MENY

Kartet og terrenget – korleis forstår eigentleg elevar grafikk og andre visuelle tekstar?

Me veit jo alle korleis statistikk, kart og andre grafiske uttrykk ser ut. Men skjønar me eigentleg kva som står der? Hanne Egenæs Staurseth forskar på korleis elevar møter slike uttrykksformer i samfunnsfag.

Namn: Hanne Egenæs Staurseth

Aktuell: I innspurten av doktorgradsarbeidet.

Førebels tittel: «Grafiske representasjoner i samfunnsfag: Hvordan skapes literacy-praksiser av lærere og elever på ungdomsskolen?»

Fagleg bakgrunn: Bachelor i engelsk og i nordisk. Mastergrad i lesevitskap. Praktisk-pedagogisk utdanning (PPU). Har jobba to år som lærar i ungdomsskulen og eitt år som universitetslektor ved Lesesenteret før stipendiatperioden.

Hanne%201.jpg%20%28rw_largeArt_1201%29

Korleis ein lærar og elevane hans skaper literacy-praksisar, knytt til grafiske representasjonar som kart, statistikk, grafikk, er utgangspunktet for studien til Hanne Egenæs Staurseth (Illustrasjonsfoto: Getty Images)

 

- Kva går doktorgradsarbeidet ditt ut på?

- På breitt plan handlar det om lesing og skriving i samfunnsfag på ungdomsskulen. Her har eg sett på korleis éin lærar og elevane hans i éin klasse skaper literacy-praksisar, knytt til grafiske representasjonar - til dømes kart, statistikk, grafikk - alle slike element som ein ikkje les frå venstre mot høgre og nedover. Eg forskar på dette fordi slike ressursar er mykje brukt i samfunnsfag; ein kan til dømes ikkje ha geografi utan kart. Likevel, mykje av literacy-forskinga i samfunnsfag handlar for ein stor del om historie og kjeldebruk og bruk av multiple tekstar. Men nokre av desse kjeldene og tekstane er óg grafiske og visuelle. Dei må difor lesast på ein annan måte og har kanskje andre utfordringar, som er noko av kva eg ser nærare på.

 

- Kva har du funne ut så langt?

- Masse – heldt eg på å seia. Hovudfunnet er nok at dette er svært komplekse tekstar, og at kompleksiteten i dei er lett undervurdert. Eg ser i klasserommet eg var i at ein ikkje kan gi slike tekstar til elevane utan vidare, og slik leggja heile jobben over på dei. Læraren er ein veldig viktig ressurs i både elevane si avkoding og forståing av representasjonar som kart og statistikk. Med støtte av læraren blir det veldig gode teksttolkingar, men denne innsikta kjem ikkje av seg sjølv.

 

- Kvifor er det viktig å forska på dette feltet?

- Eg meiner det er kjempeviktig å forstå betre korleis elevar les og tolkar tekstar som er så mykje brukt. Nå ser eg spesielt på samfunnsfag, som er eit nokså visuelt fag, men det har stor overføringsverdi til samfunnet generelt og livet utanfor. Med ei ny, digital medieverd blir gjerne nyhendessaker representert med grafikk og liknande, og me har òg mange andre visuelle element i kvardagen. Nå ser eg på korleis ein kan bruka dette fagleg, i samfunnsfag, og til dømes sette me i prosjektet i gang ein skrive-case, der elevane skulle vera journalistar og prøva å integrera visuelle element med informasjonen. Alle skal jo i framtida ikkje bli journalistar, men alle skal – forhåpentlegvis – bli lesarar av journalistiske tekstar, noko som gjer temaet svært relevant. Då er det viktig å betre forstå korleis elevar tenkar og tolkar, og korleis ein som lærarar kan leggja betre til rette for læring om dette.

 

Hanne%202.jpg%20%28rw_largeArt_1201%29

Hovudfunnet er nok at dette er svært komplekse tekstar, og at kompleksiteten i dei er lett undervurdert, fortel Staurseth. (Illustrasjonsfoto: Getty Images)

 

- Er me for lite medvitne om at lesing av visuelle element er ein annan type lesing enn den av lineære, verbale tekstar?

- Kanskje – men nå ser eg på eitt klasserom, éin lærar, éin klasse - så eg kan ikkje konkludera for sikkert. Men eg finn jo i dette klasserommet at læraren leverer ut det som er veldig visuelle, grafiske representasjonar - som eit klimasonekart - som blir berre gitt ut til elevane. Ein kan her ana ei «ekspert-blindsone» eller ei fagleg forståing som denne læraren har - som nok undervurderer korleis det ser ut for ein elev. Ein elev som ikkje automatisk skjønar kvifor kartet er bygd opp akkurat slik, kva funksjon det har og kva det prøver å visa. Så eg avdekker at det er komplekst, men eg veit ikkje om eg med mine data kan konkludera med at det er slik generelt sett. Eg trur likevel det er eit poeng i at ein ikkje brukar så mykje tid på å analysera det visuelle, og meiner det er litt å henta der.

