MENY

Om DigUP

DigUP er eit forskings- og innovasjonsprosjekt som har som mål å utvikle ein didaktisk digital undervisningsplanleggar for lærarar.

God undervisningsplanlegging er avgjerande for kvaliteten på undervisninga i skulen, og dermed for elevane si læring. Medan digitale einingar og løysingar får stadig større plass i norsk skule, finst det få digitale verktøy som lærarane kan ta i bruk i sin utvida praksis, og som kan støtte lærarane i alle avgjerdene dei må ta i sin kvardag. Forskings- og innovasjonsprosjektet DigUP svarar på denne mangelen.

Målet med DigUP er å utvikle eit forskingsbasert, nettbasert og gratis tilgjengeleg planleggingsverktøy for lærarar. Dette verktøyet vil gjere det mogleg for læraren å dele og samarbeide om planlegging, og skal sikre god samanheng mellom mål for undervisninga, innhald, arbeidsmåtar og vurdering. Slik vil verktøyet også bidra til å utvikle læraranes planleggingskompetanse.

Partnarskap mellom praksis og forskarar

DigUP er eigd av Time kommune og vil gjennomførast i samarbeid med Jærskulen, som består av fire kommunar på Jæren, samt med forskarar og fagpersonar ved Lesesenteret, Universitetet i Stavanger.

Vi veit foreløpig lite om lærarars planleggingspraksis og om deira ønske og behov. Partnarskapet mellom lærarane i Jærskulen og forskarane ved Lesesenteret er derfor sentralt i DigUP. Forskarane vil kartlegge læraranes noverande planleggingspraksisar, og ei spørjeundersøking blant rundt 1000 lærarar våren 2020 vil legge grunnlaget for design av ein prototype. Lærarane sin respons vil kvalitetssikre og revidere prototypen, og leggje grunnlag for ein endeleg versjon, som etter planen så vil bli tilgjengelig for alle norske lærarar.

Forskinga

Det finst lite forsking på korleis digitale verktøy kan bidra til å utvikle lærerrolla. DigUP vil bidra med kunnskap både om læraranes eksisterande planleggingspraksisar og om bruken av planleggingsverktøyet.

Eit viktig spørsmål forskarane ønsker å utforske er i kva for grad DigUP bidrar til kvalitet i planleggingsarbeidet, auka samarbeid og delingskultur, og felles språk og forståing blant lærarar. Prosjektet vil dermed gi viktig kunnskap til utdanningsforskarar, lærarutdanningane og andre som driv med kompetanseutvikling i skulen, samt til aktørar som vil utvikle verktøy til bruk i utøving av læraryrket.

Prosjektet startar 1. februar 2020 og blir avslutta 31. januar 2023.
DigUp er finanisert av Noregs forskingsråd.