MENY

Eventyrforfattarar på 8. trinn

Det var ein gong ein lærar som skulle undervisa om eventyr. Elevane skulle læra om eventyrsjangeren, og oppdraget dei skulle løysa på reisa, var å skriva sitt eige eventyr. Av Marta Fauskanger Ekberg

Det var ein gong …

Eit barn vert tidleg introdusert for eventyrsjangeren gjennom forteljing, opplesing og dramatisering. Det skjer både i heim, barnehage, skule og ikkje minst gjennom media. Det er gruspennande med trollet, skummelt med ulven, og alle gler seg over at Oskeladden og kongsdottera får kvarandre til slutt.  Dei fleste elevane våre kjenner til ulike eventyr, og i samtale kan dei truleg fortelja noko om kva som gjer at ein tekst er eit eventyr. Rundt om i heile verda har ulike kulturar sine eventyr, og i eit multikulturelt klasserom kan dette vera eit felles møtepunkt for elevane. Denne gongen ynskte eg særleg å arbeida med skriveprosessen, og å gi elevane mine både skriveglede og skrivemeistring. Eventyr er ein god start og eit godt utgangspunkt for dette. Opplegget gjekk over fleire norsktimar, og det innebar lesing av fleire eventyr, før deira eiga skriving starta .

Undervisningsplanlegging

Undervisningsopplegget er designa med utgangspunkt i verktøyet Leseplanleggeren  frå Lesesenteret. I boka «God leseplanlegging» [1] skriv  forfattarane  om «Heilskapleg  undervisningsplanlegging». Dette kan kort omtalast i tre steg:

1. Kva skal elevane læra?          

2. Korleis skal elevane få  vist kva dei har lært  

3. Korleis vil du som lærar planleggja undervisninga slik at elevane lærer?

Henning Fjørtoft skriv  i boka «Effektiv planlegging og vurdering» [2] om korleis planlegging og vurdering heng saman med elevane si faglege forståing. Sølvi Mausethagen skriv også om dette temaet i boka «Læreren i endring» [3]. Didaktiske kunnskapar og dugleikar i å planleggja, gjennomføra og vurdera opplæring, er sentral profesjonskunnskap for lærarane.  Innhaldet i det som vert formidla, skal gi meining og læringsutbyte til elevane.

Mål

Kunnskapsløftet har gitt kva kompetansemål og grunnleggjande dugleikar vi skal arbeida med i skulen. Kva kunnskap, forståing og ferdigheit ynskjer vi at elevane skal få gjennom dette undervisningsopplegget? Målet for lesinga  er konkrete kompetansemål. Elevane skal både lytta til eventyr og finna relevant informasjon. Dei skal også samtala om form, innhald og formål med litteraturen. Innan skriftleg kommunikasjon skal dei skriva tekstar etter mønster av eksempeltekstar. Då er vi allereie over på neste punkt i leserettleiaren, nemleg vurdering.

Vurdering

Det er alltid kjekt å starta med blanke ark, og i år har eg fått ein ny 8. klasse i norsk.  Eg ynskjer at elevane mine skal bli glade i å skriva.  Inspirasjon, modelltekstar og god rettleiing kan vera nokre knaggar her. Ei skriveoppgåve i ein sjanger dei har god kunnskap om, kan gi skriveglede og skrivemeistring. Dette opplegget  munna ut i at  elevane skulle skriva eit eventyr. Sidan elevane no går på ungdomsskulen, vart det til slutt vurdering med karakter.

Før lesing – tenkeskriving

I førlesefasen førebur vi oss på teksten vi skal lesa. Som ein startar fekk elevane sjå ein kortfilm om «Eventyret om pannekaka»[4]. Neste punkt var tenkeskriving. Elevane skreiv ned kva dei hugsa om eventyr, før vi saman laga eit tankekart på tavla.  Dei kunne mykje, og elevane var ivrige og deltok i klassesamtalen. Det var troll og prinsesser, Oskeladden og Asbjørnsen og Moe. Etterpå hadde eg ein kort presentasjon om eventyr, og vi snakka om sjangerkjenneteikn, og kva er det som gjer at ein tekst kan kallast eit eventyr.

Under lesing                                                                             

Vi las eventyret «Kongsdottera som ingen kunne målbinde». Elevane hadde teksten i leseboka si, og lærar las eventyret høgt. Det sikrar at alle elevane har lik tilgang til teksten. Oskeladden fann sju ulike gjenstandar som han til slutt brukte for å målbinda prinsessa. Kva er ei vidjespenning? Dette er vanskelege ord og omgrep som ikkje er daglegtale i verken elevane, eller læraren sitt vokabular. Vi hadde difor innlagt lesestopp med ordforklaringar og bilete på smartboard.                                                                                                                                                   

Undervegs – skriving i kolonnenotat

I neste norsktime las vi høgt «Prinsessa på erten», slik at elevane fekk eit døme på eit kunsteventyr. Elevane arbeidde så med kolonnenotat der dei noterte eventyrtrekk, før dei fekk presentert eit gruppearbeid. Det var 3 – 4 elevar på kvar gruppe, som hadde kvart sitt eventyr dei las og fann sjangertrekk til. Det dei kom fram til, fortalde gruppa til resten av klassen. Slik fekk elevane kjennskap til fleire eventyr, og dei oppdaga at mange av dei same trekka gjekk igjen. Alle hadde noko å bidra med i si gruppe, og eg observerte at alle elevane fekk oppleva meistring. Eventyra hadde eg funne i http://folkeeventyr.no  som elevane kunne henta på nettet. Her var døme på både dyreeventyr, skjemteeventyr og eigentlege eventyr.

