MENY

Å ikkje gløyma barn si stemme

FORSKARPRATEN: Åse Kari H. Wagner kunne godt tenkt seg å bruka meir tid, krefter og pengar på å finna ut korleis ein kan løfta fram og utvikla munnlegheit og dialog i begynnaropplæringa.

Åse Kari Hansen Wagner Å få jobba med noko som eg verkeleg såg var viktig og nyttig for både barn, opplæringa og samfunnet av i dag, var og er veldig kjekt, fortel Åse Kari H. Wagner , professor ved Lesesenteret. (Foto: Leif Tore Sædberg)

- Du er nett komen attende etter eit år i forskingspermisjon i Frankrike, korleis var det?

- Veldig, veldig kjekt, av mange grunnar, både for mi eiga faglege utvikling og skriving og gjennom det faglege samarbeidet me har hatt i Montpellier. I tillegg fordi eg etter åtte år som senterleiar fekk tid og ikkje minst ro, noko som var utruleg herleg! Endå betre enn eg hadde trudd. Å gå frå springing til og frå, å alltid vera påskrudd og å jobba seint og tidleg til å få ro til å arbeida med dei to prosjekta eg jobbar med – berre dei – det var veldig herleg. Å endeleg få kunna gå i djupna og skriva vitskaplege artiklar igjen og finna meg sjølv igjen som forskar og som skribent. Eg har jo prøvd å gjera det òg i periodane som senterleiar, men det er utfordrande når ein heile tida «fyk rundt». I tillegg har det vore kjekt å samarbeida med universitetet i Montpellier, der eg både har hatt innlegg, undervist masterstudentar, vore med på seminar og byrja å planleggja eit nytt EU-prosjekt.

- Du nemnde to forskingsprosjekt, opptar dei mykje av tida di nå òg?

- Ja, eg er såkalla NRC (National Research Coordinator) for Noregs deltaking i PIRLS 2021 - ei stor, internasjonal undersøking av 10-åringar sin lesedugleik, med over 60 deltakarland frå alle kontinenta. Dette prosjektet har me halde på med i eit drygt år, med grunnlagsdokument og ikkje minst alle tekstane til elevane - både litterære tekstar, informasjonstekstar med tilhøyrande spørsmål samt spørjeskjema til elevar, lærarar, rektorar og foreldre. Sist gong var digitale ePIRLS eit lite tillegg til den papirbaserte hovudprøven, medan heile prøven nå blir digital, og denne overgangen er noko av kva eg og gruppa ved Lesesenteret jobbar med. Akkurat nå førebur me pilotering, som skal gjennomførast mars neste år. Hovudgjennomføringa er i 2021, men piloten er kjempeviktig for å testa ut alle «instrument» - tekstar, spørjeskjema og ikkje minst digitale løysingar og gjennomføring ute i skulane. Å vera inne i alle ledd i eit så stort, internasjonalt prosjekt er svært interessant.

- Det andre prosjektet er ein case-studie der me har observert, filma og intervjua lærarar til seks klassar som har hatt to lærarar i norskfaget, gjennom deltaking i Two Teachers-prosjektet. Two Teachers samlar jo inn masse data, men det me gjer i tillegg er å vera i klasseromma og sjå korleis det går føre seg i praksis, når det er to lærarar i norskundervisinga. Der er det veldig mykje spennande som me både har skrive om og kjem til å skriva om.

- Ja, kva meir kan du seia om dette prosjektet?

- Eg må først få med at me er fleire kollegaer på senteret som samarbeider her. Sjølv jobbar eg mellom anna med Atle (Skaftun) og Arne Olav (Nygard), med ei felles interesse for rammer for munnlegheit i begynnaropplæringa, og saman med Anne (Håland) og Erin (McTigue) utforskar eg korleis lærarar utnyttar potensialet i rettleia lesing. Utgangspunktet er ei interesse for kva som kjenneteiknar literacy-praksisar i klasserom med to lærarar i begynnaropplæringa, altså 1. og 2. klasse. I tillegg ser me nærare på korleis den ekstra lærarressursen blir brukt og kva som kjenneteiknar intensjon, dialog og organisering. Dessutan utforskar me kva som er elevane sine vilkår for deltaking og engasjement.

- Spennande! Litt tilbake i tid: Var det planlagt eller tilfeldig at du blei forskar ved Lesesenteret?