 

- På kva måte les ein kart og andre visuelle framstillingsmåtar annleis?

- Det kjem heilt an på kva tekst det er, der er jo heilt klart tekstovergripande faktorar her òg, som at det er viktig å tenka gjennom kva teksten vil seia, kva funksjon den har i det me held på med nå og så vidare. Men sjølve oppbygginga og grammatikken til teksten vil vera annleis, for det er ikkje nødvendigvis ord - eller berre ord – der. Til dømes i karteksempelet, som eg zoomar inn på særleg to elevar si lesing av i ein artikkel, er det læraren som tydeleggjer at der finst kodar på kartet, at dei må samanlesast med det visuelle i kartet og at dei må lenka det opp til poeng i oppgåva som læraren gav - og at poenget i den oppgåva er knytt til strekane, ikkje fargane, som elevane har tatt utgangspunkt i. Det er på eit vis det tekstspesifikke akkurat her, men der er jo òg nokre overordna element som er knytt til teksten sin funksjon, som handlar om det ein kallar affordans.

 

- Kva vil det seia?

- At nokre uttrykksmåtar er betre eigna enn andre uttrykksmåtar til visse føremål. Til dømes er ei tidslinje veldig god til å fortelja kva som skjedde før og etterpå. Medan eit kart kan vera veldig bra til å teikna opp noko som er romleg. Slik at ulike grafiske representasjonar er gode til ulike ting, og dét trur eg godt ein kan snakka eksplisitt om i klasserommet. Å velja rett verktøy til rett situasjon, så og seia. Det ser me når elevane skal skriva sjølv: der er ein fare for at visuelle representasjonar blir brukt litt som «pynt» - at dei tenker gjennom kva dei skal skriva først, og så gjerne «smasher» inn nokre kart eller statistikkar etterpå, utan at det har ein klar funksjon og utan at dei har tenkt gjennom at «eg vil ha eit kart og ikkje ein statistikk fordi det har ein affordans som eg treng i min tekst, til mitt formål.»

Hanne%203.jpg%20%28rw_largeArt_1201%29

- Læraren er ein veldig viktig ressurs i både elevane si avkoding og forståing av representasjonar som kart og statistikk, fortel stipendiaten.

 

- Korleis har du konkret gått fram i arbeidet?

- Eg har hatt to case-ar eller to observasjonsperiodar i eitt klasserom, på ein ungdomsskule. Då dei gjekk i åttande klasse var eg der i eit emne over ein lang periode, sju-åtte veker, som var knytt til geografi, som heitte «Samfunn versus natur.» Då gjekk eg inn og observerte, forsøksvis nøytralt, medan læraren planla og gjennomførte, eg hadde ikkje noka aktiv rolle utanom å vera til stades. Denne case-en blei til to artiklar. Den eine ser på heilskapen i læraren si planlegging og gjennomføring i eit emne, den andre zoomar inn på dei to første timane i emnet for å sjå meir detaljert på kva utfordringar elevar har med eit kart og eit klimadiagram. Eg tok så utgangspunkt i eit anna funn i same case, som er at læraren er veldig flink til å bruka mange og ulike ressursar i klasserommet. Men når elevane skriv, er det nesten berre verbalspråkleg. Difor sette me i gang case 2 - som var eit lite eksperiment - om kva elevane kan få til dersom me ber dei eksplisitt om å bruka grafiske representasjonar og at dei får støtte til det. I den artikkelen går me inn på prinsipp elevane tar i bruk når dei produserer slike tekstar.

 

- Kvifor ønska du å ta ein doktorgrad?

- Det er jo kjempespennande å få lov til å få sitja i mange år med eit emne og finna ut noko, å vri og venda og sjå mønster. Eigentleg er det ein luksussituasjon å få så stor ro til å gå i djupna på eit stort prosjekt. Ideen med det visuelle byrja med ei lita moduloppgåve på masterstudiet, der eg brukte augerørsle-laben. Den gongen såg eg korleis det visuelle blei kopla til det verbalspråklege, så det var på sett og vis ei interesse som byrja då.

 

- Kva er fengande med feltet du forskar på?

