MENY

Oddny er på rett hylle når ho får stilla stadig fleire spørsmål

FORSKARPRATEN: Av og til tenker Oddny Judith Solheim at det hadde vore greitt å ha hatt ein jobb der ho er ferdig for dagen når ho er … tja, ferdig for dagen? Som å sortera krydderhylla på nærbutikken Men så innser ho at drivkrafta hennar er å finna ut av ting.

Oddny Judith Solheim "Ask more questions" er eit motto til inspirasjon for Oddny Judith Solheim, professor ved Lesesenteret. Då vil ein nemleg "get more answers," som avslutninga på sitatet, med mindre skrift.

- Hei, kva held du på med akkurat nå?

- Litt forskjellig. Me er i siste fase av På sporet-prosjektet, som handlar om førebyggande tiltak for elevar som står i fare for å utvikla lese- og skrivevanskar. Der har me gjennomført eit tiltak som har hatt god effekt for mange av elevane som deltok, og me er me nå i ein fase der hovudfokus er å formidla denne kunnskapen til lærarar, skuleleiarar og skuleeigarar - for at den kunnskapen som har kome fram i prosjektet skal finna vegen heilt inn i klasserommet.

Så jobbar eg jo med Two Teachers-prosjektet, der me undersøker effekten av auka lærartettleik og skulebasert kompetanseutvikling, for elevar si læring og trivsel. Dei to prosjekta heng tett saman på den måten at begge har fokus på korleis me kan fremja leseferdigheiter og motivasjon for elevar, særleg i begynnaropplæringa. Begge prosjekta er òg i kjernen av kva eg er opptatt av: kva skal til, både i høve til lærarar sin kunnskap, innhald i tiltak og, organisering for at elevar, særleg dei som strevar, skal oppleve meistring og få tilgang til lesinga.

- I tillegg underviser du?

- Det stemmer, nå i vår som emneansvarleg for kurset Lese- og skrivevanskar på master i spesialpedagogikk, og der tar eg med meg erfaringane frå dei to nemnde prosjekta, i møte med studentane som skal ut og undervisa. Dessutan jobbar eg med AdaptVurder, eit prosjekt der me utviklar adaptive leseprøvar som tilpassar seg nivået til eleven, gir eit meir presist bilde av ferdigheitene til den enkelte, og som vil gi betre muligheit for tilpassa opplæring på alle nivå.

- Korleis enda du opp som forskar ved Lesesenteret?

- Eg er i dag ein av få ved Lesesenteret, kanskje den einaste, faktisk, som har heile utdanninga mi frå dåverande Senter for leseforskning (SLF). Eg hadde før den tid studert både utøvande fag, som dans og drama, og meir teoritunge fag som litteraturvitskap og nordisk. Då eg starta med spesialpedagogikk, nærare bestemt leksikologi, opplevde eg vegen mellom teori og utøving som svært kort, noko eg likte godt. Det låg interessant forsking og teori til grunn, men på same tid kunne eg bruka teorien til å løysa reelle problem, og det trur eg gjorde at eg valde å bli innanfor fagfeltet. Fordi det både gav meg utløp for den teoretiske og analytiske interessa og behovet for å sjå konkrete resultat av arbeidet. Eg tok hovudfag og doktorgrad med rettleiarar frå SLF relativt raskt etter det. Sidan har eg opplevd å vera del av eit konstruktivt og motiverande arbeidsfellesskap, og trivest utruleg godt her. På Lesesenteret opplever eg at gjennom prosjektsamarbeid og tverrfaglegheit blir betre enn me kunne vore kvar for oss.

- … og dermed har du nærast svart på neste spørsmål - kva engasjerer deg i arbeidet her?

-  Ja, litt i alle fall. At arbeidet kjem til nytte og kan bety noko for både lærarar og elevar, er viktig for meg. Så set eg utruleg pris på å jobba saman med flinke kollegaer, å få vera med på å byggja eit fagmiljø, og føra studentar og stipendiatar inn i fagfeltet … ja, byggja fagmiljø, rett og slett, er viktig for meg.

- Tenk deg at du må slutta som forskar. Kva hadde du gjort i staden?

