegare PIRLS-undersøkingar har vist skilnader i leseundervisinga mellom klassar med låg og med høg gjennomsnitt-score på leseprøven: I 2002 rapporterte lærarar som underviste klassar med høgt lesegjennomsnitt at dei arbeida signifikant meir med lesestrategiar enn lærarar i klassar med lågast gjennomsnitt. Slik er det i mindre grad nå.

«Vi har gjort tilsvarende analyser frå PIRLS 2016, og resultatet viser små forskjeller i lærernes rapporterte strategiundervisning, viser artikkelforfattararane til.

To av strategiane, som blir karakterisert som djupnestrategiar, blir likevel oftare brukt i klassar med høg gjennomsnittscore. Desse blir karakterisert som unntak.

«Resultatene fra 2016 kan likevel tyde på at langt flere lærere begynner å bli fortrolige med å undervise i lesestrategier,» konkluderer Berge, Helgevold og Shultz-Heidorf med.

Mindre bruk av djupstrategiar

Samla sett viser resultata at lærarar underviser i mange ulike lesestrategiar - frå ordlesing og modellering av enkeltstrategiar til lesestrategiar som utviklar forståing - innanfor dei fire ulike aspekta av forståingsprosessar som blir vurdert i PIRLS.

«Det er grunn til å tolke disse funnene som positive. De viser at norsklærere på 4. trinn har kjennskap til og tar i bruk mange ulike lesestrategier i sine klasserom,» skriv forskarane bak artikkelen.

Eit viktig poeng her er at lærarane på 4. trinn generelt underviser oftare i overflatestrategiar og signifikant sjeldnare i djupnestrategiar.

ungdomsskuleklasse.jpg%20%28rw_largeArt_1201%29

Lærarane på 4. trinn underviser oftare i overflatestrategiar og signifikant sjeldnare i djupnestrategiar, viser PIRLS-undersøkinga vidare (Illustrasjonsfoto: Getty)

Skulen har rom for utvikling

«Hva kan være årsakene til at lærere ikke arbeider oftere med dybdestrategier? En mulig forklaring kan være at det ikke har vært tradisjon for å utfordre elever på dette trinnet til å gå i dybden på tekster ved å beskrive elementer i teksten og ved å vurdere tekstene kritisk,» meiner artikkelforfattarane.

Dei meiner skulesektoren bør jobba vidare med dette feltet.

«Aktiv medskaping og kritisk vurdering er ferdigheter som bør utvikles tidlig i skolen, noe også Ludvigsen-utvalgets rapport fra 2015 poengterer. Resultatene i denne artikkelen viser utviklingsmuligheter i retning av hyppigere arbeid med strategier som kan utvikle elevenes dybdeforståelse, også på 4. trinn,» konkluderer Ingeborg Margrete Berge, Lise Helgevold og Katrin Shultz-Heidorf.

Tekst: Leif Tore Sædberg, kommunikasjonsrådgjevar ved Lesesenteret

Les flere saker om PIRLS 2016.