MENY

Ein kreativ veg til kunnskap – 1. klasse skriv haustdikt

Årstida haust er tema i 1. klasse. I dette undervisningsopplegget i norsk viser eg korleis forkunnskapar i kombinasjon med felles samtale og skriving, kan vekkja både skriveglede og byggja kunnskap om årstida me er inne i. Av Kari Frendem Folgerø

I år er eg timelærar på 1. trinn. Alle elevane på trinnet har vorte kartlagde med bokstavprøven. Nokre få elevar kan allereie bokstavane, ein del kjenner til nokre av bokstavane, medan andre kjenner berre sin eigen bokstav. Heilt normale førsteklassingar med andre ord. Det er difor med ei viss spenning eg introduserer elevane for sjangerskriving i norskfaget berre nokre veker ut i skuleåret. Hausten har gjeve seg til kjenne og har vore samtaleemne i samlingane.

Det er stor variasjon i elevdeltakinga. Der nokre snakkar på innpust og utpust, er det andre som ikkje deltek. Det kan vera ulike årsakar til at elevane ikkje deltek i fellessamtalen. Nokre opplever det som vanskeleg å setja ord på det dei veit om hausten, medan andre elevar vegrar seg mot å ta ordet i heil klasse. I gruppa er det også fleire elevar med fleirspråkleg bakgrunn, og nokre av desse har ikkje opplevd haust i Noreg tidlegare.

Undervisningsopplegget er planlagd med utgangspunkt i Leseplanleggjaren, utarbeidd av Lesesenteret i Stavanger. Leseplanleggjaren kan brukast til å planleggja lesing av tekstar, basert på metoden «baklengs planlegging». Prinsippa i metoden er at lærar må ha innsikt i kva slags kunnskapar, dugleikar og forståing elevane skal ha etter undervisninga, før sjølve undervisningsøkta vert planlagd. Lærar må også ha klart føre seg korleis elevane skal synleggjera kva dei har lært. Først når forventa læring og vurdering er tenkt gjennom og grunngjeve i kompetansemål for faget, vert læringsaktivitetane planlagde. Gjennom å jobba etter prinsippa for baklengs planlegging trer lærar inn i rolla som ein vurderar og ikkje ein aktivitetsdesignar2

I læreplanen for norsk står det at elevane skal arbeida kreativt med teikning og skriving knytt til lesing, og at dei skal skriva eigne tekstar etter mønster av enkle modelltekstar. Eg ønskjer at elevane gjennom ei skriveoppgåve skal få setja ord på sine assosiasjonar rund emnet haust. Gjennom felles aktivitetar skal dei bygga kunnskap, som dei i etterkant skal visa fram gjennom å skriva og illustrera dikt som handlar om haust.

Me deler erfaringar

Før lesing er det sentralt å skapa engasjement for tekstane. Dette handlar om å vera motivert, kjenna til føremålet, verta utfordra og kjenna at lesinga har relevans[1]. Elevane har gått fleire turar saman i det flotte og tidvis våte haustveret, og etterpå har me snakka om korleis naturen endrar seg. Det å vera ute og bruka sansane aktivt er eit godt utgangspunkt for idémyldringa før skriveprosessen. Elevane fortel om blada som skiftar farge, før dei fell ned.

«Der eg bur vert blada raude og gule», seier ei jenta.

«Der eg bur vert blada rosa og blå», seier ei anna.

Slike utsegner opnar opp for samtalar om kva som eigentleg skjer. Kan blada verta rosa og blå, eller er det andre fargar som dominerer om hausten?

Elevane snakkar om temperaturen som fell og om vind, regn og søledammar dei kan hoppa i. Den siste tida har det og vore mykje torever på Vestlandet, og lyn og tore vert også drege fram som haustteikn. På denne måten kombinerer me det elevane veit om hausten frå før med dei erfaringane dei har gjort seg på fellesturane, og me byggjer opp ein kunnskapsbase om årstida.

Å la seg inspirera

Ein regntung onsdag i september kjem dagen der me skal skriva dikt. For å setja stemninga vert elevane vert møtt med musikk når dei kjem inn i klasserommet. I musikkvideoen «Vi elsker høsten» får dei sjå mange flotte haustmotiv. Etter å ha høyrt songen repeterer me haustteikna. Sidan me har snakka om dette tidlegare, har eg med meg bilete av det eg reknar med elevane kjem til å nemna. Etter kvart som dei viser til haustteikn heng eg opp bilete og skriv ordet attmed. Slik vert haustteikna synlege gjennom både bilete og ord. Dette er særleg viktig for dei elevane som opplever haust i Norge for første gong. Dei får eit bilete dei kan knytta opp mot det nye ordet.