- Då trur eg at eg hadde jobba i skulen. Gått tilbake, må eg seia, det var jo der eg byrja, og tatt med meg kunnskapen eg har tileigna meg gjennom arbeidet som forskar dit. Eg likar jo veldig godt å jobba med elevar. I tillegg … vel, eg har jo ein «annan ting» då, sjølv om eg tviler på om det hadde halde i lengda …

- Jaså, kva «annan ting» er det?

- Altså, i ein jobb som dette arbeidar ein med krevjande problemstillingar, og veldig ofte er der ikkje noko opplagt svar. Fordi det er så mange faktorar som speler inn for at elever skal læra: knytt til lærarane sin kunnskap, relasjonen lærar-elevar, innhaldet i tiltaket også vidare; det er eit komplekst bilete. Så nokre gonger tenker eg – åh! – eg skulle eigentleg ønska at eg kunne stått og sortert varer, i krydderhylla på ein daglegvarebutikk til dømes – eg likar jo godt å laga system, he he! Ja, nokre gonger tenker eg at: Det hadde vore herleg viss det hadde vore … ei opplagt løysing, liksom. Å ha hatt den kjensla av at ein er ferdig. At når ein har sortert hylla ferdig – ja, då er ein ferdig. I vår bransje er det jo slik at ny forsking fører til nye spørsmål – litt som på plakaten på veggen her – «Ask more questions! And get more answers» Still fleire spørsmål – det eine prosjektet fører til nye spørsmål – «Kvifor blei det slik? Kva kunne me gjort annleis? Er det ein betre måte å gjera det på?» - som ein må laga nye prosjekt for å finne ut av. Samstundes veit eg jo at det nettopp er det å finna utav ting som driv meg. Så … nei, krydderhylla hadde nok ikkje halde i lengda! Då måtte det heller blitt skulen.

- Du får ein milliard frå Norges forskningsråd. Kva brukar du pengane til?

- De har jo sett opp ein enorm sum, då! Eg skulle i alle fall brukt god tid på å klara å utnytta så mykje pengar på den mest moglege måten. Det måtte vore eit livstidsprosjekt … fordi det tar tid å byggja kunnskap på ein hensiktsmessig måte. Kunnskap er noko me byggjer gradvis. Sjølv om me er eit heilt forskarteam som arbeider saman – så me  må bygga stein på stein. For å nå målet om at så mange elevar som mogleg skal få leseferdigheiter som gir  dei  tilgang til tekstar, utdanning og jobbdeltaking, leseferdigheiter som gjer dei til deltakarar i samfunnet dei lever i, må me nærma oss problemstillinga frå fleire kantar. Me må blant anna studere læraranes kunnskap, lærarens undervisning, relasjonen mellom lærer og elev,  elevanes læring, skolens organisering og samspelet mellom desse faktorane. Derfor må me vera lydhøyre overfor praksisfeltet som ser kor skoen trykkar. Samstundes må me våga å utfordra etablerte sanningar og tradisjonar i skole og utdanning. Konklusjonen må nok bli at eg ikkje ville hatt ein milliard på éin gong. Men å vita at eg hadde hatt pengar til å byggja stein på stein, gjennom heile forskarlivet, hadde vore fint.

- Til hausten skal du ut i forskingstermin, kva skal du gjera då?

- Då skal eg få tid til å konsentrera meg heilt om dei forskingsprosjekta som eg er i gang med. Skriva ut resultat, gjera analyser frå dei prosjekta som er pågåande, særleg Two Teachers. Då skal eg blant anna samarbeida med kollegaer frå Sheffield University. Men det viktigaste er kanskje å få ro til å konsentrera seg om skrivearbeid, som ofte krev litt samanhengande tid. På Lesesenteret jobbar me med veldig mykje spennande og forskjellig, det er veldig interessant og kjekt, men det kan òg bli ganske travelt. Så eg ser fram til å få litt meir ro og konsentrasjon, særleg rundt Two Teachers. Setja seg ned og skjøna kvifor det var ein effekt – viss der var ein, eller kvifor der eventuelt ikkje var ein effekt.

- Finna ut kva ein har funne ut, på sett og vis?

- Ja, rett og slett.

Tekst: Leif Tore Sædberg, Lesesenteret