DigiHand

DigiHand undersøker kva nettbrett har å seie for elevane sine skriveferdigheiter. Prosjektetet er eit samarbeid mellom Høgskulen i Volda og Lesesenteret

Forskingsprosjektet DigiHand svarar på behovet for meir kunnskap om digitalisering i barneskulen. Prosjektet skal undersøke korleis håndskrifta utvikler seg hos elevar som får opplæring i håndskrift sammenlikna med elevar som skriv på tastatur i første klasse. Ti klassar er med i studien, og forskarane skal følgje dei frå begynnelsen i første til ut andre klasse. 

Forskarane vil bruke logging av håndskrift for å fange opp korleis elevane utviklar seg. Dei ønsker også å finne ut kva for undervisningspraksisar som kjenneteiknar dei to settingane. 

DigiHand er finansiert av Noregs Forskingsråds program FINNUT, og er eit samarbeidsprosjekt mellom Høgskulen i Volda og Lesesenteret. Prosjektet starta opp i januar 2018 og vil gå over tre og eit halvt år. Fleire tilsette frå grunnskulelærarutdanninga ved Høgskulen i Volda og Lesesenteret/UiS vil vere medforskarar i prosjektet.

Prosjektleiar: Førsteamanuensis Wenke Mork Rogne, HiV

Forskingsleiar: Førsteamanuensis Siv Måseidvåg Gamlem, HiV

Prosjektperiode: 2018 - 2020.