- Det var ganske tilfeldig. Det var planlagt at eg skulle bli forskar, men ikkje nødvendigvis her. Doktorgraden min er i historisk lingvistikk, der eg studerte språkkontakt i middelalderen, særleg mellom nordisk og fransk, ved eit annan institutt, og under Universitetet i Bergen. Men då eg hadde disputert, kjente eg at eg hadde fått nok av middelalderen! Eg kjente eg måtte bli moderne. Så fekk eg eit vikariat ved førskulelærarutdanninga, som det heitte den gong, der eg jobba med den tidlege språkutviklinga til barn, fleirspråklegheit og liknande. Å få jobba med noko som eg verkeleg såg var viktig og nyttig for både barn, opplæringa og samfunnet av i dag, var veldig kjekt. Så var det derfrå eg tok steget til Lesesenteret, der eg byrja i 2001.

- Du nemner her noko av det som motiverer deg i arbeidet ditt, er der andre ting?

- Ja då, både fagleg og sosialt. Som sagt er det å få jobba med noko som er så viktig for barn si utvikling og læring ein viktig motivasjonsfaktor. Eit godt språk og god lesedugleik er avgjerande for læring og livsmeistring. Dessutan blir eg motivert av kontakten med både barnehagar og skular og med Utdanningsdirektoratet og Kunnskapsdepartementet, der ein har moglegheita til å bli lytta til og kunna påverka utdanningspolitikken, som begge delar er spennande og interessant. I tillegg er det kjekt å både undervisa og rettleia studentar, å kunna påverka den faglege utviklinga deira. Når det gjeld det sosiale, blir eg motivert av å jobba med så kjekke kollegaer. Eg synest alltid, alltid, det er kjekt å gå på jobb, eg kjem eigentleg aldri på at der er eit skilje mellom arbeid og fritid, sjølv om eg sjølvsagt gjer andre ting på fritida. Og så likar eg fridomen me har på eit universitet og eit forskingssenter; fridomen til å kunna finna på og initiera kjekke prosjekt. Det er ein enorm motivasjon.

- Du kjem på jobb en dag, og så er Lesesenteret stengt og du må finna på noko anna - kva gjer du?

- Det keisame svaret er at då hadde eg nok gått heim igjen og halde fram med å skriva! Ein har jo alltid fulle planar, og eg likar å skriva. Eit litt meir spennande svar er at eg gjerne skulle dansa mykje meir. Viss eg kunne fått tatt ballettimar kvar dag, til dømes, hadde det vore veldig fint.

- Du får ein milliard frå Norges Forskningsråd. Kva gjer du med pengane?

- Eg ville først og fremst blitt kjempenervøs – for det er så grassat mykje pengar! Og så hadde eg fått prestasjonsangst. Så eg håpar eg aldri får ein milliard kroner. Men viss ein ser bort frå storleiken, så ville eg jobba vidare med munnlegheit og dialog i begynnaropplæringa, saman med gode kollegaer ved Lesesenteret og nordiske og franske partnarar.

- Aha, kva er bakgrunnen for nett dette temaet?

- I tidleg alder, altså førskulealder, er det opplagt for dei fleste at det er avgjerande å stimulera barn sitt språk gjennom til dømes dialog, gode samtalar og samtalebasert læring. Men når fem-seks-åringane kjem i skulen, er det som om dei blir «fråtatt» stemma; «for nå startar lese- og skriveopplæringa,» «nå skal dei læra å lesa og skriva» og så vidare. Og med eitt blir det munnlege bidraget til elevane for ein stor del avgrensa – til korte svar på lærarspørsmål eller enkeltsvar til læraren si tavle. Dagen blir dominert av stille og lærarstyrte aktivitetar. Og så «gløymer» me kor avgjerande utviklinga av det munnlege språket framleis er – for lesing, skriving og læring generelt, som tankereiskap og for å ta vare på engasjementet til elevane! Korleis får ein til dette? Dét skulle eg gjerne samarbeida med kollegaer og dyktige lærarar om å finna meir ut av!

Tekst: Leif Tore Sædberg, Lesesenteret

Les óg:

Hvor blir det av snakket? Norske førsteklassinger har omsorgsfulle lærere, digitale verktøy og ambisiøse læringsmål. Men får de sette ord på tankene sine?

– Jeg kan aldri få for mange tekster! Barns tekster er det beste som finnes! Det er lite som overgår barns skriving, mener førsteamanuensis Anne Håland.