Å skriva kunsteventyr

Og endeleg skulle eventyrskrivinga ta til. Elevane fekk som oppgåve å skriva sitt eige eventyr. Det kunne vera eit eventyr med handling henta frå vår eiga tid, men med eventyret sine sjangertrekk. Mange elevar treng ein modelltekst for skrivinga si. Etter å ha arbeidd med fleire eventyr, hadde dei det.

I boka «Gode skrivestrategier» [5] vert det vist til gode strategiar i skrivefasen. På same måten som vi deler lesinga inn i ulike lesefasar, er det også føremålstenleg å gjera det med skriveprosessen.  Alt lesearbeidet vi har drive med under arbeidet med eventyr, var ei førebuing til å skriva sitt eige eventyr. Tekstane vi har arbeidd med er også modelltekstar som kan vera eit utgangspunkt for skrivinga til elevane. Eg laga også ei skriveramme som ei hjelp til å skriva sin eigen tekst. Dei vart oppmoda til å laga tankekart og ein enkel disposisjon før skrivinga tok til. Elevane fekk og utdelt faktaark og  vurderingskriterium som hjelp i skrivearbeidet.

Skrivefasen

Elevane var ivrige då eventyrskrivinga tok til. Det vart jammen travelt å springa rundt i klasserommet. Elevane ville gjerne diskutera vala dei tok med læraren sin, og dei ville at eg skulle lesa og gi gode råd. «Kan eg gjera det slik?», «Trur du dette går»?  Det var verkeleg gøy å vera lærar. I klasserommet såg eg ivrige elevar bøygd over datamaskina, og alle SKREIV.

Responsgrupper                                       

Då førsteutkastet var klart,  gjekk elevane i responsgrupper for å gi kvarandre tilbakemeldingar og gode råd til vidare skriving. Det var første gongen elevane gjorde dette, og alt nytt skal lærast. I gruppa las kvar elev opp eventyret sitt, og dei gav kvarandre respons med utgangspunkt i to stjerner og eit ynskje. Dei fann to punkt som var bra med eventyret, og eit punkt som kunne forbetrast.

Elevane hadde skriveramma og arket med vurderingskriterium[6]  som hjelp i tilbakemeldinga. Etter samlinga i responsgruppa, skulle elevane fullføra eventyret. Nokon klarte å bli ferdige på skulen, medan andre skreiv ferdig heime. Førsteutkastet vart levert til lærar for ny respons. Då gav eg kommentarar på det som var bra, og det som må arbeidast meir med. Eg kommenterte m.a. oppbygging, sjangerkjenneteikn, innhald og rettskriving. Til slutt fekk elevane ei skriveøkt på skulen, der dei med utgangspunkt i tilbakemeldinga skulle sluttføra eventyret sitt. Så vart det levert inn til lærar for endeleg vurdering med karakter.

Snipp, snapp, snute ...     

Og korleis gjekk det til slutt? Som Oskeladden hadde også elevane ei oppgåve å fullføra, men dei fekk ikkje halve kongeriket. Det dei derimot fekk, var gleda over å kunna skapa ein tekst. Dei fleste elevane opplevde tilbakemeldinga frå lærar som nyttig, og dei kunne levera inn eit meir gjennomarbeidd eventyr. Her såg eg at elevane trong trening for å nyttiggjera seg responsen, og at dette må arbeidast vidare med i undervisninga. Nokon knyta seg for sterkt til modelleventyret, og det vart ikkje heilt deira eige. Mange opplevde skriveglede og meistring. Dilemmaet er at då  den endelege vurderinga kom, var det sluttkarakteren som stod i fokus for elevane. Då vart nok nokon litt skuffa, medan andre såg ut til å vera godt nøgde.

Elevane er framleis på veg, og dei skal skriva fleire tekstar i fleire sjangrar på ungdomsskulen. Som skrivelærarar må vi rettleia og gi gode tips der dei einskilde er i skriveprosessen sin. Slik kan dei oppleva meistring  og skriveglede.  Og: Snipp snapp snute, skriveeventyret er enno ikkje ute.

Foto: Barnas store eventyrbok, Samlaget, 2015, digitaltmuseum.no, Stord folkebibliotek

[1] Fuglestad, U., Hoem, F.T. & Håland, A. (2017). God leseplanlegging. Oslo: Cappelen Damm akademisk.

[2] Fjørtoft, H.(2017). Effektiv planlegging og vurdering (2. utg.). Bergen: Fagbokforlaget.

[3] Mausethagen, S. (2017). læreren i endring? Oslo: Universitetsforlaget.

[5] Kvithyld, T., Kringstad, T. & Melby, G. (2014). Gode skrivestrategier – på mellomtrinnet og ungdomstrinnet. Oslo: Cappelen Damm akademisk.