- At det er eit felt der det ikkje berre er å gå ut og testa ein hypotese. Elevane kjem med løysingar og retningar eg ikkje hadde tenkt på og sett føre meg - dei er med på å skapa sjølve prosjektet.

Hanne%204.jpg%20%28rw_largeArt_1201%29

- Studien har stor overføringsverdi til samfunnet generelt og livet utanfor. Med ei ny, digital medieverd blir gjerne nyhendessaker representert med grafikk og liknande, og me har òg mange andre visuelle element i kvardagen, seier Hanne Egenæs Staurseth.

 

- Kva overraskande eller uventa vendingar har arbeidet tatt undervegs?

- Åh, mange! Til dømes skriveeksperimentet, som var tenkt mykje meir ambisiøst. Eg hadde planar om å gjera eit mykje større emne, der ein sette dei ulike samfunnsfaga opp mot kvarandre og liknande. Men så skal jo skulen ha tid til at ein skal komma òg, og det blei forskyvd i årshjulet deira. Difor blei prosjektet komprimert og mykje enklare enn planane eg la. Noko som er ei viktig erfaring, for slik har lærarar det heile tida. Dei legg mange planar, og så forsvinn timar til den kulturelle skulesekken eller fotballturnering eller eitt eller anna, eller så har ein brukt for lang tid på førre emne … Så handlar det om å finna løysingar på ein praktisk, men like fullt fagleg, måte.

 

- Kva håpar du kan koma ut av forskinga di?

- Eg håpar det kan synleggjera kompleksiteten som ligg i tilsynelatande enkle visuelle tekstar, at dei har ein fagleg funksjon og ei oppbygging som ein ikkje berre kan ta for gitt at blir forstått av elevar. I tillegg kanskje visa fram kompleksiteten i lærarjobben; dei har veldig mange dilemma dei skal navigera gjennom skulen. Det er ikkje ei ideell verd, og ein må ta mange ulike val og har mykje ein må ta omsyn til, der tekstar utgjer eitt av desse.

 

- Korleis er det å ta ei doktorgradsavhandling ved Lesesenteret?

- Det er ein kjekk og fargerik plass. Mange rause folk, med mykje humor, folk som er flinke til å imøtekomma ønske ein har, kanskje har dét noko å gjera med lærarmentaliteten? Så ein kjekk plass å jobba, med mykje faglegheit.

 

- Kva planar eller ønske har du for framtida?

- Det aller mest presserande nå er jo å bli ferdig innan mai. Viss det «finst eit liv» etter det, hadde det vore kjempespennande å gjort noko med elevar sin refleksjon om denne affordansen – at ulike tekstar har ulike funksjonar – gjerne lenka til den nye læreplanen, med kjernelement og tverrfaglegheit – og sett på det å navigera mellom dei ulike samfunnsfaga. Eg har jo nokre tankar som har gått ut av det nåverande prosjektet, fordi det må vera spissa. Så det hadde vore spennande å gått vidare med nokre av desse tankane og ideane.

 

Tekst: Leif Tore Sædberg, kommunikasjonsrådgjevar, Lesesenteret

Video/redigering: Trond Egil Toft, kommunikasjonsrådgjevar, Lesesenteret

 

Les meir: 

Hanne Egenæs Staurseth. Geoliteracy i ungdomsskolen: Hvordan legger en ungdomsskolelærer til rette for lesing av grafiske representasjoner i geografi? Nordic Journal of Literacy Research, Vol. 4, 2018, pp. 81–102.

Staurseth, H. E., & Håland, A. (2018). Ninth?Grade Students’ Use of Graphical Representations in Social Studies Writing. Journal of Adolescent & Adult Literacy

 

Les òg:

Korleis arbeider lærarar med fagtekster i undervising for fleirspråklege elevar? Å lesa «akademisk» er ikkje berre noko studentar gjer - allereie på barnetrinnet må elevar lesa fagtekstar med eit akademisk språk. Stipendiat Hege Rangnes forskar på korleis lærarar arbeider med fagtekstar i samfunnsfag på mellomtrinnet – med eit særleg blikk på undervising for fleirspråklege elevar.

Litteraturfagets plass i skolen Noen mener at litteraturarbeidet i skolens norskfag er og bør være noe helt annet enn i høyere utdanning og akademia. Men Aslaug Fodstad Gourvennecs ph.d.-arbeid viser at skoleelever må få jobbe med litteratur på en måte som tilhører faget.

Le@rning by blogging Arne Olav Nygards doktorgradsavhandling viser at skulen kan gi viktige tilskot til læring gjennom systematisk bruk av digitale hjelpemiddel. Sjølv meiner han at forskarar bør blogga meir.

 

Les alle stipendiat-intervjua!