Når elevane skal lesa må ein støtta opp om lesinga slik at dei forstår det dei les. Sidan dette er 1. klassingar les eg høgt for dei. Me startar med diktet «Høst» av Arild Nyquist og saman undrar me oss over innhaldet. Kven er du gule mannen? Kva gjer han med lauvet og himmelen? Kva har dette med haust å gjera? Å samtala om teksten kan sjåast på som ei form for stillasbygging i elevane sitt arbeid med å forstå teksten[2]. Me les også andre dikt som handlar om haust. Elevane får sjå at i nokre er det brukt symbolikk, i andre finn me rimord. Vidare skriv me dikt saman, med utgangspunkt i modellteksten elevane skal få når dei skal skriva sjølve. Modelltekstar er ein måte å gje elevane eit heilskapleg bilete av teksten og viser korleis han kan byggast opp. Dette er særleg viktig hos desse urøynde skrivarane. Dei er ikkje i stand til å planleggja ein tekst og treng stillasar rundt skrivinga si[3].

Urøynde skrivarar vert små poetar

«Men lerar, eg kan jo ikkje skriva!».

Dette sa ein av gutane i klassen før skriveprosessen starta. Anne Håland peikar på kor viktig det er at elevane får skriva og bruka skrifta i meiningsfulle samanhengar, allereie frå skulestart av. Forsking viser at mange elevar kan fleire bokstavar før dei startar på skulen, og den tidlege skrivinga kan vera ein veg inn i lesinga[4]. Med lovnad om hjelp kasta likevel denne eleven seg ut i skrivearbeidet. Elevane fekk velja mellom tomme linjerte ark eller denne skriveramma:

Når du seier haust
Tenker eg ___________
Tenker eg ___________
Tenker eg ___________
Tenker eg ___________

Mange opplevde skriveramma som ei god støtte, og berre ein elev valde å skriva utan. Elevane trengte ulik grad av støtte. Nokre har allereie oppdaga koplinga mellom lyd og bokstav, og skreiv orda dei trengte utan hjelp. Andre brukte ekspertorda på tavla som strategi og jobba sjølvstendig med støtte i desse. Ein del av elevane hadde behov for sekretærhjelp og fekk «jukselappar» der me vaksne skreiv opp orda dei ville ha med i diktet sitt. Før dikta vart hengde opp i klasserommet fekk elevane velja om dei ville lesa opp diktet sitt for klassen. Dei fleste ønskja at lærar skulle lesa diktet høgt. Same gut som før skrivinga sa at han ikkje kunne skriva, uttale etter lesinga av sitt dikt:  «Vart ikkje diktet mitt fint?».

Lærte elevane noko?

Målet med undervisningsopplegget var at elevane skulle skriva dikt der dei sette ord på sine assosiasjonar rundt årstida haust. Alle elevane klarte å velja ut orda dei ville ha med sjølv og fekk dermed eit eigarforhold til sitt dikt. Alle valde ord som handla om haust og fekk dermed visa lærar og medelevar kva dei knytta til årstida. Dei gjorde seg erfaringar med at det munnlege språket kan setjast om til skrift, og at det skriftlege språket formidla bodskapen deira[5]. Trass i store forskjellar mellom elevane laga dei i dag, med støtte i modellteksten, nokså like produkt.

Dersom noko skulle vore gjort annleis, ville eg delt elevane opp i mindre grupper. Dette opplegget kunne med fordel vore gjennomført på stasjonar, med ein lærarstyrt stasjon. Mange av elevane trengte tett oppfølging, og det vart knapt med tid til å rettleia elevane i skriveprosessen. Eg hadde venta at fleire ville skriva sjølv, eller skriva med barneskrift. Det kan henda modelldiktet og orda på tavla førte til at elevane trudde eg forventa «skikkeleg» skriving, og mange ønskte sekretærhjelp. Det kan henda at elevane med tettare oppfølging hadde kasta seg meir ut i skrivinga på eiga hand, og akseptert at dei kan skriva det dei høyrer, med dei bokstavane dei kjenner til8.  


[1] Fuglestad U., Hoem F. T., og Håland, A. (2017): God leseplanlegging. Oslo: Cappelen Damm.

[2] Fuglestad U., Hoem F. T., og Håland, A. (2017): God leseplanlegging. Oslo: Cappelen Damm.

 

[3] https://sprakloyper.uis.no/article.php?articleID=101718&categoryID=17610

[4] https://forskning.no/blogg/sprakloyper/skriv

[5] Korsgaard K., Hannibal S. & Vitger, M. (2017): Oppdagende skriving – en vei inn i lesingen. Cappelen Damm AS.

høstdikt