MENY

DigUP

I samarbeid med lærarar skal Jærskulen og Lesesenteret utvikle ein didaktisk digital undervisningsplanleggar.

Målet med DigUP er å utvikle eit forskingsbasert, nettbasert og gratis tilgjengeleg planleggingsverktøy for lærarar. Dette verktøyet vil gjere det mogleg for læraren å dele og samarbeide om planlegging, og skal sikre god samanheng mellom mål for undervisninga, innhald, arbeidsmåtar og vurdering. Slik vil verktøyet også bidra til å utvikle planleggingskompetansen til lærarane.

DigUP er finansiert av Noregs forskingsråd. Prosjektet eiges av Time kommune og vil gjennomførast i samarbeid med Jærskulen og Lesesenteret, Universitetet i Stavanger.

Les meir.